Eltarvåg (Sandnes gnr. 98)
| Eltarvåg | |
|---|---|
| Stad: | Riska |
| Fylke: | Rogaland |
| Kommune: | Sandnes |
| Gnr.: | 98 |
| Type: | matrikkelgard |
Eltarvåg er ein matrikkelgard (gnr. 98) i Sandnes kommune. Garden låg tidlegare i Hetland kommune, og var der gardsnummer 34. Det var i 1886 åtte bruksnummer på garden.
GARDEN
Eltarvåg ligg innforbi Lauvås og er den siste garden i Riska-bygda. Øverst i bakkane opp frå Søravatnet ligg det gamle gardstunet, 75 meter over havet. Det dyrka området her ligg fint vendt mot sør. Utmarka strekker seg mot nord og aust, mot Høgsfjorden og Høle. Her er det mykje drivverdig skog, både eik og furu.
Langs sjøen er det fleire småbruk - Stølsvik, Galtavikå, Vier, Naustervik, Sletten - dei var i eldre tid husmannsplasser under Eltarvåg-garden.
Eltarvåg skiftar i vest med Lauvås, i sør Hetland og i aust Bersagel i Høle.
GARDSNAMNET
av Inge Særheim
Uttalen av dette namnet er Eltarvåg /"eltarvå:g/. Dei eldste skriftformene er frå 1560 --talet: Eltheruog og Eltheruaag.
Eit tilsvarande namn førekjem tre andre stader i landet. Frå nordsida av Rennesøyna finn ein same namneforma som i Riska: Eltarvåg.
Etterleddet i dette namnet er ordet våg med tyding 'bukt, vik'. Føreleddet er vel eit fuglenemne som i gammalnorsk hadde forma elptrf. Det tyder 'hosvane' , og stadnamnet skulle då ha tydinga 'svanevåg, våg der det ligg (ho)svaner' . Føreleddet i namna Oltedal og Oltesvik har liknande opphav.
Garden Eltarvåg ligg eit godt stykke opp frå sjøen, så namnet har vel bakgrunn i ein våg i eitt av dei to vatna som ligg ved garden, Nordravatnet eller (helst) Søravatnet. Namnet har truleg bakgrunn i førekomst av (ho)svaner. Men det kan ikkje utelukkast at slike namn har samanheng med forma på vågane, gjerne krumme og tronge vågar, forma som ein svanehals. Det høver om vågane både i Riska og på Rennesøyna. (Kommentar frå Eivind Smith: I Riska må det då ha vore Viervågen eller Lauvåsvågjen.)
MATRIKKELGARDEN
Landskyld/Matrikkelskyld
Den landskylda som gjekk av Eltarvåg-garden på 1500-talet, kjenner me frå lister over geistleg jordeigedom. Biskopen fekk i 1567 1 vett korn i landskyld av sin part, mens kapitelet sin part er sett til 9 spann korn i tida rundt 1590. Til saman blir det 15 spann som har vore skylda av garden då. I tida rundt 1600 blei landskylda av garden sett opp, for allerede i 1602/1603 var bispeparten på 9 spann eller 11/2 vett korn. Og domkapitelet fekk ca 1620 inn 2 1/2 vett =15 spann korn av sin part. Samanlagt blir det 24 spann eller 1 pund korn. Landskylda blei ikkje endra seinare.
I 1838 fekk garden på Eltarvåg ei ny matrikkel-skyld på 6 dalar, 1 ort og 12 skilling. Og i 1889 fekk alle gardsbruka og småbruka her ei samla ny skyld på 12 mark og 77 øre.
Skatteklasse
Då ein ut på 1600-talet i skattelistene tok til å føra gardane i klassar etter størrelsen, var grensene mellom klassane noko skiftande den fyrste tida. Etterkvart enda Eltarvåg blant halvgardane.
Nummer i eldre og nyare matriklar
- 1668 No 35 i Gand skipreide
- 1838 Matrikkel no 1 i Gands tinglag
- 1851 Matrikkel no 14 i Hetlands tinglag
- 1889 Gardsno 34 i Hetland herred
- Nå Gardsnr 98 i Sandnes kommune.
DEN ELDSTE GARDSHISTORIA
I grenseområdet mellom Riska og Høle er det mykje fjell og skog og fleire vatn. Frå dei eldste tider har folk jakta og sanka her. Desse folka sette og namn på fleire av plassene så det skulle vera lettare å orientera seg. Ved eit av vatna la dei kan henda merke til at det samla seg svaner, der kan dei ha kalt det Eltarvåg.
Det var fyrst i vikingtida folk busette seg her, og det gamle namnet på denne staden gjekk då over til å bli namn på garden. Dei som skulle rydda seg gard i indre bygda, fann mest jord her på Eltarvåg, i bakkane opp av Søravatnet. Dette er derfor den eldste garden her inne.
I løpet av mellomalderen kom Eltarvåg i geistleg eige. Det var domkapitlet og bispen som eigde kvar sin part av garden. Då må det altså ha budd folk her som dreiv garden, så dei geistlege kunne få leigeinntekt. Etter kvart som folketalet aukte utover i mellomalderen, blei det rydda meir jord. Lauvås var blitt skilt ut som eigen gard, og kan henda budde det folk i Vier og i denne tida. Eltarvåg-garden blei stykka opp, så det i alle fall var to gardsbruk her i mellomalderen. Det kan me vita fordi dei to eigarane seinare kunne leiga vekk kvar sin part i garden.
Men i sein-mellomalderen flytta folka vekk herifrå. Då budde det ikkje nokon, verken på Lauvås eller Eltarvåg, begge gardane låg øyde i denne tida. Sidan Eltarvåg var den største garden med best forhold for jordbruksdrift, skulle ein tru at her var folk lengst. I alle fall kom dei fyrst tilbake her då det igjen blei meir folk i bygda. Midt på 1500-talet flytta det folk inn på garden igjen. Då var det gått to hundre år sidan Svartedauen.
GARDSDRIFT
Åkerbruket
I matrikkelen frå 1668 står det at Eltarvåg var "en god Koren Jord", mens garden i 1723 blei kalt "Tungvunden". Det året sådde dei 6 tønner korn og hausta 40 tønner, noko som gir eit folltal på 6.7 - litt under gjennomsnittet for gardane i bygda.
Fyrste del av 1600-talet måtte bøndene på Eltarvåg ut med 3 til 3 1/2 spann i korntiende. Bortsett frå dei nyrydda øydegardane Lauvås og Maudland var det ikkje andre i bygda som hadde så små kornavlingar. I 1668 sådde dei to oppsittarane på Eltarvåg bare 7 tønner korn, og i 1723 og 1775 var det ikkje meir enn 6 tønner. Dei to sistnemnde åra var kornhausten på 40 tønner. I 1782 hausta oppsittaren Rasmus ikkje inn meir korn enn han måtte ha sjølv, mens den andre - Ivar - skulle ha fått i hus så pass at han hadde 3 tønner til overs. Han blei derfor pålagd å selja 1 tønne korn til dei trengande. Dette klagde han på, og i 1796 opplyste han at han ikkje hadde "Korn at sælge, og at han i de sidste 16 Aar intet Korn har solgt, men derimod maattet kiøbe".
Dei må nok ha utvida åkrane sine, for i 1793 får me opplyst at kvar av dei to oppsittarane sådde 5 tønner havre og bygg og hausta 30-36 tønner. I 1802 var kornavlinga på 64 tønner. I tillegg til dei to bøndene budde det nå også husmenn på Eltarvåg sitt område. Den eldste plassen er Vier, der husmannen i 1723 hadde ein liten åker som han sådde 1/4 tønne korn og hausta 6 tønner på. Seinare kom det ein husmann på Tingholmen også og i 1775 sådde dei to husmennene til saman 2 tønner og hadde avlingar på 8 tønner. Nå utvida dei åkrane sine heile tida, og ifylgje taksasjonsforretningen i 1793 hausta dei 8-10 tønner havre kvar.
På 1800-talet skjedde det små forandringar med åkrane til dei to bøndene på Eltarvåg. Til gjengjeld blei det rydda fleire nye husmannsplasser i dette hundreåret og på dei gamle plassene blei det heile tida dyrka meir. Husmannen i Vier sådde i 1865 omtrent like mykje som kvar av dei to bøndene. På heile Eltarvåg sitt område blei det sådd nesten 20 tønner korn i 1875 og mindre enn halvdelen av dette var på dei to opphavlege gardsbruka, det meste finn ein på det som var eller hadde vore husmannsplasser.
I 1835 sette bøndene og husmennene her inne i underkant av 1.5 tønne poteter kvar, mens potetarealet til brukar var dobla i 1875.
Husdyrhaldet
Gjennom den lange to-bruksperioden hadde dei to bøndene på garden omtrent like mange husdyr heile tida. Kvar av dei hadde 1-2 hestar, 6-8 kyr og om lag 30 sauer og geiter. Dreg me inn opplysningane frå arveskifta ser me at det også var ein heil del med ungdyr og kalvar, så talet på storfe var eigentleg ein del høgare. Det som likevel slår ein, er at husdyrtalet på dei to gardsbruka var såpass stabilt heilt frå den eldste kjelda (kvegskatten i 1657) og like til 1875 (jordbruksopplysningane i folketellinga). Og me legg og merke til at dei hadde så mykje småfe allerede på 1600-talet i 1657 skal dei to til saman ha hatt nesten 50 småfe, men sidan det talet er henta frå ei skatteliste kan det vera at det er i minste laget. I 1875 hadde dei to Eltarvåg-karane rundt 30 sauer kvar. Altså så godt som ikkje nokon auke, mens mange andre bønder i bygda dobla sauetalet i løpe tav 1800-talet.
Husmannen i Vier hadde bare ei ku i 1723, mens besetningen hans i 1777 - ifylgje eit skifte - var 3 kyr og 6 småfe. I tida rundt 1800 var det blitt tre husmannsplasser "paa hvilke der fødes 9 kreaturer". Ellers hadde husmennene mellom 5 og 10 sauer kvar på den tida.
I 1865 var det 8 husmannsplasser her. Ingen av husmennene halde hest, men dei hadde så mykje som 33 kyr til saman og heile 149 sauer. Ein gjennomsnitts-husmann på Eltarvåg hadde i andre halvdel av 1800-talet 3-5 kyr og 15-20 sauer. Den sosiale forskjellen i forhold til dei to bøndene er tydeleg: ikkje nokon hest og bare halve ku- og saueflokken. Men blant husmennene var det også stor forskjell. På den nyaste og minste plassen i Galtavik hadde dei i 1865 bare ei ku og 4 sauer, mens besetningen til husmannen i Vier det same året var på 6 kyr og 40 sauer - han var altså eigentleg komen opp på nivået til bøndene.
I løpet av 1800-åra var husdyrtalet på Eltarvåg blitt dobla. Men som me såg hadde dei to bøndene ikkje større besetningar nå enn før, heile auken kom med andre ord på husmannsplassene.
ATTÅTNÆRINGAR
Eltarvåg har ei lang kystlinje med fleire vikar og vågar. Bøndene her har derfor alltid fiska i tillegg til å driva garden. Allerede i 1660-åra blir det omtalt ein makrellvåg som høyrde til garden (av Landkommisjonen og i Matrikkelen). Og G. Vaagen skriv: "Fra gammel tid er Viervågen kjent som en god fiskeplass, en kasteplass."[1].
Det er skiftematerialet frå 1600-, 1700- og 1800-talet som gir oss flest opplysningar om fisket dei dreiv. Me får vita at dei fiska makrell, mort, sild og hå. Redskapen dei nytta var forskjellige nøter, garn og snøre. Nokre av nøtene må ha vore svært store, for i 1754 eigde den eine bonden her bare ein sjettepart i ei kastenot. På same tid hadde også ein bonde i Uskjo ein sjettepart i ei makrellnot, så truleg var dei to Eltarvåg-karane og dei fire i Uskjo eit notlag. Frå tida rundt siste hundreårsskifte, veit me at dei hadde landnot på Eltarvåg - Eltarvågsnota. Dei fiska brisling og makrell. Når dei skulle stenga inne ein stim, var dei ute med to båtar og mange folk var med for å hala i land. Dette var eit felles arbeid for dei på Eltarvåg, og kvinnfolka på garden var også med. Dei gamle Eltarvåg-bøndene hadde til vanleg fleire båtar. I eit skifte frå 1709 les me om færing, seksæring, notbåt og i tillegg ein stor båt. I 1805 hadde dei på Eltarvåg ein tenæring. Og nærmare vår tid hadde dei åttæring, ifylgje Kåre Eltervåg. Naust hadde dei i Lauvåsvågen. Med dei store båtane kan dei ha reist på fiske noko lenger vekke. På slutten av 1600-talet var då også den eine bonden her i familie med folk ute i Sola og på Rott. I seinare tid var folk herfrå med på vårsildfiske. Dette tjente dei godt på.
Utanom bøndene på Eltarvåg, budde det også husmenn her. Den fyrste husmannen haldt til i Vier, der bøndene hadde kasteplassen sin. Me kan gå ut frå at det nettopp var fordi bøndene trong hjelp til fisket, at dei let husmenn få setta seg til der. Seinare kom det også ein husmann på Tingholmen. Og i eit skifte der i 1755, får me vita at husmannen hadde not og vengebåt. Det var ein større båt med overbygning, så dei kunne reisa lenger vekk på fiske. Denne husmannen hadde stor familie og mange søner, som nok var med faren på dette fisket. Så stor båt var det ikkje mange av i bygda den gongen, heller ikkje blant bønder. I husmannskontrakter frå slutten av det hundreåret, kan me lesa at husmennene ikkje måtte laga vanskar for bøndene sin fisking. Me forstår av det, at fisket var viktig som attåtnæring for dei som hadde gard her.
I løpet av 1800-talet blei det mange nye husmenn under garden. I slutten av hundreåret gjekk dei over til sjølveigande småbrukarar. I folketellingane frå andre del av 1800--talet, kallest fleire av dei som budde her inne for bonde og fiskar. Eller som G. Vaagen skriv om ein av dei: "Bruket var et typiskfisker-småbruk hvor gardsdriften var en støtte til hovednæringen som var fisket."[2].
Nå er det likevel skogen som fyrst og fremst er særmerkt for Eltarvåg, og til den knytt det seg fleire attåtnæringar. Utmarka var felles mellom dei to gamle partane i garden, der hadde dei felles grunn og beite. Men skogen var delt i teigar. Her tok dei ut tømmer. På sørsida veks det ein heil del eik, og tidlegare leverte dei mykje til skipsmaterial. Det fortellest om Andreas Kristoffersen, som budde her midt på 1800-talet, at han ein gong selde eik for 400 dalar. Det var ein enorm sum, og han kunne kjøpt heile garden for dei pengane. Men nå var det ikkje kvart år dei kunne hogga så mykje eik.
Derimot hogde dei mykje furu. Stokkane fløta dei over Nordavatnet og nedetter bekken til Naustervik, der det var ei gammal sag. Det var stem i Nordavatnet og ein stor kar i bekken som dreiv saga. Her skar dei både til eige bruk og for salg. Ellers selde Sigve Eltervåg tidleg i forrige hundreår mykje furu til løematerial. Og det var heile stokkar.
