Sigmund Brænne

Sigmund Brænne (født 25. april 1883 i Trondheim, død 1957) var ein arkitekt som virka i Oslo i perioden 1912-1940. Fra 1940 hadde han eige arkitektkontor i Bodø.

Arkitekt Sigmund Brænne.
Foto: Faksimile fra Dancke: Norske arkitekter før 1914. (2000).

Han var utdanna ved Trondhjems Tekniske Læreanstalt i 1905. Hans kjende arbeid i Bodø er Breivikvegen 6, Maritplassen, arkitektens eige hus frå 1945, og Grand Hotell, der han tegna utviding og modernisering i 1937.

Av arbeid utanom gjenreisingsbyane kan nemnast Hakavik kraftverk i Øvre Eiker frå 1922 og Stamsund kirke frå 1937.

Brænne var gift med Bodil Winge Brænne (1889-1984) frå Århus i Danmark. Ved folketeljinga 1910 budde dei saman i Ole Vigs gate 23 i Kristiania. Dottera Randi Brænne (1911-2004) var skodespelar og gift med kollega Frank Robert (1918-2007).

Galleri

Kilder og lenker


  Denne artikkelen om en arkitekt er del av prosjektet «Gjenreisningsarkitektane» fra Nasjonalt Senter for Gjenreisingsarkitektur. Du kan gjerne bidra med flere biografier! Flere artikler finner du i Kategori:Arkitekter.