Vårbuåsen (veg i Bø i Telemark)
Vårbuåsen er eit område og ein veg under Vårbulia på sørsida av Lifjell i Bø i Midt-Telemark kommune. Vegen går vestover frå Lifjellvegen i «Vårbusvingen» og ender i Vårbuåsen hyttefelt, 490 moh. Han er om lag 255 meter lang og stengd med bom. Her ligg også Nybu-stulen, og heile området høyrer til garden Øverli østre (gnr. 18/9).
Vegen har namn etter lokaliteten og blei namnsett i 2015,
Kjelder
- Bø kommune, Plan, teknikk og næring, Sak nr. 102/13, 3. desember 2013.
- Kartverket: Norgeskart