Bjørka blei brukt til ved, men dei finaste stokkane arbeidde dei tresko av. Veden selde dei, og det var dette som til vanleg skaffa Eltarvåg-bøndene kontantar. Det dei gjorde om vintrane var fyrst og fremst å hogga ved. Om fredagane kjørte dei han ned til Lauvåsvågen, og så reiste dei til byen på lørdagane. Eltarvåg-karane hadde åttæring, for dei drog så mykje med seg. Frå gammalt var det landingsplass ved Fiskepiren, og salget gjekk føre seg på det torget som var der. Dei selde to slags ved. Bjørkeveden var bunta saman i knippe, og vedaknippene bar dei bort på torget og selde der. I tillegg hadde dei stranglar i forskjellig lengde, det var mykje greiner av furutrea. Desse låg lause i båten, og bykonene brukte dei til å fyre i komfyrane med. Bøndene stod nede i båten og heiv stranglane opp på kaien til kjøparen. Dei talde dei når dei heiv dei opp, derfor fekk det namnet talved.
I forrige hundreår (1900-tallet) leverte bøndene på Eltarvåg ved til skulen, og også til dei to bakeria som var på Hommersåk.
På Eltarvåg arbeidde dei mykje sopelimar i gamle dagar. Fyrst samla dei passeleg med bjørkeris, dei skar limaris som dei kalte det, og tok vidjer av bjørkerenningar. Om haustkveldane sat gardsfolket i bua og arbeidde, kona vevde og spann, mens mannfolka bandt limar. Limane leverte dei til kolonialhandlarar i Stavanger.
I skogen skar dei også einer som dei bunta saman og selde i byen. Det blei brukt til å dekka blomstar og bed med om vintrane. På kyrkjegardane brukte ein det mykje, derfor blei det kalt graveiner. Til å begynna med stod bøndene på torget og selde det sjølv, seinare blei det meir organisert og dei leverte det mykje direkte til kyrkjegardane. Dei hogde også staur, og selde hesjestaur og gjerdepålar. Dette selde dei både her i bygda, og også utover med Stavanger og ute i Randaberg. Til staur hogde dei furu, og toppane fekk dei selje som julatre. Det var det god avsetning på, heilt frå tidleg i forrige hundreåret 1900-tallet). Lars Kristoffersen, som sat med eit bruk på Eltarvåg fram til 1916, hogde store mengder juletre ved Søravatnet og leverte dei til oppkjøparar. Han fekk 5 øre stykke. Utover i 1920- og 1930-åra tok ein til å spesialisera seg meir på juletre produksjon. Nå begynte ein å planta gran, og leverte både hogde tre og mindre tre med rot.
Det blei og drive jakt i skogen. I eit skifte frå 1804 blir det nemnt både børse og spyd, og ennå kan dei på Eltarvåg visa fram eit gammalt bjørnespyd. Tidlegare var her svært mykje tiur og orrfugl, og også ein heil del hare. Ein fangde dei i snarer i eldre tid, og fekk dei ein fin fugl, selde dei fangsten. Det var særleg ungdommane på garden som skaffa seg lommepengar på den måten.
Ungdommane henta også tytebær i skogen og selde på torget i byen.
Fleire av bøndene og småbrukarane her inne dyrka frukt og bær for salg. Lars Sletten hadde mykje frukt, særleg pærer og plommer, men og ein del eple. Han stod på torget og selde, både han og heile familien. Også dei i Naustervik og Vier og på Rese hadde frukt, dei hadde meir epler. Samuel Eltervåg dreiv og med plommer og eple. Sigval og Peder Eltervåg hadde meir bær. Det var rips, men spesielt mykje solbær. Dei stod og på torget og selde, men dei leverte og mykje til oppkjøparar som eksporterte det til England. Oppsittarane her kunne og driva med anna arbeid utanom gardsdrifta. Her har vore to smedar. Den fyrste var Anders Jonsen som hadde gard på Eltarvåg midt på 1700-talet. I skiftet etter han i 1754 blir det nemt ein heil del smedutstyr. Og Hallvard Johannesen, som budde som husmann på Sletten i 1830- åra, var også smed. Ivar Larsen, som hadde stykket på Sletten i slutten av 1800-talet, var bonde og fiskar. Men i tillegg arbeidde han som tømmermann. Nils Mæland, som hadde gard på Eltarvåg nokre år tidleg i forrige hundreår (1900), arbeidde på ein gardinfabrikk i Bergen og pendla att og fram. Kornelius Vier på Rese var bryggeriarbeidar, fyrst på Tau, sidan i byen. Og broren, Laurits, som sat med eit lite gardsbruk på Eltarvåg frå tidleg i hundreåret, arbeidde i hermetikkindustrien i Stavanger nesten heile livet[3]. Også sonen, Lars Eltervåg, arbeidde ved hermetikkfabrikk i Stavanger. Martin Øglend, som budde på Hodl frå 1921, tok på seg dyrkingsarbeid for andre. Han dreiv med opptak og veitegraving[4].
Frå tidleg i hundreåret leigde byfolk seg inn i gårdshusa om somrane, det var byfolk i mest alle gårdshusa her då. Etterkvart begynte nokre å sjå seg ut hyttetomter. Det begynte i Naustervik i 1920-åra, så kom det hytter i Vier og på Sletten og. På sjølve Eltarvåg kom dei fyrste hyttene i 1934/35. Veien som var blitt lagt fram til Vier og Naustervik hadde vore med å åpna heile dette området. Under krigen blei det ein voldsom etterspørsel etter hyttetomter. Folk var redde å bu i byen og mange ville sikra seg og familien med å halda til i hytter her inne. Men også etter krigen er det blitt bygd ein god del hytter. For bøndene og småbrukarane her inne betydde byfolka og hyttebygginga svært mykje. Dei fekk for det fyrste betaling for tomta dei selde, og det kunne vera bra betalt, sjølv om dei bare selde uproduktiv jord. Men viktigare var likevel arbeidet og all småjobbinga det førte med seg. Det var alltid noko som skulle kjørast fram, både material og stein eller det var bruk for nokon til å bera. Mest arbeid var det med å mura grunnane, dette skjedde om våren, sommaren og hausten. Dei fleste her inne hadde så små gardsbruk at dei ikkje var fullt sysselsatt med jordbruket. I tillegg til grunnmurane var det arbeid med å grava veiter og å laga veger. Ein del av småbrukarane her inne hadde til sine tider bortimot full sysselsetting med alt arbeidet som hyttebygginga førte med seg.
I 1930 kjøpte Stavanger Kristelige Ungdomsforening (Ynglingen) halvdelen av eit gardsbruk i Vier og tok det i bruk til leirplass. Knud Vier såg då muligheten til å driva rutetrafikk herfrå og til Stavanger, og han begynte med den fyrste rutebåten i 1932. Etter kvart som hyttebygginga aukte på, blei trafikkgrunnlaget bedre, og ei stund hadde han to båtar i drift. Dette var til fordel for dei fastbuande og, og lenge hadde dei bedre rutetilbod her inne enn ute i dei sentrale delane av bygda. Etter krigen begynte brørne Olaus og Imanuel Sletten også med båtrute. Det var seld ganske mange hyttetomter på Sletten, og deira rute gjaldt fyrst og fremst dei ferierande. Slettarane gjekk derfor i rutetrafikk om somrane, mens dei ellers i året bare hadde turar i helgene. Rundt 1960 slutta dei av rutetrafikken sin, og etterpå var Knud Vier åleine om å driva rutebåt her inne.
EIGARANE I LEIGLENDINGSTIDA
Frå gammalt var det to eigarar av garden på Eltarvåg. Bispen i Stavanger eigde ein mindre del på 1 1/2 vetter korn = 9 spann. Dei andre 2 1/2 vetter korn (15 spann) sat domkapitelet med, det vil seia prestane ved domkyrkja i Stavanger. I den katolske tida var det nokså mange prestar ved dei større kyrkjene. Dei hadde plassen sin oppe i koret i kyrkja og blei kalt korsbrør eller kannikar. Sidan dei styrde verksemda ved domkyrkja fekk dei namnet hovudet, kapitelet. Ved Reformasjonen tok kongen over det geistlege jordegodset. I 1661 selde kongen fleire gardar til den danske adelsslekta de Gjedde, blant desse var også det tidlegare bispegodset i Eltarvåg, dei 9 spann korn (nemnt i 1668). Sidan har Peder Saxe i Stavanger fått hånd om denne parten, han sit med det i 1675. Etter det må kongen ha blitt eigar av desse 9 spanna igjen. Så har det blitt benefisert (allernådigst forunnt) til domkyrkja i Stavanger. I 1714 får me vita at dei 9 spanna "følger Stavanger Kirche".
Den andre eigarparten, dei 15 spann kapitelsgods, kom også under kongen ved Reformasjonen. Sidan blei det lagt til "Skolemesteren" i Stavanger som er ført med det ca 1620. Seinare blei bispesetet lagt til Kristiansand og då flytta katedralskulen med. Etterpå står då lektoratet i Kristiansand med desse 15 spann i Eltarvåg.
I 1830-åra fekk dei to leiglendingane på Eltarvåg kjøpa gardsbruka sine. Kristoffer Andersen på "Det ytre bruket" fekk i 1831 skjøte frå Kongen på 12 spann som hadde vore lektoratsgods. Mens Kristoffer Ivarsen på "Den indre parten" i 1832 fekk kongeleg skjøte på dei siste 3 spann lektoratsgods og dessutan dei 9 spann som Stavanger kyrkje hadde eigd.
OPPSTYKKINGA AV GARDEN
Då me høyrer om garden fyrste gong, i 1563, budde det to mann her. I 1602 var det også to på garden, ei enka som ser ut til å ha hatt mest jord (ho måtte ut med 2 spann i korntiende), og Johannes, som betalte 1 spann til den same korntienden. Desse to partane som ser ut til å ha vore ulike, kan koma av at det var to eigarar av garden - domkapitlet med 15 spann (2 1/2 vett) og bispen med 9 spann (1 1/2 vett). Dei to eigarane rådde og over bygsla for kvar sin part. Kort etter 1602 må enka ha slutta med gardsdrifta, for dei fylgjande åra var her bare ein oppsittar på garden.
Ein generasjon seinare, i 1635, blei garden på nytt delt i to. Men nå var dei to partane like, med 12 spann på kvar. Desse to partane blir kalt "Der oppe" og "Der nere", eller "Den indre parten" og "Den heimre parten".
Sjau mellom leiglendingane
I 1726 blei dei to leiglendingane forlikte om dei andelane kvar av dei skulle ha av den enga, skogen, mark og torvskur som var på garden. Ikkje så lenge etterpå blei det likevel sjau mellom dei. Årsaka var to engstykke som var lagde til Johannes sin part av garden. Nå ville Bjørn "tilegne sig" dette. Om dette blei det åstadssak på Eltarvåg i mai 1728. Til stade var sorenskrivaren, lensmannen, seks granskingsmenn og i tillegg ein representant for eigaren av garden. Det var nå på tale å dela garden i to avskilde partar, men ein fann å ville halda på den fordelinga dei hadde kome fram til for to år sidan. Dei to stykka med eng: "..et lidet Støche kaldet Feden, liggendis ofvin for Stor Ågeren" og "det andet Ved nam Spunset nedenfor, langs ved agerreenen" skulle fortsatt ligga til den parten Johannes brukte av garden. Til gjengjeld skulle Bjørn få ei myr som dei begge hadde skore torv i til då. Sidan denne myra låg i innmarka, fekk dei ikkje lov av jordeigaren å skjere torv der meir, det skulle dei gjera utangjerds. Denne myra kunne opparbeidast til eng, og då ho låg innan Bjørn sine "Skiel og merche", blei ho lagt til hans part av garden. I løpet av 1700- og 1800-talet fekk fleire husmenn rydda seg plasser under garden. Dei fekk kjøpa plassene sine i løpet av andre halvpart av 1800- talet. Husmannsplassen i Stølsvik hadde lege under begge partane. Ved skylddelinga i 1869 blei då dette nye småbruket skilt ut frå begge dei to gamle partane i garden.
Frå "Den indre parten" eller "Der oppe", blei vidare desse plassene skilde frå som nye småbruk: I 1869 Vier. Dette var den eldste og største husmannsplassen under Eltarvåg, og det blei òg det største av desse nye småbruka. I 1908 blei eit lite småbruk på Rese skilt frå Vier igjen. Og i 1928 blei Vier-garden delt i to. I 1874 fekk ein yngre son på "Den indre parten" skilt frå den tidlegare husmannsplassen på Sletten som nytt småbruk. Her har det til tider budd to familier. I 1878 kjøpte husmannssonen på Hodl den plassen faren hadde hatt. Og frå det ytre bruket eller "Der nere" ("Den heimre parten"), blei utanom Stølsvik desse plassene skilde frå: I 1874 Tingholmen. Det var son til husmannen som kjøpte denne plassen. Den nest eldste av husmannsplassene, og derfor eit av dei større av desse nye småbruka. I 1881 Galtavik. Dette var den yngste husmannsplassen og det blei og det minste småbruket. Den gamle gardbrukaren på "Den heimre parten", flytte i 1881 til den tidlegare husmannsplassen i Naustervik og budde der som folgemann. Etter at han var død, fekk enka hans i 1891 skilt frå dette som eige småbruk. Det utgjorde då 1/4 av det som då var igjen av "Den heimre parten".
Etter at husmannsplassene var skilde frå, blei det ytre bruket (Den heimre parten) ikkje delt i fleire bruk. Den indre parten blir derimot delt opp i fire småbruk etterpå. Fyrste delinga var i 1889 då Den indre parten blei delt i to like partar: Løpenr 56a og 56f. Løpenr 56a hadde det gamle gårdshuset, mens den andre halvdelen, løpenr 56f, fekk jorda si inne på Danmark, der det blei bygd nytt hus. Begge desse halvdelene blei så igjen delte i to. Ei mor og eldste sonen hennar delte i 1899 løpenr 56a i to bruk som ikkje var heilt jamnstore (bruksnr 1 og bruksnr 12). Dei delte og det gamle gårdshuset. Og i 1900 delte to svograr bruket inne på Danmark (løpenr 56f). Heller ikkje her blei dei to nye bruka like store.
HUSMANNSPLASSER
"Vige Husmands Sæde"
I matrikkelen frå 1668 kan me lesa at under garden Eltarvåg låg "Vige Husmands Sæde". Dette er den fyrste gongen me høyrer om nokon husmannsplass her i bygda. Og så tidleg er det ikkje mange husmannsplasser i nabobygdene heller. Kor låg då denne gamle husmannsplassen?
I boka "Våre Røtter i Lauvåsvågen - Lauvås-Eltervåg" (Flekkefjord 1983), side 145, går Georg Vaagen utan vidare ut ifrå at "Vige Husmands Sæde" er det same som Naustervik. Det er rett nok at det har budd husmenn i Naustervik (på 1800-talet), og denne plassen blir kalt "Wiig" i 1838 og "Vig" i 1861. Orda "Vig" og "Vige" ser då også svært like ut. Men meir enn denne likskapen har ikkje Georg Vaagen hatt å bygga på.
