Toskgansbåt

Ein toskgansbåt eller torskegarnsbåt er ein open, spissgatta ro- og seglbåt av nordanfjells type. Båten, som har frå seks til åtte rom og oftast seks par årar (på Nordmøre unntaksvis åtte), vart tradisjonelt mest bruka til garnfiske etter torsk på fiskebankane utanfor Møre og Romsdal, Trøndelag og Nord-Norge. Som lokal term er ordet særleg bruka i samband med geitbåtar og åfjordsbåtar, men det blir òg bruka i nokon grad om nordlandsbåtar — og da i utgangspunktet om ei undergruppe av fembøringane.

Toskgansbåten til Jøsten Meek ved Raudegga ved Averøya i 1904.

Kjelder og lenkjer