Vanylven kommune
Vanylven kommune ligg på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar til Sande og Herøy kommune i nord, Volda i aust, Kinn i sør og Stad i sør og sørvest. Administrasjonssenteret er Fiskå.
Vanylven kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1511 |
Fylke | Møre og Romsdal |
Kommunesenter | Fiskå |
Areal | 385.15 km² |
Areal land | 365.56 km² |
Areal vann | 19.59 km² |
Folketall | 3 013 (2023) |
Grunnlagt | 1838 |
Sammenslåing(er) | 2002: Åram overført frå Sande |
Målform | Nynorsk |
Nettside | Nettside |
I 1964 vart den opphavlege Vanylven kommune samanslegen med Syvde og fastlandsdelen av Rovde. Dei noverande grensane vart fastsette i 2002, då Åram krins vart overført frå Sande.
Jordbruket står sterkt i kommunen, ofte drive i små einingar i kombinasjon med andre næringsvegar. I industrien er olivinutvinning viktig, med foretaket Olivin A/S og utskipingshamn ved Åheim. Det er òg ein del annan industri i kommunen.
Kjelder
- Vanylven kommune på Wikipedia på nynorsk
- Vanylven i Store norske leksikon
|