Lat oss så sjå på kva identifiseringa av Naustervik (Vig) med "Vige" fører til for han. På side 145 les me: "Det har budd folk i Naustervik eller Vige Husmands Sæde på 1600-tallet eller kanskje ennå tidligere. Men vi vet intet om hvem som budde der. Husmennene var svært anonyme på denne tid." Han veit ikkje kven som budde her, før dei som flytta inn i 1838 (lenger nede på same side). Altså ein husmannsplass der me gjennom tohundre år (og "kanskje ennå" lenger) ikkje kjenner til folka som har budd der. Og på side 152 skriv han: "Det forekommer på 1700-tallet navn på husmenn under Eltervåg uten at det er mulig å identifisere disse husmennene til en bestemt husmannsplass." Her har me då det omvendte problemet, husmenn utan plass å bu på.
Eg vil foreslå at det må vera mykje meir logisk å la dei husmennene ein veit om, få bu på den plassen som ein jo veit fantest på den tida. Ein må ikkje la seg forvirra av at det var så mykje som åtte husmannsplasser under garden på 1800-talet. Dei fleste av desse plassene var nemleg nokså nye. Går ein eit hundre år eller så tilbake i tida, til 1700-talet, er her straks færre plasser å velja i når ein skal fordela husmennene. I 1668 var det bare ein husmannsplass under Eltarvåggarden. Og i 1723 var her heller ikkje meir enn "1 Plads". Det ligg nær å tenkja seg at det er den same husmannsplassen me høyrer om i 1668 og i 1723. Kan me så finna ut kva plass det her er snakk om? I matrikkelen frå 1723 kan me lesa: "Huusmandspladset bruges af Thollach Thorjusen". Frå kyrkjebøkene har me desse personane: Ivar Persen under Eltarvåg har eit barn til dåpen den 20/4-1721 . Ein av fadrane var "Tollach Wjer". Den 1/3-1730 blei gravlagt "een gl. fattig mand Tollach i Wier". Og den 15/10-1730 hadde "Ivar Vie" eit barn til dåpen i Høle-kyrkja (kona blei etterpå introdusert i kyrkja i Stavanger). Og så har me den 11/1-1750 "Ragnhild Wiger" som fadder på eit barn av Rasmus Bjørnsen (som budde på Tingholmen då).
Me kan då setta opp fylgjande namnerekke:
- Vige - (1668)
- Wjer-(1721)
- Wier-(1730)
- Vie - (1730)
- Wiger-(1750)
Den uvanlege g'en må ein forstå ut frå dansk skrifttradisjon. På dansk blir g og j uttalt likt, og det førte til at danske skrivarar hadde problem med å vita om dei skulle skriva g eller j - for det høyrdes jo likt ut. I dansk skrift har det då utvikla seg ein tradisjon der dei skriv g i dei fleste tilfella der skrivaren var i tvil. Me har så fått skriftformer som selge, velge, ferge. Språkhistorikar kan fortelja oss at desse orda skulle vore skrive med j. For ein dansk skrivar var det jo hipp som happ, han høyrde ikkje forskjell. Namna Vige (i 1668) og Wiger (i 1750) må me då uttala sånn som den danske (eller i alle fall dansk påvirka) skrivaren hadde tenkt det, nemleg med j: Vije og Wijer.
Til slutt tek eg med eit utdrag frå 1906-matrikkelen. Det som før hadde vore husmannsplasser var nå gardsbruk/småbruk. Matrikkelskylda viser oss kor store, eller gode, desse bruka var i forhold til einannan. Det er heilt tydeleg at dei yngste bruka/plassene har lågast skyld.
Husmannsplasser under Eltarvåg-garden
Vier blir nemnt allerede i 1668 som sete, det vil seia tilhaldsstad for husmenn. Dette er då den eldste husmannsplassen i bygda. Det har nok ikkje budd husmenn her så svært lenge føre den tid. 1500-talet og fyrste halvdel av 1600-talet var ei sterk oppgangstid for bygdene våre, og folketalet aukte. Men overalt låg det folketome gardar og venta etter den fæle nedgangstida i seinmellomalderen. Og på dei gardane som var i drift, var det gjerne både eit og fleire bruk som låg øyde. Omlag 1650 kan ein rekna med at det var like mykje folk i landet igjen som det hadde vore føre Svartedauen. Etterkvart var også så godt som alle gardar og gardsbruk folkesette igjen. Men folkeauken fortsette. Dei som nå ikkje fekk seg nokon gard å driva, måtte sjå seg om etter ein annan leveveg. Frå siste del av 1600-talet og ut gjennom 1700-åra voks det då i staden fram husmannsplasser rundt om i bygdene.
Når dei to leiglendingane på Eltarvåg ville ha ein husmann under garden, må dei ha hatt så mykje arbeid at dei kunne trengja ein vaksen arbeidskar. Til garden høyrde det skog, og me skulle tru at skogsarbeidet ville krevja folk. Det har nok også talt med når dei valde å få ein husmann til gards. Men leiglendingane måtte retta seg etter eigarane av garden, og kunne derfor ikkje hogga som dei ville. Eg trur det var fisket som gjorde utslaget. Både i 1661 og 1668 blir det nemnt at det var "Makreelvog" til garden. Og nettopp Viervågen er "kjent som en god fiskeplass, en kasteplass" (G. Vaagen, side 165). "Ivar Vie" er i 1727 i kyrkjeboka kalt for "Iver Pederssøn i Eltervaags Waagen".
Husmannsplassen i Vier låg i den felles utmarka. Til å begynna med låg denne plassen under begge dei to partane, eller bruka, i garden. Etter kvart kom det til fleire husmannsplasser, og ved utskiftinga i 1822 blei plassene delt mellom dei to bruka. Plassen i Vier låg etter det under "Den indre parten". I 1833 blei plassen utvida med "et Stykke Jord, der ogsaa er indgjerdet og beliggende ved Siden af dette Huus mandsplads".
I 1869 fekk husmannen kjøpa plassen sin. Han budde her sidan som sjølveigande bonde. Omlag 1730 blei det ein ny husmannsplass på Tingholmen. Som me har sett, var det ved matrikuleringa i 1723 ennå bare ein plass under garden (den i Vier). Den fyrste husmannen på Tingholmen hadde tidlegare budd i Stavanger og så ei tid inne i Forsand. Han hadde 11 barn, og ved å sjå kor dei blei døypte kan me fylgja han på flytteferda hans. Det nestsiste barnet kom til verda i Forsand i 1727. Bare yngstemann er fødd på Tingholmen, det var i 1730. (G. Vaagen let dei altså flytta til Tingholmen noko for tidleg, sjå "Våre røtter", side 153 og 154). Då den fyrste husmannen hadde fått rydda seg ein plass (i Vier), var det sannsynlegvis fordi bøndene på garden trong ein til å hjelpa dei med fiskinga. Nå kjem det ein husmann til (på Tingholmen). Han og blei buande ute ved sjøen, og attpåtil på ein holme. Det må me kunne ta som ei stadfesting på at det var fisket dei hadde bruk for folk til. I dei eldste tinglyste husmannskontraktane frå Eltarvåg ser me og at leiglendingane vurderer fisket høgt. Til husmannsplassen på Tingholmen høyrde og Brattholmen og Galtavik inne på fastlandet. Sånn var det i alle fall på 1800-talet (nemnt i festeseddel frå 1832).
Denne husmannsplassen låg og i utmarka, og den fyrste tida høyrde plassen under begge dei to gamle gardsbruka på Eltarvåg. Men etter utskrifting på garden i 1822, låg Tingholmen bare under det ytre bruket på garden. Tingholmen var husmannsplass fram til 1874. Då fekk ein son til den siste husmannen kjøpa plassen. Så fortsette dette som sjølvstendig gardsbruk ut resten av 1800-talet. Ved århundreskiftet blei Tingholmen og Galtavik slegne saman til eitt gardsbruk og folka flytta inn til fastlandet.
I 1780-åra slo det seg til ein husmann på Teistholmane. (G. Vaagen lar han koma noko for tidleg til Teistholmane, sjå "Våre røtter", side 178 - 181). Han som flytta der ut hadde fyrst budd i Lauvåsvågjen og der var han ennå i 1780. I 1788 tok så den gamle gardbrukaren på Lauvås over Lauvåsvågen som folgestykke, så husmannen må då ha flytta derifrå. Fyrste gong me høyrer om familien på Teistholmen er i 1792. Ein son til husmannen hadde funne seg kone frå Vågen under Hommersåk. Ved skifte etter svigermora si den 12/7-1792 blir han kalt: "Aadne Thorkildsen Teistholm". Kona til husmannen døydde i 1799. Ved begravelsen er ho omtalt som "Thorchild Jacobsen Teistholmens hustru". Året før hadde ein svigerson tatt over plassen. Festeseddelen frå 1798 gjeld "Husmands Pladset Stølsvig med Wargevigen og begge Tejstholmene". Den nye husmannen slo seg ned inne på fastlandet, i Stølsvik. Sidan budde alle husmennene på denne plassen i Stølsvik, men Teistholmane fylgde fortsett med (ein festeseddel frå 1837: "Stølsvig med dets beliggende Holmer heder Teistholmerne"). Ved besiktigelsen og takseringsforretningen på Eltarvåg i 1793 høyrer me ikkje noko om denne plassen, bare Vier og Tingholmen blir omtalt. Husmannsplassen på Teistholmen (med Stølsvik) skulle vera der då, men plassen må ha vore ganske nyoppretta då. Dessutan låg han svært avsides, så han kan vera gløymt av den grunn. Ved utskiftinga på Eltarvåg i 1822 blei dei to gamle og store husmannsplassene Vier og Tingholmen lagt under kvart sitt av dei to bruka på garden. Stølsvik skulle fortsatt ligga under begge bruka. I 1869 fekk husmannen kjøpa plassen. Etterpå har det vore eige gardsbruk.
I løpet av 1800-talet kom det til fem nye husmannsplasser. Den fyrste var plassen på Sletten der det budde folk i 1835. Til plassen høyrde Grunnsundholmen (nemnt i 1839 og 1842) og utmarkstykket Flådå (nemnt 1842). Husmannsplassen låg i utmarka og høyrde til Den indre parten (bruk I). I 1874 fekk ein yngre son på garden skilt ut den tidlegare husmannsplassen som eit småbruk for seg.
I 1837 blei det ein husmannsplass i innmarka til det ytre bruket på garden. I festeseddelen er det kalt "et Stykke Vold, Husmandspladset heder Hameren". Plassen låg med Søravatnet der det var stem for kvernhusa i Kvernhusbekken. I panteboka har plassen derfor namnet Stemmen. Det same heiter han ved folketellinga i 1865. Soknepresten kaller derimot plassen for "Myren" i si liste over husmennene i bygda i 1853. Og Myra er det namnet som folk på Eltarvåg i dag bruker om denne plassen. Husmannen døydde i 1875 og enka flytta til dottera som var blitt gift med bonden på garden. Plassen blei nedlagt. Under det ytre bruket blei det i 1838 endå ein ny husmannsplass. I festeseddelen kan me lesa at husmannen fekk leiga eit ''Jordstykke, som herefter skal bruges af Fæsteren som Huusmandsplads og kaldes Wiig". Det vanlege namnet på denne plassen er Naustervik. Det går klart fram av festeseddelen frå 1838 at det er snakk om å oppretta ein heilt ny husmannsplass i Naustervik. Her hadde det altså ikkje budd folk før. Plassen låg i utmarka. I 1861 blei det lagt til "et.. ..Stykke udyrket Mark paa den nordvestlige Side af det gamle Plads". Etter at den siste husmannen døydde i 1880 og familien hans flytta vekk, tok den gamle gardbrukaren på det ytre bruket på Eltarvåg (som denne plassen låg under) over plassen som folgestykke frå 1881. Stykket blei skylddelt i 1891 . I 1842 kom det til endå ein husmannsplass under den indre parten. Bonden uttrykker seg sånn i festeseddelen frå 1844: "et Stykke eller Huusmandsplads indengjærds paa min Bøe, Ægreholen kaldet". Blant bygdefolk heiter plassen bare Hodl. Folketellinga for 1865 bruker og bare "Holen", mens tellinga i 1875 har "Egreholen". Sonen til husmannen kjøpte plassen i 1878, og sidan har dette vore eit eige gardsbruk. Ved skylddelinga blei namnet skrive "Ægreholmen". Og det namnet har kome inn i pantebøkene og grunnboka som namn på dette bruket (i våre dagar er det fornorska til "Ekreholmen").
Den siste husmannsplassen under Eltarvåggarden blei oppretta så seint som ca 1865. Plassen låg i utmarka og høyrde til det ytre bruket på garden. Husmannen hadde ikkje nokon festeseddel på denne plassen. Han var frå Tingholmen, og etter at han gifta seg blei han buande hos foreldra sine på Tingholmen med familien sin. Både han og faren kallest for husmenn. Til plassen på Tingholmen høyrde og Galtavik, og sonen flytta inn der om lag 1865. Han busette seg eit stykke opp i frå sjøen, den nedre delen av Galtavik fylgde fortsett plassen på Tingholmen. I1881 kjøpte han plassen sin. Stykket hans blir då kalt Øvre Galtavik.
Folket
DEI ELDSTE BRUKARANE
1. "Berulff"
Han og "Staphenn" budde på garden i 1563. "Berulff kan vera Bergulv, eit namn som er lite brukt her hos oss, men som er meir vanleg lenger aust, i Setesdalen og Telemark. Dei få gong ene me finn namnet her var det helst blant folk som kom austanfrå. Hos oss fekk det forma Børel. Men nå er det så pass mange personar i Rogaland som heiter "Berulff i skattelista frå 1563, så det er slått frampå om det heller er meint eit vanlegare namn på -B-, f.eks. Bjørn. Eltarvåggarden var nå nettopp tatt i bruk igjen, så det virker litt rart med så mykje som to mann på garden allerede. Men kanskje var det midt i eit generasjonsskifte.
2. "Staphenn"
Han er også nemnt som brukar på Eltarvåg i 1563. Namnet hans er svært fremmed. Det må vera Stefan, eller Steffen som dei sa her før i tida. Kan henda var han utlending. Me veit at det kom hollendarar til bygda vår tidlegare på 1500-talet for då bytta riskafolk til seg "Deventer", det var eit tøy som folk hadde i metervis (eller rettare i alen) og som dei brukte til å laga seg finklær av. I 1620-åra var det ein dreng på Riskagarden som heitte Steffen.
3. Lars
Lars hadde garden på Eltarvåg i 1591, men var død før 1602 for då er enka hans nemnt. Sigleif Engen har funne bumerket hans, men han har vore i tvil om kva bokstav faren sitt namn begynte på. Lars på Eltarvåg hadde den same figuren i bumerket som Johannes på Hetland. Også i Høle brukte dei det merket, både Ivar Torsteinsen Høle og lensmannsætta på Ims. Og på Søre Sunde i Madla blei det same merket brukt i fleire generasjonar, og både der og på Ims finn me namnet Asbjørn (sjå Madla gard og ætt side 304, 307, 286).
4. Johannes Omundsen, død ca. 1606. Han bygsla garden i 1602, men budde her bare nokre få år. Siste gong han blir nemnt er i 1606 og rett etter døydde han. Den neste som hadde garden var nemleg gift med enka hans. Johannesvatnet mellom Eltarvåg og Stølsvik skal ha fått namn etter ein kar som drukna der, forteller folk i indre bygda. Johannes etterlot seg ein liten gutt og formyndar for han var Lars Håland i Varhaug (sjå Tingbøker fra Jæren og Dalane bind 11, s 121). Lars må ha vore ein nær slektning av gutten og det kan tyda på at det var eit familieforhold mellom Johannes og den eldre Lars som hadde garden før han.
