Torstveitvegen (Bø i Telemark)
Torstveitvegen i Breisås bustadområde i Bø i Midt-Telemark kommune går i boge aust og nordover frå Flitavegen i krysset med Kåsinvegen, og endar blindt ved nr. 85. Han er om lag 900 meter lang.
Vegen har namn etter garden Torstveit og blei namnsett i 1975. Namnet uttalast «Tosstvettvegen».
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no