Sengebu

.

Sengebu frå Ytre Sæle i Gaular, no på Norsk Folkemuseum. Frå kring 1650–1700.
Foto: Chris Nyborg (2008).
Sengebu frå Heimbære i Raundal, no på Norsk Folkemuseum. Frå kring 1650–1700.
Foto: Chris Nyborg (2008).

.

Sengebu frå Holt i Stordal, no på Romsdalsmuseet. Reist mellom 1588 og 1616.
Foto: Olve Utne (2008).

Sengebu er ein hustype kjend frå Vestlandet og Vest-Agder. Typen kom i mellomalderen, men vart særleg vanleg på 1600- og 1700-talet. På større garder vart sengebua nytta som gjestestove. Etter kvart vart det vanleg å nytte bua som lagerhus for klede, som i eit bur eller loftAustlandet. Gjestesengene vart ståande, og om ein hadde plass var det òg vanleg med sommersenger for gardsfolket.

Både i form og funksjon er det liten skilnad mellom ei sengebu og eit bur/loft.

Litteratur og kjelder