Barn:
Johannes, han var blitt myndig i 1627 og stefaren hans kravde då at formyndaren skulle betala ut farsarven til han. Det var så mykje som 64 dalar.
5. Rasmus Håvardsen
Rasmus gifta seg med enka etter Johannes og i 1607/08 bygsla han garden. Han hadde dyr her på Eltarvåg ennå i 1641 (sjå Tingbøker fra Jæren og Dalane bind IV, side 223-224), men rett etter må han ha slutta av. I 1635 overlot Rasmus halve garden til ein svigerson, og i 1645 sit ein ny kar med Rasmus sin part av garden. På sine gamle dagar budde han kanskje i Stavanger for det var ein Rasmus Eltarvåg der i 1650 (sjå Stavanger historie bind IV, side 248). I det gamle huset på Eltarvåg er det skore inn ei lang innskrift med årstalet 1617. Og på loftet i den påbygde delen av huset er det ein bjelke der det er skore inn bokstavar på akkurat same måten (med dei karakteristiske tre prikkane som ordskille). Denne bjelken må i si tid ha stått saman med den andre innskrifta.
På loftet står det:
R:H:S A DOMMI 1617
Dette er Rasmus sine bokstavar, og det viser at huset stod på Eltarvåg den gongen.
Gift 1607/08 med enka etter Johannes Omundsen Eltarvåg (sjå ovanfor).
Barn:
- Johannes, nemnt 1641
- Siri, født. ca 1609, gift med 1) Ivar Sevrinsen, som hadde den eine parten av garden (død i 1650-åra) (nr 14), 2) Torbjørn Olsen (nr 15).
I Den indre parten
(nå bruksnr 1, 3, 5, 9, 4, 5, 9, 12, 13, 14, 22, og halvdelen av bruksnr 2)
6. Rasmus Olsen,
født 1612/14. Han brukte den eine parten av garden. Her blir han nemnt fyrste gong i 1645, og ennå i 1673 sat han med garden. I 1654 reiste Rasmus til lagtinget som nemdarmann så då var han ny som lagrettemann (sjå Tingbøker fra Jæren og Dalane bind VI, side 16). Gift med dotter til Torbjørn Bjørnsen Bersagel i Høle, ho døydde i 1693 og skulle då ha vore 89 år gammal. Torbjørn Bersagel si enka eigde i 1624 mellom anna 2 1/2 spann korn i Øksnavad i Klepp, og i 1663 eigde Rasmus Eltarvåg 2 spann i Øksnavad.
Barn:
- Torbjørn, født ca. 1640, bonde på Eltarvåg.
7. Torbjørn Rasmusen,
født ca. 1640, død 1702. Son til Rasmus Olsen Eltarvåg . Torbjørn var dreng på Riska i 1664. Så kom han heim til Eltarvåg og var medbrukar hos faren i 1666 og 1673. Sidan overtok han heile parten åleine, og han brukte han til han døydde i 1702. Ved begravelsen hans blei det halde "Ligprædigen i Kirken". Gift i 1671 med Maren Kristensdotter, født ca. 1654, død 1699, dotter til Kristen Robertsen Meling i Sola (sjå Sola gard og ætt side 279, bruk 3, huslyd 4).
Barn:
- Kristen, født 1675, bonde på Store Auglend i Høle (sjå Høle gjennom hundreåra, side 81), gift med enka Siri Jensdotter Store Auglend
- Rasmus, født 1678, han var i Holland i 1701, og var "ude i kongens Tieniste" i 1711, sidan budde han i Stavanger og hadde hus i Østervåg, gift i 1709 med Elen Kristensdotter. Om henne heiter det i 1711: "nærer sig af Spinderochen" (sjå Stavanger historie bind III, side 329 og bind IV, s 318, 328)
- Bjørn, født 1682, bonde på Eltarvåg etter faren
- Torbjørn, født 1689, fyrst bonde på Store Auglend i Høle, sidan husmann i Liå under Ims, gift i 1722 med Marit Olsdotter Store Auglend.
Bjørn Torbjørnsen,
født 1682, død 1732. Son til Torbjørn Rasmusen Eltarvåg . Bonde på Eltarvåg etter faren. Han hadde denne parten frå faren døydde i 1702 og til han sjølv døydde i 1732. Ved skiftet etter den fyrste kona i 1723 blei buet deira gjort opp med ein brutto formue på nesten 118 dalar. Det var ikkje så langt ifrå det doble av kva som var vanleg då på ein god gard som Riska. Bare i rede pengar hadde dei over 11 dalar. Ellers hadde dei ei sylvskål og fem sylvskeier, her var tre fat og fire tallerknar av tinn og så hadde dei både kopparkjel og ein messingstake. Gift 1) i 1705 med Karen Trondsdotter, død 1723, dotter til Trond Larsen Myklabost i Høyland (sjå Høyland gard og ætt side 297, nr 10). Ho voks opp på Hommersåk der stefaren Kristen Torsteinsen hadde gard (Garden Hommarsåk-7). 2) i 1724 med Kirsti Svensdotter, død 1732, dotter til Sven Ivarsen (Gunnbjørnsen?) Brathetland i Høle.
Barn i fyrste ekteskap:
- Omund, født 1707, nemnt i 1723
- Anna, født 1710, død 1732
- Torbjørn, født 1713, overtok denne parten (nr 9)
- Johannes, født 1715, bonde på Maudland )Maudland-7), gift med Gunhild Eriksdotter Riska
- Maren, født 1718
- Bjørn, født 1722 (tvilling)
- Rasmus, født 1722 (tvilling), død. 1722
i andre ekteskap:
- Karen, født 1727
- Rasmus, født 1728, han tjente på Tunge i Randaberg i 1754 og blei då kalt udyktig (sidan det er eit militært manntal, meinte dei vel udyktig til militærtjeneste).
9. Torbjørn Bjørnsen,
født 1713, død 1737. Son til Bjørn Torbjørnsen Eltarvåg. Torbjørn overtok denne parten etter at faren var død i 1732. Då han sjølv døydde, var det verdiar for vel 72 dalar i buet. Mellom anna hadde dei tre sylvskeier og tre tinnfat, ein messingstake og ein kopparkjel. Ellers var her to eikekister og eit kråskap. Av rede pengar hadde dei bare to dalar. Gift i 1732 med Anna Håvardsdotter, født 1712, død 1737, dotter til Håvard Rasmusen Hammar i Høle (sjå Høle gjennom hundreåra, side 98).
Barn:
- Bjørn, født 1733, død 1733
- Karen, født 1734, kan henda var ho "Torger Eltervaags barn" som døydde i 1738
- Anna, født 1737, eller var det heller ho som døydde i 1738?
10. Kristoffer Ivarsen,
født 1703, død 1766. Son til Ivar Josefsen Byrkjeland i Forsand (sjå Forsandboka bind 111, side 284). Dei fyrste åra etter han gifta seg budde Kristoffer i Forsand. Til å begynna med var han husmann under Levik, så hadde han gard på Nordland (sjå Forsandboka bind I, del 1, side 286). Omkring 1740 kom han til Eltarvåg og bygsla den indre parten som då var ledig, og her var han gardbrukar fram til 1760. Då overtok sonen. Ved skiftet etter Kristoffer i 1766 blei det han etterlot seg vurdert til vel 50 dalar, i tillegg kom verdien av ein liten eigarpart i garden Nordland. Av meir verdifulle ting blant innbuet var det ei sylvkanne og to kopparkjelar. Gift i 1731 med Gjøa Olsdotter, født 1703, ho levde ennå i 1767, dotter til Ola Olsen Nordland i Forsand (sjå Forsandboka bind I, del 1, side 74).
Barn:
- Kristoffer, født 1731, død liten
- eit barn, født 1733
- Ivar, født 1735, bonde på Eltarvåg etter faren
- Ingeborg, født 1739, gift i 1763 med Ivar Jakobsen Stokkaland i Høyland (sjå Høyland gard og ætt side 399, nr 15)
- Ragnhild, født 1741 på Eltarvåg, gift med 1763 Per Persen Jødestad (II) (Jødestad- 15)
- Gjøa, født 1744, gift i 1766 med Håvard Håvardsen Lura i Høyland (sjå Høyland gard og ætt side 274, nr 28)
- Ola, født 1747, død 1747.
11. Ivar Kristoffersen,
født 1735, død 1805. Son til Kristoffer Ivarsen Eltarvåg. Ivar bygsla denne parten av garden i 1761, og sidan sat han med han til han døydde. Han og kona hadde fått seg fleire kostbare ting. I skiftet etter han blir det nemnt eit sylvbeger som var forgyldt og ei kanne av sylv. Dei hadde også ein heil del tinnsaker, både fat og tallerkenar og lysestake. Vidare var her to store kopparkjelar. Gift i 1766 med Siri Pålsdotter, født 1750, død 1838, dotter til Pål Mortensen Idse i Strand. Ho fortsatte med å bruka denne parten etter at mannen var død. Ved ei utskiftning på garden i 1822 blir ho kalt "beboerske", men i folketellinga frå 1825 er ho folgekone. I futen sine kassabøker blir ho ført som brukar til og med året 1836.
Barn:
- Anna, født 1771, gift i 1796 med Ådne Tormodsen Selvik i Høle
- Gjøa, født 1773, gift med 1) 1800 Jens Torbjørnsen, husmann på Tingholmen (død 1810) (nr 40), 2) 1811 Ingebret Svensen, overtok husmannsplassen (nr 41)
- Kristoffer, født 1775, bonde på Eltarvåg etter mora (nr 12)
- Pål, født 1779, bonde på Hinna i Hetland, gift i 1801 med enka Maren Monsdotter Hinna
- Ola, født 1782, død 1782
- Ola, født 1783, nemnt i 1805
- Siri, født 1787, gift med 1) 1809 Rasmus Torsen Skjørestad (Skjørestad-31) (død 1816), 2) 1816 Endre Ivarsen Skjørestad (Skjørestad-32)
- Ivar, født 1791, bonde på Sviland i Høyland (sjå Høyland gard og ætt side 408, nr 22), gift med 1)1813 enka Berta Endresdotter Sviland (død 1837), 2) 1840 Anna Jonsdotter Mork
- Anders, født 1793, bonde på Levik i Forsand (sjå Forsandboka bind I, del 1, side 276), gift i 1824 med Eli Jensdotter Nedre Espedal (sjå Forsandboka bind III, side 422).
12. Kristoffer Ivarsen,
født 1775, død 1848. Son til Ivar Kristoffersen Eltarvåg. Kristoffer gifta seg i 1804 og etterpå budde han med familien sin her på Eltarvåg. Mora hans var enka og det var ho som brukte denne gardparten, men Kristoffer var nok med i gardsdrifta. Han blir kalt for "Landeværn" i 1811, men i 1814 var han "Gaardmand". Ved folketellingane i 1825 og 1835 er det han som er ført som gardbrukar, mens mora då var folgekone. I futen sine kassabøker står likevel mora som brukar heile denne tida, fyrst frå 1837 kjem Kristoffer inn. I 1832 fekk Kristoffer kongeleg skjøte på denne parten av garden, og han brukte han sidan som sjølveigar til 1840. Gift i 1804 med Ranveig Larsdotter, født 1779, død 1853, dotter til Lars Monsen Åse i Høyland (sjå Høyland gard og ætt, side 469, nr. 35.B).
Barn:
- Serina, født 1804, gift med 1832 enkemann Per Gabrielsen Jødestad (Jødestad- 18)
- Ingeborg, født 1807, gift i 1828 med Mons Kjelsen Lauvås (Lauvås-32)
- Rakel, født 1808, død 1811
- Ivar, født 1811, død 1848
- Ola, født 1814, død 1836
- Lars, født 1817, bonde på Eltarvåg etter faren (nr 13)
- Kristoffer, født 1819, budde fyrste tida på Eltarvåg (Folk i bygda-327), sidan husmann i Kvervå under Hølegarden (sjå Høle gjennom hundreåra, side 61), gift med 1849 Marta Maria Olsdotter Svihus
- Rasmus, født 1822, død 1844
- Rakel Guria, født 1825, død 1826 (ho blei bare eitt år). I Gard og Ætt i Madla, side 184, har Sigurd Refheim skrive at ho blei gift i 1852 med Sivert Gudmundsen, som fyrst hadde gard på Reveim og sidan var farmar i Illinois i USA.
13. Lars Kristoffersen,
født 1817, død 1891. Son til Kristoffer Ivarsen Eltarvåg (nr 12). Lars fekk skjøte frå faren i 1840, og han sat med denne parten til 1874. Gift i 1839 med Ingeborg Ådnesdotter, født 1810, død 1876, dotter til Ådne Olsen Hammar i Høle (sjå Høle gjennom hundreåra, side 99).
Barn:
- Rakel, født 1839, gift i 1860 med Kristian Larsen Riska (Riska- 108)
- Kristoffer, født 1841, bonde på Eltarvåg etter faren (nr 61), gift i 1865 med Kristina Knutsdotter Vier
- Berta Serina, født 1842, gift i 1864 med Kristoffer Persen Jødestad, dei var syskenbarn (Jødestad -28)
- Ane, født 1845, gift med 1865 Knud Knudsen Vier (nr 36 og 83)
- Inger Laurense, født 1847, gift i 1872 med Aadne Guttormsen Riska, dei var syskenbarn (Riska -93)
- Ivar, født 1849, småbrukar på Sletten (nr 80), gift i 1874 med Maren Olsdtr. Svihus
- Olaus, født 1851, budde i Stavanger. Han var fyrst styrmann, så handelsmann, sidan dreiv han vognmannsforretning. Gift med 1) 1878 Rakel Olsdotter Svihus, 2) Ingeborg Helene Olsdotter, 3) Anna Gunnarsdotter frå Hagen under Songesand i Forsand (sjå Forsandboka bind I, del 1, side 394 og 397).
II Den ytre parten
(nå bruksnr 6, 7, 8, 10, og halvdelen av bruksnr 2)
14. Ivar Sevrinsen,
død i 1650-åra. Son til Sevrin Hetland (Hetland-5). Ivar brukte den ytre halvparten av garden frå 1635, og her budde han til han døydde. Odelsretten sin til garden på Hetland selde han til den yngre broren Lars Sevrinsen (sjå Stavanger Lagdømme, Tingbok no 2, fol 47 b). Gift med Siri Rasmusdtr., født ca 1609, død 1689, dotter til Rasmus Håvardsen Eltarvåg (nr 5). Ho gifta seg andre gong med Torbjørn Olsen, som hadde denne parten etterpå (nr 15).
Barn:
- Sevrin, født 1640, bonde på denne parten seinare (nr 16).
15. Torbjørn Olsen,
født 1612 eller 1624, død ca 1670. Son til Ola Gunnarsen Riska (Riska-8). Alderen på Torbjørn er oppgitt svært forskjellig av presten og futen som begge sette opp manntal i 1660-åra. Men sidan sonen til Torbjørn ikkje er fødd før om lag 1660, så er vel det yngste års talet rettast. Torbjørn gifta seg med enka etter Ivar Sevrinsen (sjå Stavanger Lagdømme, Tingbok no 5, fol 9b - 10a). Fyrste gong Torbjørn blir nemnt som brukar på Eltarvåg er i 1661, og siste gong i 1668. I 1666 var Torbjørn med og viste kor skiftet gjekk mellom Riska og Hommarsåk (sjå Tingbok no 23, Jæren og Dalane, fol 76a).
