Vreimsida (veg i Bø i Telemark)
Vreimsida i Bø i Midt-Telemark kommune går vestover frå krysset med Oterholtvegen og Livegen og følgjer Bøelva på nordsida til Seljordvegen ved Sandabrua i Øvre Bø. Han er om lag 9,4 kilometer lang, er ein delstrekning av fylkesveg 3334 (tidlegare fv. 155) og går gjennom jordbrukslandskap med mange gardar.
![](/thumb.php?f=B%C3%B8%2C_Vreimsida-1.jpg&width=400)
Vreimsida sett østover ved Erikstein.
Foto: Roy Olsen (2016).
Vegen har namn etter staden og blei namnsett i 1991.
- Nr. 375: Tidlegare Vreim skule.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no
- Formannskapets møteprotokoll 15. januar 1991, sak nr. 4.