Sauheradvegen (Midt-Telemark og Notodden)

Sauheradvegen går nordover frå Nyhussvingen i krysset med Nesoddvegen ved Gvarv i Midt-Telemark kommune til Hjuksebø i Notodden kommune der vegen går over i Tinnegrendvegen. Han er om lag 20,1 kilometer lang og utgjer ein stor del av riksveg 360 og har to bruer: den 218 meter lange Nautesund bru som kryssar nordenden av Bråfjorden og den 60 meter lange Hjukse nye bru over Hjukseelva på Hjuksebø. Nautesund bru blei opna 1. oktober 1986.

Sauheradvegen på Hjuksebø sett nordover.
Foto: Roy Olsen (2019).

Vegen har namn etter Sauherad kommune og blei namnsett i 1999.

Etter grensejusteringa 1. januar 2020, da Hjuksebø gjekk over til Notodden kommune, blei kring 5,1 kilometer av Sauheradvegen liggjande i Notodden.

Tidlegare hadde Notodden også ein Sauheradvegen som blei namnsett i 1935. Han blei slått saman med Tinnegrendvegen i 2019.

Kjelder


Koordinater: 59.38418° N 9.20553° Ø