Gift i 1650-åra med enka Siri Rasmusdtr., født ca 1609, død 1689, dotter til Rasmus Håvardsen Eltarvåg (nr 5). Ho hadde tidlegare vore gift med Ivar Sevrinsen Eltarvåg (nr 14). Siri Rasmusdtr. på Eltarvåg hadde pengar til gode då det i 1680 blei halde skifte etter Lars Olsen Riska i Stavanger (sjå Rogoaland Historie 1944, side 47). Han må ha vore bror til den siste mannen hennar.
Barn:
- Magel, ho døydde i 1695 og skulle då ha vore 50 år. Etter det skulle ho ha vore fødd ca 1645, men det rette er vel at ho var bortimot ti år yngre. Gift med 1693 Mikal Trulsen Bjelland (Bjelland-17)
- Ivar, født ca 1660, han hadde denne parten etter halvbroren Sevrin (nr 17).
16. Sevrin Ivarsen,
født 1640. Son til Ivar Sevrinsen Eltarvåg (nr 14). I 1662 selde han åseteretten han hadde til den eine parten av Hetlandsgarden til Knut Gardsen. Tre år seinare måtte han purra på Knut for å få det han var lovt i betaling (sjå Amtmannen i Stavanger, pk A 26 a, 2. rekke, no 40, Tingbok no 22, Jæren og Dalane, fol 61 b-63 a og Tingbok no 23, Jæren og Dalane, fol 30 a-30 b). Sevrin var dreng på Li midt i 1660-åra, men så tok han til å kjøpa jordegods i Hetland av dei mange onklane sine (sjå Tingbok no 22, Jæren og Dalane, fol 63a og Tingbok no 23, Jæren og Dalane, fol 30a). Då stefaren fall ifrå, overtok Sevrin parten i garden på Eltarvåg. Han blir nemnt som brukar i eit militært manntal frå 1673, og då hadde han ennå ikkje vore soldat. Det viser at han var ein heller ung mann.
Barn:
- Torbjørn, som var soldat i 1700
- Anna, død 1729.
17. Ivar Torbjørnsen,
født ca 1660, død 1709. Son til Torbjørn Olsen Eltarvåg (nr 15). Ivar var soldat i 1681 . Han overtok denne parten av Eltarvåggarden etter den eldre halvbroren, og det var sannsynlegvis ein gong i 1680-åra sidan han var gift og fekk barn då. Sidan hadde han garden til han døydde. Ved skiftet etter han blei buet hans vurdert til snautt 100 dalar. Han had de ikkje noka særleg kostbare ting, det blir nemnt eit par lysestakar og tre gamle kister. Gift 1) med Ingeborg Helgesdotter, død mellom 1685 og 1689, dotter til Helge Trondsen Riska (Riska-7). 2) med Elen Jensdotter, død 1732, dotter til Jens Tørresen Nora Hogstad (Hogstad-20). Ho gifta seg etterpå med Johannes Johannesen som fekk garden med henne (nr 18).
Barn, fyrste ekteskap:
- Torbjørn, født 1685, reiste utanlands i 1704
i andre ekteskap:
- Sevrin, født 1688, bonde på Søre Hogstad (Hogstad-71), gift i 1723 med Inger Eriksdotter Søre Hogstad
- Jens, født 1690, død 1690
- Ingeborg, født 1692, gift i 1715 med Tore Olsen Skjørestad (Skjørestad-10)
- Berit, født 1696, gift 1) i 1719 med enkemann Reidar Omundsen Uskjo (død 1725) (Uskjo-33), 2) i 1726 med Ola Mikalsen Uskjo (Uskjo-34).
18. Johannes Johannesen,
født 1680, død 1732. Son til Johannes Helgesen Hetland (Hetland-35). Til å begynna med hadde Johannes eit gardsbruk på Hetland som han hadde overtatt etter svigerfaren. Men kona hans døydde ganske ung (sml Hetland -17). Så gifta han seg med enka etter Ivar Torbjørnsen og overtok parten hans i Eltarvåggarden. Johannes og Elen forlova seg i 1709 og same året bygsla han denne garden. Her var han gardbrukar fram til 1731, så overtok svigersonen. Gift 1) i 1706 med Marit Einarsdotter, død 1708, dotter til Einar Rasmusen Hetland (Hetland- 16), 2) i 1710 med enka Elen Jensdotter, død 1732, dotter til Jens Tørresen Nora Hogstad (Hogstad-20). Ho var enka etter Ivar Torbjørnsen Eltarvåg (nr 17).
Barn, i fyrste ekteskap:
- Ranveig, født 1707, gift i 1733 med Anders Jonsen, som overtok denne parten i garden (nr 19).
19. Anders Jonsen,
født 1703, død 1772. Son til Jon Børelsen Forenes i Høyland (sjå Høyland gard og ætt, side 143, nr 6).
Anders bygsla denne parten i 1732 og hadde han til 1754, då gav han garden frå seg til svigersonen. Utanom å driva garden var Anders smed. Han hadde belg og esse, tong og eit par tynslehamrar. Dessutan hadde han jernklubbe og to jernkilar til å sprenga stein med. Då han gav frå seg garden, skifta Anders og kona med barna sine. Det var verdiar for over 90 dalar i buet, og i tillegg eigde dei halve garden på Haualand. Dei hadde sylvskei, tinnfat, tinnkanne, messingstake og ein gammal kopparkjel. Ellers hadde dei huspostill. Etterpå var dei folgefolk her på Eltarvåg. I 1764 var han vanfør og låg til sengs, og Ranveig var gammal og helselaus. Då svigersonen reiste frå garden, skulle Anders ha "Opsætning" av den neste brukaren.
Gift i 1732 med Ranveig Johannesdotter, født 1707, død 1766, dotter til Johannes Johannesen Eltarvåg (nr 18).
Barn:
- Marta, føddt 1733, død 1733
- Berta, født 1735, gift i 1755 med Ivar Bjørnsen, som overtok gardsbruket (nr 20)
- Johannes, født 1737, bonde på Haualand (Haualand-27), gift i 1768 med Ingeborg Hansdotter Bjelland
- Marit, født 1739, gift 1) med 1767 Hallvard Hallvardsen, budde i Stavanger, 2) med Ola Jonsen Søre Sunde
- Valborg, født 1746, gift i 1779 med Gitle Larsen Rimestad, budde i Stavanger, arbeidar og kyrkjetjenar (sjå Hå gard og ætt, bind I Nærbø, side 11-12). Gitle budde i Hospitalsgata, ikkje så langt frå ei bru over Skolebekken. Han blei kalt "Gitle me' Grinnå".
20. Ivar Bjørnsen,
født 1727, død 1795. Son til Bjørn Olsen, husmann på Tingholmen (nr 37).
Ivar blei forlova med dotter til Anders og fekk bygsla parten hans i garden i 1754. Her budde han til 1768, men så bytta han gard med Rasmus Rasmusen og flytta til Kalvøynå. Der budde han sidan.
Gift 1) i 1755 med Berta Andersdotter, født 1735, død 1777, dotter til Anders Jonsen Eltarvåg (nr 19),
2) i 1777 med Jorunn Jakobsdotter., født ca 1728, død 1811.
Barn, i fyrste ekteskap:
- Anders, født 1755, budde på Kalvøy
- Bjørn, født 1758, død 1759
- Bjørn, født 1760, død 1784, gift i 1783 med Inger Olsdotter
- Ola, født 1762, budde til å begynna med på Lindøy, sidan i Stavanger der han var småhandlar og fiskehandlar. Kjøpmannen "Ola i Berje" var ein av dei større sildespekulantar i begynnelsen av forrige århundre. Gift i 1783 med Berta Rasmusdotter Skjørestad (sml Skjørestad-1l.k) (sjå Stavanger Borgerbog, side 219 og Samlign Stavanger historie bind IV, side 476, 522, 532)
- Ivar, født 1764, budde på Lindøy (?)
- Einar, født 1766, husmann i Vågen under Hommersåk (Garden Hommersåk-20), som gammal budde han på Kalvøy, gift i 1788 med Åse Nilsdotter
- Bernt, født 1768, fiskar, budde i Stavanger (sjå Samling Stavavanger historie bind IV, side 472, 514), gift i 1795 med Marta Ellingsdotter Austbø
- Jon, født 1771, budde på Kalvøy, gift i 1793 med Siri Olsdotter Hetland (sml Hetland-20.f)
- Helga, født 1773, gift i 1799 med Bjørn Hallvardsen Søre Sunde, tollbetjent i Stavanger (sjå Madla gard og ætt side 292-293)
- Ranveig, født 1775, død 1776
- Beitel, født 1777, død 1777.
21. Rasmus Rasmusen,
født 1729, død 1816. Son til Rasmus Ivarsen Gjestaland i Høle (sjå Høle gjennom hudreåra, side 62). Rasmus budde til å begynna med på Kalvøy, til han og oppsittaren på Eltarvåg bytta gardar. I 1768 bygsla så Rasmus denne halvparten av Eltarvåg, som han brukte fram til 1796. Ved skiftet etter den fyrste kona i 1780 får me vita at dei hadde fem tinnfat og to tallerknar av tinn, og så var her to kopparkjelar. Dessutan hadde dei to huspostillar, ein av Miiller og ein av Brochmann. Dei hadde også bibel, salmebok og endå ei gammal bok. Heile innbuet deira blei taksert til 123 dalar.
Gift 1) i 1761 med Karen Eriksdotter, f. 1734, død 1779, dotter til Erik Torsen Gjestaland i Høle (sjå Høle gjennom hundreåra, side 62).
Barn, i fyrste ekteskap:
- Rasmus, født 1764, død 1765
- Marta, født 1766, død 1766
- Rasmus, født ca 1766, død 1779, den same som neste ?
- Rasmus, født 1767, død 1780, den same som han oppføre ?
- Marta, født 1770, død 1779
- Juditte, født 1775, død 1775
- Juditte, født 1776, gift 1) i 1797 med Anders Kristoffersen, som overtok gardsbruket (død 1811 ) (nr 22), 2) i 1813 med Erik Eriksen, som hadde garden etter Anders (nr 23).
22. Anders Kristoffersen,
født 1773, død 1811. Son til Kristoffer Gunnarsen Nordland i Forsand (sjå Forsandboka bind I, del 1, side 78). Anders bygsla denne parten i 1796. Han døydde tidleg, og ved skiftet etter han i 1812 blir det nemnt ei sylvskei og eit par spennarav sylv, vidare eit tinnfat, åtte tallerknar av tinn og seks sta kar av messing.
Gift i 1797 med Juditte Rasmusdotter, født 1776, død 1834, dotter til Rasmus Rasmusen Eltarvåg (nr 21). Ho gifta seg på nytt med Erik Eriksen som hadde denne parten etterpå (nr 23).
Barn:
- Karen, født 1798, gift i 1819 med Knut Øyuvsen, husmann i Vier (nr 35)
- Kristoffer, født 1801, bonde på Eltarvåg (nr 24)
- Rasmus, født 1803, budde på Idse i Strand, gift i 1826 med Inger Torsdotter. Bratteli (sjå Forsandboka bind I, del 1, side 353-354)
- Andreas, født 1806, bonde på Løland i Forsand (sjå Forsandboka bind 111, side 375), gift i 1828 med Kristi Torsteinsdotter. Øvre Espedal
- Guri, født 1809, gift med Torkell Tormodsen, husmann på Myrland under Store Auglend i Høle (samlign Forsandboka bind I, del 1, side 373 og 375 f). Dei blei sidan skilde, og ho budde i 1875 som legdslem hos husmannsenka i Naustervig
- Gunnar, født 1811 (tvilling), død 1834
- Paul, født 1811 (tvilling), husmann i Slåttebakken under Lauvås (Lauvås- 29), gift i 1838 med Ingeborg Trulsdotter.
23. Erik Eriksen,
født ca 1789, død 1821. Son til Erik Ådnesen Bersagel i Høle (sjå Høle gjennom hundreåra, side 95). Erik overtok denne parten av garden då han gifta seg med enka her. Gift i 1813 med enka Juditte Rasmusdotter, født 1776, død 1834, dotter til Rasmus Rasmusen Eltarvåg (nr 21). Ho hadde før vore gift med Anders Kristoffersen Eltarvåg (nr 22). Etter at også den andre mannen hennar var død, fortsatte Juditte å bruka garden fram til sonen overtok i 1826. Ho og Erik hadde ikkje barn.
24. Kristoffer Andersen,
født 1801, død 1876. Son til Anders Kristoffersen Eltarvåg (nr 22). Etter at Kristoffer gifta seg blei han buande på Eltarvåg med familien sin. Mora var nå blitt enka for andre gong, og Kristoffer var med og hjelpte henne med gardsdrifta. I folketellinga for 1825 blir han kalt dreng. Han overtok gardsbruket etter mora i 1826, og i 1831 fekk han skjøte frå kongen på sin part av garden. Etterpå dreiv han gardsbruket som sjølveigar fram til 1849. Det gamle huset på garden hadde i 1790-åra bare ei stove, men sidan er det blitt bygd på ei stove til. I denne nye delen finn me desse bokstavane malt på veggen:
CAP KTDE 1845
Gift i 1822 med Karen Torsdotter, født 1801, død 1860, dotter til Tore Torsen Idsal i Strand.
Barn:
- Andreas, født 1823, bonde på Eltarvåg etter faren (nr 25).
25. Andreas Kristoffersen,
født 1823, død 1885. Son til Kristoffer Andersen Eltarvåg (nr 24). Andreas hadde denne parten frå 1849 til 1881. Så overlot han den gamle garden til sonen, mens han sjølv flytta til Naustervig og budde der dei siste åra han levde (sjå nr 101). Gift 1) i 1851 med Gunhild Trulsdotter, født 1820, død 1865, dotter til Truls Nilsen Dale (Dale-24), 2) i 1871 med Karina Endresdotter, født 1844, død 1923, dotter til Endre Torbjørnsen, husmann i Myra (nr 55).
Barn, i fyrste ekteskap:
- Kristoffer, født 1851, overtok gardsbruket på Eltarvåg etter faren (nr 98), gift i 1882 med Maria Olsdotter
- Tomas, født 1852, sjømann, reiste til Amerika
- Karen Taletta, født 1856, gift i 1892 med enkemann Adolf Malmin, arbeidsformann ved Stavanger Støperi & Dokk. Som gammal budde han på Malmheim og reiste som predikant (sjå Høyland gard og ætt, side 293, nr 90.A)
- Gabriel, født 1859, tømmermann, reiste til sjøs i andre ekteskap.
- Ane, født 1872, død 1902
- Edvard, født 1877, småbrukar i Naustervig (nr 102), gift i 1908 med Ane Knudsdotter Vier
- Ivar Kornelius, født 1884, reiste til Nord-Norge, død ung, ikkje gift.
Husmennene
1 Vier
26. Jon
Han budde ein stad på Eltarvåg i 1707, då var han fadder på sonen til den eine oppsittaren på garden. Me veit ikkje kor Jon budde, men sidan det var ein husmannsplass i Vier då, kan det jo ha vore der.
