Viktoria pensjonat

Viktoria pensjonat låg i Nedre Hjellegate 17 i Skien. Pensjonatet blei starta i 1937 og var i drift til ei gong på 1980-talet.

Annonse for Viktoria pensjonat
Foto: Telemark Arbeiderblad, 10. mars 1936. Nasjonalbiblioteket.

Pensjonatet låg fint til like i nærleiken av brygga til Skien-Telemark Dampskipsselskap, og båttrafikken var grunnlaget for å drive pensjonat på staden. I 1946 blei pensjonatet utvida og pussa opp. Då vart det 12 gjesteværelser, 21 senger, 3 klosett og 1 dusj i pensjonatet. Eilev Aasen var innehavar ved pensjonatet, og dreiv det saman med kona Gudny Aasen.[1]

Referansar

  1. Sætherskar, 1949, s. 703.

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det norske næringsliv 4: Telemark fylkesleksikon, Bergen, 1949. Lenke til digital utgåve på Nasjonalbiblioteket.