Stina Andersen (1918–1944)
Stina Andersen (fødd 29. januar 1918 i Bergen, død 20. april 1944 same stad) var hushjelp i Bergen. Ho vart eit av ofra for eksplosjonen på Vågen i april 1944, då eit skip lasta med eksplosiver gjekk i lufta ved kaia.
Ho var dotter av sjømann Ole Johan Anderssøn Tysnes og husmor Andrea Eliasdotter Tysnes. Ho vart fødd i Bergen, men som toåring finn vi ho i folketeljinga 1920 på bruket Furunes i Tysnes kommune. Ho vart konfirmert i Tysnes i 1932.
I 1943 flytta ho til Bergen for å stelle for to eldre personar. Den 20. april 1944 ser det ut til at ho var utandørs då eksplosjonen inntraff. Ho vart funnen omkomen ved Dreggsallmenningen 10. I dødsannonsen står det at ho «gikk plutselig heim til Jesus».[1]
Ho vart gravlagt frå Tysnes kyrkje den 29. april 1944. Saman med tre sambygdingar er ho minna på ei plate i våpenhuset i Tysnes kyrkje.
Referanser
- ↑ Bergens tidende 1944.04.24. 19440424. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Kjelder og litteratur
- Stina Andersen i Historisk befolkningsregister.
- Nielsen, Mona. -Bestefar trodde det var dommedag- : eksplosjonsulykken i Bergen 20. april 1944 : historikk og nye beretninger. Utg. Bergen byarkiv. Bergen. 2004. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Ritland, Kåre N.. Merket skal standa om mannen han stupa : krigsminnesmerker i Hordaland. Utg. Natur og opplevelsesforl.. Straumsgrend. 1995. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Tysnesingar i krigsår : 1939-1946. Utg. Kapabel. Bergen. 2020. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Våre falne : 1939-1945, Grøndahl, Oslo 1949, bd. 1 Digital versjon på Nettbiblioteket.