27. Hallvard
Ved skiftet etter Anna Einarsdotter, Nordre Hogstad i 1709 får me vita at mellom anna Hallvard Eltarvåg hadde ein liten pengesum til gode (2 ort). Anna var i slekt med Gådeset-folka der dei brukte Hallvard-namnet, så Hallvard Eltarvåg høyrde vel og til dei på ein eller annan måte. Han kan og ha budd i Vier.
28. Tore
Tore Eltarvåg hadde til gode for 1/2 tønne malt, blir det opplyst då det blei halde skifte etter Herborg Helgesdotter Uskjo i 1719. Til dekning for dette fekk han lagd ut av buet ei tønne korn, ei kjerne og to bøtter. Sidan han ser ut til å ha hatt litt å rutta med, må han ha vore noko meir enn ein dreng eller ein heimeverande son på garden. Og utanom gardsbruka var det bare i Vier det budde folk den gong, så han haldt kanskje til der.
29. Tollak Torjusen,
født. ca 1639, død 1730. Han var frå Sirdal. Tollak hadde gard på Liland i Sirdal i slutten av 1600-talet. Sidan kom han til Riska og var fyrst dreng på Hetland, så over tok han husmannsplassen i Lauvåsvågjen (Lauvås-14). Til slutt var han husmann i Vier. Her blir han nemnt fyrste gong i 1721, og her budde han til han døydde i 1730 ("gl. fattig mand Tollach i Vier").
Gift med Åsa Johannesdotter, ho var fadder på barn til oppsittaren Anders Jonsen, som stamma frå Sirdal. Det var i 1735 og 1739, så Åsa må ha blitt sittande med plassen etter at mannen var død.
Barn:
- Jakob, født ca 1686, nemnt i 1706
- Gunnar, født ca 1691, tjente på Austbø i 1706
- kan henda: Berit Tollaksdtr., gift med Ola Johannesen Uskjo, som døydde allerede i 1700 (Uskjo-23). I 1732 døydde ei Berit Lauvås som blei kalt "en fattig kvinne". Det kan ha vore Berit Tollaksdotter.
30. Ivar Persen,
født 1687, død 1732. Son til Per Torsen, husmann i Breivik under Bersagel i Høle (sjå Høle gjennom hundreåra, side 95). Ivar var halt ifylgje det sjømilitære manntalet frå 1706. Då budde han heime i Breivik. Sidan var han husmann under Eltarvåg. Her budde han i 1721 og fram til han døydde, og i 1730 blir han kalt "Ivar Vie". Gift i 1716 med Karen Vermundsdotter, død 1732. Dei blei vigde i Strand, så kan henda var ho derifrå.
Barn:
- Hallvard, født 1721
- Vermund, født 1727
- Vermund, født 1728
- Mari, født 1730.
31. Johannes Aslaksen,
født 1700, død 1758. Son til Aslak Persen Øyestøl i Sirdal (sjå Sirdal gard og ætt bind I, side 492- 493). Johannes hadde fyrst gard på Øyestøl, men han flytta derfrå i 1736 (sjå Sirdal gard og ætt bind I, side 493). Så budde han i Høle sokn (nemnt i 1740), det kan ha vore i Forsand-delen. Etter det brukte han den eine parten av Svihus i Høyland, der var han i 1743 og 1745 (sjå Høyland gard og ætt side 401, nr 14). Til slutt var han husmann i Vier. Her til må dei vera komne før 1750, for det året var kona hans fadder ("Ragnhild Wiger"). Johannes er nemnt her i eit manntal som lensmannen sette opp i 1754, og her døydde han.
Gift i 1) 1724 med Liva Olsdotttr, død 1743, dotter til Ola Persen Ausdal i Sirdal (sjå Sirdal gard og ætt bind I, side 537),
2) med Ragnhild Johannesdotter, nemnt i 1750.
Barn, i fyrste ekteskap:
- Ola født. 1726
- Aslak, født 1727, husmann i Bergsvik under Berge i Kålabygda, Forsand (sjå Forsandboka bind I, del 1,557), gift 1) i 1752 med Gunvor Knutsdotter Bergsvik, 2) i 1760 med Ingeborg Knutsdotter
- Aslak, født 1728, budde på Tjørhom i Sirdal i 1758
- Jørgen, født ca 1729, bonde på Lutsi i Høyland (sjå Høyland gard og ætt side 284, nr 13), gift 1) i 1756 med enka Marit Andersdotter Lutsi (død 1774), 2) i 1775 med Marta Torkellsdotter Haga
- Gunhild, født ca 1729, ikkje gift i 1758
- Ola, født 1731, han var fyrst bonde i Eikeskog, sidan på Øygarden, begge i Forsand (sjå Forsandboka bind I, del 2, side 595), gift i 1756 med enka Ingeborg Persdotter Eikeskog
- Ingeborg, født 1734
- Torger, født 1736, tjente på Eltarvåg i 1754, nemnt 1758
- Kari, ikkje gift i 1758
- Helga, gift med Jon Torkellsen Berge.
32. Rasmus Bjørnsen,
født 1717, død. 1788. Son til Bjørn Olsen, husmann på Tingholmen (nr 37). Dei fyrste åra etter han gifta seg budde Rasmus med familien sin på Tingholmen hos foreldra hans. Der budde dei ennå i 1753. Frå 1754 budde han som husmann i Vier. Til å begynna med var det to husmenn her, men etter at Johannes Aslaksen døydde hadde Rasmus heile plassen åleine. Sidan brukte han denne plassen så lenge han levde. Då kona døydde får me vita at dei hadde "een nye Stue som ike er færdig opsat". Denne må Rasmus ha fått gjort ferdig, for ved skiftet etter han var her "1 Stue Bygning". Gift ca i 1743 med Anna Bjørnsdotter, født 1718, død 1777, dotter til Bjørn Rasmusen Horve i Høle. Rasmus og Anna var syskenbarn.
Barn:
- Anna Helena, født 1744, ho budde i 1764 som innarst i Vier
- Helga, født 1747, gift i 1785 med Tore Torsen Fotland, "mæster skomager" i Stavanger (sjå Stavanger Borgerbog side 192, og Samlign Stavanger historie bind IV, side 460)
- Tora, født 1750, gift i 1788 med Øyuv Knutsen, husmann i Vier etter svigerfaren (nr 33)
- Bjørn, født 1753, død før 1777
- Rasmus, født 1757, død før 1777.
33. Øyuv Knutsen,
født 1764, død 1819. Son til Knut Tolleivsen, husmann på Forsandlandet (sjå Forsandboka bind 11, side 382). Når det gjeld namnet hans, sjå de Fine, Stavanger Amptes udførlige Beskrivelse, ved Per Thorsen (1952), side 271. Øyuv fekk bygsla plassen i 1788 mot å gi den gamle svigerfaren "Livs ophold og Opvartning". Han skulle betala 32 skilling i året for plassen og arbeida 18 dagar for leiglendingane på garden, eller om han heller ville gjera opp med pengar så skulle han ut med 8 skilling for kvar arbeidsdag. Og han kunne ikkje ha meir enn 4 kyr og 12 sauer på ød i utmarka. Øyuv skulle og passa "Gaardens Skifte" og sjå til at ikkje nokon fremmed hogde i skogen. Han måtte "ikke i nogen Maade" befatta seg "med Skov hugst i Gaarden Eltervaags mark". Og han måtte heller ikkje fiska sånn at han var i vegen for oppsittarane på garden når dei skulle fiska. Til slutt måtte han ikkje skjera "meere Torv end til hans Husfornødenhed behøver". Øyuv sat med plassen så lenge han levde. Gift i 1788 med Tora Rasmusdotter, født 1750, død 1824, dotter til Rasmus Bjørnsen, husmann i Vier (nr 32).
Barn:
- Rasmus, født 1789, nemnt i 1801
- Gunhild, født 1791, gift i 1816 med Jakob Torsen, budde ei tid på plassen til svigerfaren (nr 34)
- Knut, født 1794, husmann i Vier (nr 35).
34. Jakob Torsen,
født 1790, død 1859. Son til Tore Torsen Sporaland i Høyland (sjå Høyland gard og ætt side 378, nr 12). Etter dei gifta seg budde Jakob og Gunhild den fyrste tida her i Vier hos foreldra hennar. Då dei hadde barnedåp i 1819, blei han kalt husmann. Sidan budde dei på Sporaland (sjå Høyland gard og ætt side 378, nr 16). Gift i 1816 med Gunhild Øyuvsdotter., født 1791, død 1878, dotter til Øyuv Knutsen, husmann i Vier (nr 33).
Barn fødde mens dei budde her:
- Tore, født 1816
- Tobia,født 1819.
35. Knut Øyuvsen,
født 1794, død 1868. Son til Øyuv Knutsen, husmann i Vier (nr 33). Etter at faren døydde gifta Knut seg og overtok plassen. Han blir kalt for husmann i Vier allerede 1820, men tinglyst festeseddel fekk han fyrst i 1833. Ifylge husmannskontrakten sin skulle Knut betale 5 speciedalar i året og arbeida seks dagar kvart år for bonden på den indre parten, når han forlangde det. Om bonden heller ville ha pengar, skulle Knut ut med 6 speciedalar i staden for dei seks arbeidsdagane. Knut skulle få lov til å utvida plassen med eit jordstykke som låg attmed, og han kunne ha så mykje kyr og sauer som han klarte å skaffa for til på plassen. Vidare hadde han "fri Veedbrænde og Torvskuur" til det han trong sjølv, og han kunne og skjera torv i "Uhrvigmyhren" til å selja. I 1853 sette soknepresten opp ei liste over husmennene i bygda. Der les me at Knut levde i "gode Omstendigheder". Han hadde plassen sin til han døydde. Gift i 1819 med Karen Andersdotter, føddt 1798, død 1874, dotter til Anders Kristoffersen Eltarvåg (nr 22) (på det ytre bruket).
Barn:
- Tobia, født 1820, ikkje gift i 1865
- Juditte, født 1822, gift i 1855 med Ola Danielsen Feggestad
- Østen, født 1823, bonde i Lauvåsvågen (Lauvås-49), gift 1) i 1866 med enka Serina Jespsdotter Lauvåsvågen (død 1899), 2) i 1899 med enja Ingeborg Tjerandsdotter Lauvås
- Andreas, født 1826, budde på Idse (?)
- Rasmus, født 1827, bonde på Hana-øygarden i Høyland (sjå Høyland gard og ætt side 175, nr 62), gift i 1854 med Ane Kristine Torsteinsdotte Hana
- Karina, født 1830, gift i 1858 med Ola Jakobsen, sjøfarande, budde ei tid til leige her (Folk i bygda-328), så i Stavanger. Kjøpte eit stykke på Lauvås ca 1873 (Lauvås-95)
- Kristina, født 1832, død 1835
- Enok, født 1834
- Knud, født 1835, budde i Vier (nr 36)
- Gunnar, født 1838, budde fyrst her i Vier, sidan tømmermann og bonde på Skjørestad i Høyland (sjå Høyland gard og ætt side 360, nr 22), gift i 1860 med Maria Jespsdotter Nordland
- Elen Maria, født 1840, død 1840
- Inger Kristina, født 1842, g 1) i 1860 med Kristoffer Larsen Eltarvåg (nr 61) (død 1882), 2) med Eivind Tøge, budde i Uskjo (Folk i bygda-269)
- Enok, født 1844.
36. Knud Knudsen,
født 1835, død 1925. Son til Knut Øyuvsen, husmann i Vier (nr 36). Knud gifta seg i 1865 og budde etterpå med familien sin her i Vier hos foreldra sine. Han hjelpte vel med drifta av plassen, for i 1866 blei han og kalt husmann. Han hadde blitt gift med dottera på den parten av garden som plassen låg under, og i 1869 fekk Knud kjøpa plassen av svigerfaren sin (sjå vidare nr 83). Gift i 1865 med Ane Larsdotter, født 1845, død 1901, dotter til Lars Kristoffersen Eltarvåg (nr 13) (på den indre parten).
Barn fødde mens dei ennå var husmannsfolk:
- Kornelius, født 1866
- Laurits, født 1867
- Karl, født 1869.
2 Tingholmen
37. Bjørn Olsen,
født ca 1677, død etter 1755. Det er sett fram fleire forslag om kven som var faren hans. Etter A. Ellingsen skulle det ha vore Ola Motland i Forsand, mens Jakob Jåthun meinte han var fødd i Gøysavik. Frå dei gifta seg og fram til 1715 budde Bjørn og Helga i Stavanger. Kan henda det var han som blei kalt "En fattig veddrager" i 1711 (sjå Samling Stavanger historie bind IV, side 323). Så flytta dei inn til Forsand og han var hus mann i Gøysavik under Gøysa (sjå Forsandboka bind 11, side 304-305). Der budde dei ennå i 1727. Omlag 1730 fekk dei slå seg ned på Tingholmen og her rydda dei seg ein ny husmannsplass. I 1755 fødde dei så mykje som tre kyr her. Det var like vel ikkje jorda som var det viktigaste. Ved skiftet etter kona i 1755 får me vita at Bjørn hadde not, naust og ein vengebåt. Det var ein større båt med overbygning bak, så dei må ha drive ganske mykje fiske. Buet deira blei då vurdert til godt og vel 43 dalar, og legg ein til verdien av husa på plassen kjem ein opp i nesten 90 dalar. Det var det doble av det husmannen i Lauvåsvågen hadde av verdiar ti år tidlegare. Gift i 1708 med Helga Oldsdotter., født ca 1685, død1755.
Barn:
- Asgjerd ,født 1708, gift i 1736 med Ivar Berntsen, bonde på Heng i Strand. Ho blei tidleg enke og kom tilbake til Tingholmen. I 1754 var ho vanfør og hadde hos seg ei dotter som var fødd i Strand. Dottera Signe Ivarsdotter blei sidan gift på Hetland (Hetland-39)
- Ola, født 1712, død 1717
- Rasmus, født 1714, død 1717
- Rasmus, født 1717, budde fyrst her på Tingholmen i lag med foreldra, sidan husmann i Vier (nr 32), gift ca 1743 med Anna Bjørnsdotter Horve (dei var syskenbarn)
- Inger, født 1719, ho var ugift i 1755
- Ola, født 1720, truleg død liten
- Ola, født 1722, han budde også her på Tingholmen hos foreldra sine etter han gifta seg (nr 109), men så overlot svogeren Ivar Berntsen halve garden på Heng til han, gift i 1744 med Astrid Berntsdotter. Heng
- Bjørn, født 1723, husmann på Tingholmen (nr 38)
- Jorunn, født 1725, gift i 1746 med Per Asgautsen Gjeitaskjer i Strand
- Ivar, født 1727, bonde på Eltarvåg (nr 20), sidan på Kalvøy, gift 1) i 1755 med Berta Andersdotter Eltarvåg (død 1777), 2) i 1777 med Jorunn Jakobsdotter
- Elling, født 1730 på Tingholmen. Han budde fyrst hos broren i Vier (nr 110), sidan i Stavanger, gift i 1756 med enka Gjertrud Jakobsdotter. Ho hadde før vore gift med Hallvard Rasmusen (sjå Samling Stavanger historie bind IV, side 353).
