Uvdalvegen

Uvdalvegen i i Midt-Telemark kommune går vestover frå Lundevegen på Tjønnås og ender ved dei to Tveitengardane. Han er om lag 7 kilometer lang. I byrjinga går vegen gjennom jordbrukslandskap og passerer mange små og store gardar og ein del bustadhus, men etter kvart blir det skog og audemark fram til Uvdal.

Uvdalvegen sett vestover ved Hegna.
Foto: Roy Olsen (2016).
Uvdalvegen ved Uvdal gard.
Foto: Roy Olsen (2016).

Frå enden av Uvdalsvegen, ved Tveiten, går ein skogsveg med bom vidare innover i Uvdalsheia til Sandstultjønna, Svarttjønn og Sandstul. Her møter han og Sandstulvegen.

Vegen har namn etter storgarden Uvdal og blei offisielt namnsett i 1988

Laurdag 23. juli 2016 braut det ut brann etter lynnedslag på Uvdal. Låven, dei to stabbura og eit bustadhus i sveitserstil blei flammanes rov, mens hovudhuset blei redda. Det eine stabburet som gjekk tapt blei bygd før Svartedauden. Det var tidfesta av Riksantikvaren til år 1325 og var freda. Det andre var frå før 1858. Den 70 meter lange låven skal ha vore ein av de største av sitt slag i Telemark.

Kjelder


Koordinater: 59.38264° N 9.04123° Ø