Torstein Veflen (1862–1884)
Torstein Veflen (fødd 22. oktober 1862 i Vang i Valdres, død 10. august 1884 same stad) var eldsteson på garden Nørre Vøvle (Veflen) i Vang. Han drukna i elva ved garden. I kyrkjeboka står det at han «Faldt i Elven og druknede», og presten presiserer at det var eit uhell: «NB! Ulykkelig Hendelse».
Veflen var son av Jon Torsteinsson (1837-1934) og Berit Erlendsdotter Veflen (1840-1931). Dei hadde sju born, og forutan Torstein, som altså døydde ung, vart berre to av dei buande i Vang. To av ungane reiste til Amerika, yngstedottera flytta til nabobygda Vestre Slidre, medan den millomste dottera, Berit, vart jordmor og gift med gardbrukar Hans H. Rogstad i Gjerdrum på Romerike.
Kjelder og litteratur
- Torsten Johnsen i folketelling 1865 for Vang prestegjeld fra Digitalarkivet.
- Frøholm, Anders: Valdres Bygdebok I Del C : Gardar og slekter i Vang. Høre sokn, Valdres Bygdeboks forlag 1991. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 212.
- Ministerialbok for Høre (Hurum) sokn, 1882-1914.
Eksterne lenker
|