38. Bjørn Bjørnsen,
født 1723. Son til Bjørn Olsen, husmann på Tingholmen (nr 37). Då det blei halde skifte etter mora i 1755 var han ennå ugift. Sidan gifta han seg og to-tre år dreiv han vel plassen for den gamle faren. I 1760 kallest den yngre Bjørn for husmann. Allerede same året fekk ein ny mann festeseddel på denne plassen, så då var nok faren til Bjørn død. Dei unge folka flytta vekk, utan at me veit kor det blei av dei.Kona hans veit me ikkje namnet på, men ho kan ha vore den Guri Monsdotter som var fadder på eit barn frå Lauvåsvågen i 1761.
Barn:
- Bjørn, født 1760.
39. Torbjørn Jensen,
født 1719, død 1800. Son til Jens Jensen Bersagel i Høle (sjå Høle gjennom hundreåra, side 95). Torbjørn og kona hadde til å begynna med budd på Bersagel og så på husmannsplassen Hagjen under Eskjeland i Høle (sjå Høle gjennom hun dreåra, s 92). Sommaren 1760 fekk han bygsla husmannsplassen på Tingholmen. Han skulle betala 2 mark i grunnleige til jordeigaren kvart år og arbeida 24 dagar i året for leiglendingane på Eltarvåg. Denne plassen brukte Torbjørn sidan så lenge han levde. Gift 1) i 1749 med Kari Olsdotter, født 1710, død 1763, dotter til Ola Rasmusen, husmann i Hagen under Eskeland (sjå Høle gjennom hundreåra, side 91), 2) i 1763 med Ingeborg Torsdotter, født 1741, død 1809, dotter til Tore Andersen Lerang i Forsand (sjå Forsandboka bind I, del 1, side 167-168).
Barn, i fyrste ekteskap:
- Guri, født 1749, gift med Velum Håvardsen, som hadde ein husmannsplass under Hommersåk ei stund (Garden Hommersåk-27)
- Rasmus, født 1754
- Kirsti, født 1755, gift i 1782 med Omund Hallvardsen (frå Fosse i Time, sjå Time gard og ætt side 309, nr 62c). Dei budde fyrst i Stavanger, så på Hindal, Hinna, ei tid på Bersagel og så på plassen Tjødnabakken under Brathetland i Høle. Til slutt budde dei i eit hus som høyrde til under garden Njæreim i Nærbø (sjå Hå gard og ætt bind I, Nærbø, side 96, nr 86)
- Torbjørn, født 1756, truleg død liten
- Berit, født 1758, truleg død lita
- Ola, født 1759, budde i København i 1804
- Berit, født 1760, død 1772
i andre ekteskap:
- Jens, født 1764, overtok plassen på Tingholmen etter faren (nr 40)
- Torbjørn, født 1767, død 1804. Han var nasjonal soldat i 1801 og ugift. Då han døydde etterlot han seg verdiar for over 158 dalar. Det meste av dette var pengar, mellom anna hadde han lånt 49 dalar til andre. Han hadde børse og ei kiste med lås og jernbeslag. Vidare hadde han både halsknapp og eit par armknappar av gull og to par skospennar av sylv. Så hadde han ei trøye med 16 sylvknappar i, eit silkeskjørt og eit bomullstørklede
- Tore, født 1769, i 1801 var han uttjent soldat og arbeidde som dreng i Uskjo. Då broren Torbjørn døydde nokre år etter budde Tore heime på Tingholmen. I 1825 var han dagarbeidar og budde i Vier, og i 1835 var han innarst i Uskjo. Han var ikkje gift (Eltarv)g-l11, Uskjo-100)
- dotter, født 1773, død 1773
- Karen, født 1774, nemnt i 1804, gift til Spillerhaug
- Anna, født 1779, gift i 1842 med enkemann Tore Torsen, husmann i Kåsahagen under Nordland i Forsand (sjå Forsandboka bind I, del 1, side 85).
40. Jens Torbjørnsen,
født 1764, død 1810. Son til Torbjørn Jensen, husmann på Tingholmen (nr 39). Han overtok plassen etter faren. Jens blir kalt husmann allerede i 1799, og då faren døydde året etter fekk Jens tinglyst festeseddel. Han skulle betala 2 mark i grunnleige til latinskulen i Kristiansand og to riksdalar til leiglendingane på garden kvart år. Og han fekk beskjed om at han ikkje måtte hindra leiglendingane i fisket deira. Jens døydde allerede i 1810 og me får då vita at han hadde to vestar og ei trøye med sylvknappar i. Vidare hadde dei tinnfat og lysestake av messing. Gift med 1800 Gjøa Ivarsdotter., født 1773, død 1846, dotter til Ivar Kristoffersen Eltarvåg (nr 11) (på den indre parten). Ho hadde bare eitt auge. Etter at Jens var død, gifta ho seg med Ingebret Svensen som overtok plassen (nr 41).
Barn:
- Torbjørn, født 1801, husmann på Tingholmen etter stefaren (nr 42)
- Ivar, født 1802, husmann i Stølsvig (nr 47), gift i 1838 med enke Malena Torsdotter
- Ingeborg, født 1805, død 1805
- Ingeborg, født 1806, nemnt i 1825
- Jens, født 1810, han budde ei tid i Songesand, i 1891 var han legdslem på Tingholmen, og året etter døydde han på Bergsholmen (sjå Forsand boka bind 11, side 260). Ikkje gift.
41. Ingebret Svensen,
født 1768, død 1838. Son til Sven Ingebretsen, husmann i Pannevigjå under Nedre Eiane i Forsand (sjå Forsandboka bind I, del 2, side 850). Han var fyrst gift med ei enke med gard på Store Ådnøy i Høle (sjå Høle gjennom hundreåra, side 101). Men etter at ho var død reiste han derifrå. I 1811 gifta han seg med enka her på Tingholmen og så var han husmann her fram til 1832. Etterpå budde han her som folgemann. Gift 1) i 1800 med enke Gunhild Olsdotter, født 1759, død 1809, dotter til Ola Rasmusen Store Ådnøy (sjå Høle gjennom hundreåra, side 101). Ho var enke etter Endre Lydiksen Store Ådnøy.
2) i 1811 med enka Gjøa Ivarsdtr., født 1773, død 1846, dotter til Ivar Kristoffersen Eltarvåg (nr 11). Ho hadde før vore gift med Jens Torbjønsen, husmann på Tingholmen (nr 40).
Barn, i andre ekteskap:
- Sven, født 1813, husmann i Slåttebakken under Lauvås (Lauvås-28), gift i 1835 med Kristina Persdotter.
42. Torbjørn Jensen,
født 1801, død 1875. Son til Jens Torbjørnsen, husmann på Tingholmen (nr 40). Han festa husmannsplassen i 1832. Dei fyrste åra, når han hadde mora og stefaren i folge, skulle han ut med 5 speciedalar og åtte dagars arbeid i året. "Men naar de Gamle er døde, da skal han svare 6 speciedalar og 6 Dages Arbeide". Arbeidsdagane var ikkje bundne til nokre av onnene, han måtte arbeida for oppsittaren når han forlangde det. Ellers hadde Torbjørn "fri Brændsel af Veed" og "hele Jubemyhren, som han alene maa bruge". Dessutan fekk han "Ret til at indgjerde paa alle sider af Galtemyhren saamegen Jord som han selv vil". Torbjørn var også fiskar. Ifylgje soknepresten si liste over husmennene i bygda, levde han i "mindre gode Omstendigheder" i 1853. Gift med Siri Andersdotter., født 1815, død 1903, dotter til Anders Torsteinsen Uskjo (Uskjo-31).
Barn:
- Ingeborg Serina, født 1833, ho var ikkje gift, dreiv med spinning
- Jonas, født 1834, budde ei tid på husmannsplassen til faren (nr 43), sidan rydda han seg ein ny plass eit stykke oppe i Galtavigjå (nr 60), gift i 1857 med enka Ester Sigbjørnsdotter.
- Marta Maria, født 1836, død 1836
- Andreas, født 1837, han kjøpte Tingholmen i 1874 og budde her etterpå som sjølveigande bonde (nr 107)
- Tomas, født 1839, d. 1839
- Grete, født 1840, død 1841
- Tobias, født 1842, skomakar, budde i Stavanger, gift med Tobia (frå Espedalen)
- Enok Emil, født 1844, byggmeister i Stavanger, på sine gamle dager hadde han eit stykke på Riska (Riska-85), gift med Elen Enoksdotter Utsola
- Sivert, født 1846, bonde på Soma i Høyland (sjå Høyland gard og ætt side 374, nr 95), gift i 1882 med Berta Marie Torsteinsdotter Soma (dei var syskenbarn)
- Marta Guria, født 1848
- Grete Maria, født 1851, død 1915, ikkje gift
- Ivar, født 1854, død 1857
- Ivar, født 1859, nemnt i 1875.
43. Jonas Torbjørnsen,
født 1834, død 1922. Son til Torbjørn Jensen, husmann i Tingholmen (nr 42). Etter han gifta seg blir Jonas kalt arbeidsmann (i 1857). Han budde på Tingholmen då. Han må ha vore med i drifta av plassen i lag med faren for i 1864 blir han kalt husmann på Tingholmen. Sidan flytta han inn til fastlandet og fekk seg ein eigen husmannsplass oppe i Galtavigjå (nr 60). Gift i 1857 med enka Ester Sigbjørnsdotter, født 1816, død 1907, dotter til Sigbjørn Tolleivsen, husmann på Egrå under Dale (Dale-30). Ho hadde før vore gift med Kjel Kjelsen Lauvås som døydde i 1845 (Lauvås-65).
Barn:
- Elen Jorina, født 1857
- Thomas, født 1861
- Severine, født 1864.
3 Teistholmane - Stølsvig
44. Torkell Jakobsen,
født 1725, død 1803. Son til Jakob Torkellsen Ravndal i Gjestal (sjå Gjestal gard og ætt. side 196, nr 25). Han hadde tidlegare vore husmann i Lauvåsvågen (Lauvås-20), men reiste derifrå i 1780-åra. Torkell og familien flytta ut til Teistholmane og rydda seg ein ny husmannsplass der. Her budde dei i 1792 og 1799. Utanom dei to holmane, høyrde det til denne husmannsplassen også eit stykke inne på fastlandet, i Stølsvig og Vargavig. Svigersonen, som overtok plassen i 1798, flytta inn til Stølsvig. Etter at kona var død budde Torkell som innerst i Stølsvigjå. Der er han nemnt i 1801 . Han døydde hos sonen i Lauvåsvågen. Gift i 1750 med Malena Ådnesdotter født ca 1724, død 1799, dotter til Ådne Monsen Kråkedal i Høyland (sjå Høyland gard og ætt side 240, nr 8). Ho låg til sengs dei to siste åra ho levde.
Barn:
- Jakob, født 1751
- Ådne, født 1753
- Ådne, født 1754, husmann i Lauvåsvågen (Lauvås-22), gift 1) i 1777 med Marta Rodleivsdotter. Eikeland (død 1821), 2) i 1823 med Ragnhild Svensdotter frå Pannevig under Nedre Eiane i Forsand
- Iver, født 6.7.1755[5] på Berland i Gjesdal. Gift i 1885 med Inger Jensdatter Sunde. De bodde i 1801 i Øvre Strandgate (sjå også Ætt og heim. Stavanger. 1997. Digital versjon på Nettbiblioteket).
- Jakob, født 1758, budde i Stavanger, gift
- Ådne, født 1761, husmann i Tangen under Skadberg i Sola (sjå Sola gard og ætt. side 418, plass 2, huslyd 2). Gift 1) i 1786 med Marta Nilsdotter frå Vågen under Hommersåk (sml Garden Hommersåk 19.c) (død 1794), 2) i 1795 med Sissel Olsdotter.
- Ane, født 1764, gift i 1799 med Tore Svensen, overtok plassen (nr 45)
- Torkell, født 1770, død 1770.
45. Tore Svensen,
født 1763, død 1822. Son til Sven Svensen Nedre Fjelle i Strand. Tore bygsla i 1798 "Huusmands Pladset Stølsvig med Wargevigen og begge Teistholmene...hvilke Plads Thorchild Jacobsen...for ham har afstaaet". Han skulle gi dei gamle "frit Huus Værelse" og så lenge dei levde skulle han ut med 3 ort i året for plassen. Sidan skulle dette vera 1 riksdalar. Og så skulle Kristiansand skule, som jordeigar, ha 24 skilling kvart år. Tore hadde lov til å slå "Høe...i udmarken", og i marka kunne han og skjera den torv han hadde bruk for. "Efter Muelighed" skulle han og sjå etter at ikkje folk eller krettur frå andre gardar gjorde skade. Han hadde plassen så lenge han levde og etterpå var kona hans husmannsenkja her til ho døydde. Gift i 1799 med Ane Torkellsdotter, født 1764, død 1836, dotter til Torkell Jakobsen, som hadde denne plassen før (nr 44).
Barn:
- Sven, født 1799, husmann i Stølsvigjå etter dei to svograne (nr 48)
- Jakob, født 1802, budde i Stavanger, gift med Berta Torsdotter
- Malena, født 1804, gift 1) i 1827 med Andreas Kjelsen, husmann her i lag med svigermora (død 1836) (nr 46), 2) i 1838 med Ivar Jensen, overtok plassen (nr 47)
- Torkell, født 1811, husmann i Hammaren under Lauvås (Lauvås-31), gift i 1850 med enka Karina Kjelsdotter.
46. Andreas Kjels
født 1804, død 1836. Son til Kjel Monsen Lauvås (Lauvås- 12). Andreas blir kalt husmann i Stølsvig ved barnedåp i 1828, men i folketellinga for 1835 er det svigermora som står med plassen. Andreas budde då hos henne med familien sin og han var "Fatige". Då han døydde året etter var han fattiglem. Gift i 1827 med Malena Torsdotter, født 1804,død 1861, dotter til Tore Svensen, husmann i Stølsvig (nr 45). Ho gifta seg etterpå med Ivar Jensen som bygsla plassen etter at svigermora var død (nr 47).
Barn:
- Kjel, født 1828, han brukte husmannsplassen nokre år etter stefaren (nr 49)
- Tore, født 1831, husmann i Stølsvig etter broren (nr 50)
- Andreas, født 1834, budde ei kort tid i Stølsvig (Folk i bygda-329), gift i 1861 med Karen Knutsdotter Nordland.
47. Ivar Jensen,
født 1802, truleg død i 1840-åra. Son til Jens Torbjørnsen, husmann på Tingholmen (nr 40). I 1837 bygsla Ivar "plassen Stølsvik med dets beliggende holme Teistholmen". Han fekk og lov til "at indhegnc.den udskorne Torvmyr som lig ger østenfor". Ivar måtte betala 6 speciedalar i årleg avgift for plassen. Han kunne "nyde det for nødne Brænde" (då tenkte dei vel på torv), og han fekk og lov til å skoga "Brændeved" for ein speciedalar årleg av kvar oppsittar. Han er nemnt siste gong i 1843. Det står ikkje noko i kyrkje boka at han blei gravlagt, så han kom kanskje vekk på sjøen. I 1853 budde enkja hans her. Gift i 1838 med enka Malena Torsdotter, født 1804, død 1861, dotter til Tore Svensen, husmann i Stølsvig (nr 45). Hennar fyrste mann var Andreas Kjelsen som også hadde budd her (nr 46). I 1853 sat ho som enke, for andre gong, med plassen og levde då ifylgje soknepresten i "mindre gode Omstendigheder".
Barn:
- Ingebret, født 1838, tømmermann, gift i 1868 med Kari Eriksdotter Munkhus
- Jens, født 1841, fiskar i 1865
- Johanna Maria, født 1843, gift i 1868 med Ola Annasen Høle (faren hans hadde gard på Lauvås, sml Lauvås-53.b).
48. Sven Torsen,
født 1799, død 1848. Son til Tore Svensen, husmann i Stølsvig (nr 45). Sven budde heime i Stølsvigjå heile tida (nemnt her i 1825 og 1835). Då sat mora med plassen som enke, og Sven har vel hjelpt henne med drifta. Me kan lura på korfor Sven ikkje overtok plassen etter mora, men han kan jo ha vore sjukeleg. Då svogeren Ivar kom vekk i 1840-åra var det likevel Sven som måtte ta over i Stølsvig. Han døydde allerede i 1848 og er då ført inn i kyrkjeboka som "Huusmand".
49. Kjel Andreasen,
født 1828. Son til Andreas Kjelsen, husmann i Stølsvig (nr 46). Kjel brukte denne plassen då mora var blitt gammal, og han blir kalt husmann her i 1858. Kort tid etter flytta han til Lauvås, der var han arbeidsmann. Nemnt der i 1860 (Folk i bygda-283). Gift med Guri Persdotter, født 1838, dotter til Per Ellingsen Hovda i Fister.
Barn fødd her:
- Andreas Kristian, født 1858.
50. Tore Andreasen,
født 1831. Son til Andreas Kjelsen, husmann i Stølsvig (nr 46). Tore overtok plassen etter at mora døydde i 1861 . Han fekk kjøpa stykket i 1869 og sidan var han småbrukar her (sjå nr 90).
Gift med Marta Elisabet Olsdotte., født 1833, dotter til Ola Torgersen Eskeland i Høle (sjå Høle gjennom hundreåra, side 92).
Barn fødde mens dei ennå var husmannsfolk:
- Albert, født 1861
- Ola, født 1863
- Marselius, født 1865
- Elen Maria, født 1867.
4 Sletta (Sletten)
51. Hallvard Johannesen,
født 1803. Son til Johannes Berge i Hægebostad, Vest-Agder. Hallvard budde fyrst på ein plass under prestegarden i Rennesøy, og der var han ennå i 1833. Så kom han her til og fekk rydda ein ny plass på Sletta. Dei er nemnde her i 1835 og budde her fram til 1838. Han fekk tinglyst festeseddel i 1836. Ifylgje den hadde han betalt 45 speciedalar i "indfæstning" og i årleg avgift skulle han ut med 3 speciedalar. Hallvard hadde lov å ta "Brændsel af tørre Træer og Toppe af Gaardens Skov", og han hadde rett til "Torvskuur i Stor hammermyhren". I denne myra kunne han og skjera til salg. Dei budde sidan i Stavanger (nemnde der i 1842). Gift i 1826 med Ingeborg Tjerandsdotter, født 1804, dotter til Tjerand Ariansen, husmann under Helland i Rennesøy (sjå Rennesøy gard og ætt side 223-224, nr 83).
Barn:
- Johan, født 1827
- Marta Olena, født 1830, død 1832
- Marta Olena, født 1833
- Ingeborg Helena, født 1835
- Karina, født 1838.
52. Per Ivarsen,
født 1817. Son til Ivar Persen, husmann i Gryde under Haukali i Forsand (sjå Forsandboka bind 11, side 510). Per bygsla plassen i 1839. Ifylgje festeseddelen hadde Per "frit Brænde af Veed i Gaardens Skov, men maa ei hugge til Brænde saadanne Træer som kan benyttes til andre Ting". "Torv til Brænde skal han skjære i store Hammermyhr og maa han tillige skjære saameget at han deraf kan sælge noget". Han kunne og "hugge Ringveed...i Gaardens Skov.. ..til et 10 Alens Ladehuus". Og så kunne han benytta "al den Slaat som findes i Udmarken". Nå blei han likevel ikkje så lenge her, dei er bare nemnde i 1839 og i 1840. Kan henda var det då kona døydde han slutta av og reiste til Stavanger. Der blei han gift igjen i 1845. Gift 1) i 1838 med Berta Tørrine Tørresdotter, født 1809, død 1842, dotter til Tørres Bjørnsen, husmann på Øygarden under Ims i Høle (sjå Høle gjennom hundreåra, side 89).
Barn:
- Tørres, født 1840.
53. Jon Tormodsen,
født 1814, død 1857. Son til Tormod Jonsen Nordland i Strand. Då han gifta seg var han husmann med opphaldsstad Oaland i Forsand. I 1842 fekk han festeseddel på husmannsplassen på Sletta og han fekk også med "Udmarksstykket Flaaden uden for Storehammer". Dessutan fylgde Grunnasundholmen med. Her levde han i "gode Omstendigheder" i 1853 etter soknepresten si vurdering.
Georg Vaagen skriv at ein mann frå husmannsplassen Sletta var rosemalar og dekorerte den nye stova som oppsittaren på det ytre bruket på Eltarvåg bygde på huset sitt (sjå Georg Vaagen, Våre røtter, s 97). I denne veggdekorasjonen finn me årstalet 1845, så då har det vore Jon som var denne kunstnaren. Gift i 1841 med enka Anna Rasmusdotter, født 1807, død 1889, dotter til Rasmus Sjursen Rettedal i Forsand (sjå Forsandboka bind ll, side 559-560). Ho hadde før vore gift med Torkell Eriksen Oaland i Forsand (sjå Forsandboka bind II, side 534). I 1885 var ho husmannsenke på Sletta.
Barn:
- Rasmus, født 1844, gift i 1879 med Taletta Endresdotter Fjelle
- Tormod, født 1847, død 1849, han blei bare 2 1/2 år, "bortkommen paa søen, ikke gjenfunnet"
- Tormod, født ca 1846, han var 19 år i 1865.
54. Jonas Jonasen
Han var frå Eskjeland i Høle. Dei budde på Sletta i 1867 og 1869. Gift med Rakel Maria Olsdotter.
Barn:
Rakel, født 1867
Jonas, født 1869.
5 Myra (eller Stemmen)
55. Endre Torbjørnsen,
født 1808, død 1875. Son til Torbjørn Nilsen Øvre Fjelle i Strand. Til å begynna med budde han på Solbakk i Strand. I 1837 fekk han bygsla "et stykke Vold" under den ytre parten av Eltarvåggarden. For dette skulle han ut med fem speciedalar i årleg avgift, "de første 2 Spd. betales med Arbeid". I festeseddelen har bonden tatt med at "hans Creature skal følge mine Creature og han skal vogte alle Creature 1 Uge". Endre budde her sidan så lenge han levde. Då soknepresten samla inn opplysningar om husmennene i bygda i 1853, skreiv han at Endre levde i "Ringe Omstendigheder". Gift i 1834 med Kristina Rasmusdotter, født 1804, død 1894, dotter til Rasmus Andersen Botnehagjen i Strand. Ho budde i folge hos dottera på Eltarvåg i 1876, og døydde hos henne i Naustervig.
Barn:
- Tormod, født 1834, overtok huset etter faren (nr 56)
- Torbjørn, født 1838, arbeidsmann, budde i Lervik, Stavanger, gift i 1871 med Ingeborg Danielsdotter Frøyland (sml Frøyland-89.d)
- Inger Kristina, født 1841, var heime i 1865
- Karina, født 1844, gift i 1871 med enkemann Andreas Kristoffersen Eltarvåg (nr 25 og 101).
56. Tormod Endresen,
født 1834. Son til Endre Torbjørnsen, husmann i Myra (nr 55). Til å begynna med forpakta han eit gardsbruk på Sør-Tjemsland i Varhaug (sjå Hå gard og ætt, bind II Varhaug-Vigrestad, side 258, nr 43). Etterpå kom dei her til bygda, og fyrst budde dei på Lauvås. Der er dei nemnde i 1871 og han var då arbeidsmann (Folk i bygda-287). Frå 1872 budde dei på Eltarvåg. Ved folketellinga i 1875 var han "Huseier og Dagarbeider". Han var altså ikkje husmann med plass sånn som faren, for Tormod hadde "blot Husgrund". Men han hadde nå likevel eit ungkrettur og to småfe. Dei flytta herifrå rett etter det, og i 1876 budde dei på Sandnes. Gift i 1867 med Olena Olsdotter, født 1835, dotter til Ola Gregoriusen Odland i Varhaug (sjå Hå gard og ætt, bind II Varhaug-Vigrestad, side 185-186, nr 43 e).
Barn:
- Kristina, født 1867
- Endre, født 1871, død 1872
- Elen, født 1873.
6 Naustervig
57. Erik Knutsen,
født 1807, død 1874. Son til Knut Eriksen, husmann i Breivik under Bersagel i Høle (sjå Høle gjennom hundreåra, side 96). I 1838 bygsla Erik "et Jordstykke" der han rydda seg ein husmannsplass. For dette stykket skulle han kvart år ut med 3 speciedalar i avgift til bonden på det ytre bruket på Eltarvåg. Ifylgje soknepresten levde Erik i "gode Omstendigheder" i 1853. Sonen overtok plassen i 1861, men så reiste han til Amerika og Erik fortsatte som husmann her til han døydde. Gift i 1840 med Guri Jespsdotter, født 1816, død 1879, dotter til Jesp Jespsen Nordland i Høyland (sjå Høyland gard og ætt, side 303, nr 13). Jesp er ei kortform av namnet Jøsep, det vil seia Josef (sjå de Fine, Stavanger Amptes udførlige Beskrivelse, ved Per Thorson, 1952, side 267 og 269).
Barn:
- Knut, født 1841, overtok plassen (nr 58)
- Jesp, født 1848, død 1849
- Maren Serina, født 1851, gift i 1878 med Tobias Paulsen, bonde i Slåttebakken, Lauvås (Lauvås-98).
58. Knut Eriksen,
født 1840, død 1880. Son til Erik Knutsen, husmann i Naustervig (nr 57). Knut bygsla i 1861 plassen "samt et tillagt Stykke udyrket Mark paa den nordvestlige Side". For dette betalte han 90 speciedalar i festepengar og kvart år skulle han ut med 4 speciedalar i avgift. Så reiste han til Amerika i 1871 med kona og tre barn, men kona døydde der borte og etter det kom han tilbake igjen. Faren hans var og død nå, og Knut tok over plassen på nytt. Det var i 1877, men allerede tre år etter døydde han av tæring. Gift 1) i 1864 med Inger Isaksdotter, født 1846, død 1876, dotter til Isak Knutsen, husmann i Breivik under Bersagel i Høle. Knut og Inger var syskenbarn, 2) i 1879 med Gunhild Karina Paulsdotter, født 1849, dotter til Paul Andersen, husmann i Slåttebakken under Lauvås (Lauvås-29).
Barn, i fyrste ekteskap:
- Gurina, født 1865, død 1882, ikkje gift. Dei siste par åra budde ho i Vier og der døydde ho
- Edvard, født 1868, død 1880
- Isak, født 1870
i andre ekteskap:
- Johan, født 1879, død 1880.
7 Hodl
59. Kristian Mauritsen,
født 1818, død 1901. Son til Maurits Persen, husmann i Likstø under Selvik i Høle. Han var husmann på Hodl frå 1842. I festeseddelen som han fekk to år seinare står det at han hadde bygsla "et Stykke... indengjærds...Ægreholen kaldet". For dette skulle han kvart år betala 3 speciedalar og arbeida ein dag "naar dette forlanges, hvad Tid, som paakræves". Ellers kan me lesa der at krettura hans skulle fylgja bonden sine, "og derfor svarer Fæsteren I 1/2 Dages Røgtning". Han levde i "Ringe Omstendigheder" etter det soknepresten skreiv i 1853. Kristian hadde plassen til 1878, då kjøpte sonen dette stykket og han budde her som bonde. Etterpå var Kristian folgemann og som gammal blei han "kvalt ved røg". Det var komme glo i torvkassen i kammerset og han blei røyk forgifta. Gift i 1842 med Serina Jørgensdotter, født 1819, død 1892, dotter til Jørgen Larsen, husmann på Moen under Longaland i Strand (sml Forsandboka bind I, del 1, side 319-320).
Barn:
- Rakel, født 1842 (tvilling), budde på Eltarvåg (Folk i bygda-336)
- Serina, født 1842 (tvilling), død 1930, tjente i Uskjo
- Mikal, født 1845, død 1878, sjømann. Han "Faldt over Bord i Østersøen og druknede"
- Jonas, født 1849, var fyrst til sjøs, sidan kjøpte han dette stykket (nr 76), gift 1) med Serina Nilsdotter f. 1848, død 1888), 2) i 1889 med Serina Olsdotter Lauvås
- Ane Kristina, født 1853, gift i 1884 med Jonas Olsen as i Høle, sjømann
- Sivert Kristian, født 1861, budde i Dale i Sunnfjord, Sogn og Fjordane.
8 Galtavigjå
Jonas Torbjørnsen,
født 1834, død 1922. Son til Torbjørn Jensen, husmann på Tingholmen (nr 1). Jonas var fyrst husmann på Tingholmen i lag med faren (nr 43), men om lag 1865 fekk han seg sin eigen plass litt opp i Galtavigjå. Han var også fiskar. I 1881 kjøpte han plassen og sidan budde han som småbrukar her (nr 104). Gift i 1857 med enke Ester Sigbjørnsdotter, født 1816, død 1907, dotter til Sigbjørn Tolleivsen, husmann på Egrå under Dale (Dale-30). Hennar fyrste mann var Kjel Kjelsen Lauvås. Han døydde allerede i 1845 (Lauvås-65).
Barn:
- Elen Jorina, født 1857
- Thomas, født 1861
- Severine, født 1864.
Litteratur og kilder
- Smith, Eivind. Riska. Utg. Sandnes kommune. Sandnes. 1993. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Matrikkel 1886 for gnr. 34 i Hetland https://rhd.uit.no/matrikkel/mtliste.aspx?knr=1126&gnr=34
- Vaagen, Georg. Våre røtter i Lauvåsvågen - Lauvås - Eltervåg. Utg. [G. Vaagen]. Vanse. 1983. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Bergsåker, Jon. Høle gjennom hundreåra. Utg. (Ingvald Dahle). Sandnes. 1964. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Engen, Sigleif. Forsandboka B. 1 D. 1 Gards- og ættesoge. Utg. Kommunen. Forsand. 1981. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Engen, Sigleif. Forsandboka B. 1 D. 2 Gards- og ættesoge. Utg. Kommunen. Forsand. 1981. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Engen, Sigleif. Forsandboka B. 2 Gards- og ættesoge. Utg. Kommunen. Forsand. 1985. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Engen, Sigleif. Forsandboka B. 3 Gards- og ættesoge. Utg. Kommunen. Forsand. 1989. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Referanser
- ↑ "Våre røtter", s 165
- ↑ "Våre røtter", s 163
- ↑ G. Vaagen, "Våre røtter", s 131
- ↑ G. Vaagen, s 142
- ↑ Iver Torkellsen i Historisk befolkningsregister