«Fakstind» (motorkutter 1917)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 23. apr. 2015 kl. 14:51 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: <onlyinclude>{{thumb|MK Fakstind av Ibestad Krsund 1921.jpg|«Fakstind» frå Ibestad ved hamn i Kristiansund under storsildfisket i 1921.}} '''«Fakstind» (motorkutte...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
«Fakstind» frå Ibestad ved hamn i Kristiansund under storsildfisket i 1921.

«Fakstind» var ein motorkutter som vart bygd av Gjert Eidsvik i Rosendal i 1917 og levert til partsrederiet Alfred Espejord i Hamnvik i Ibestad. I løpet av åra vart «Fakstind» vidareselt tre gonger. I 1941 vart han forlenga til 84,3 engelske fot. Den 8. desember 1962 sprang «Fakstind» lekk på veg til Bjørnøya, og han sokk i Barentshavet.

Bygging, mål og kjenneteikn

Motorkutteren «Fakstind» vart kravellbygd i tre av Gjert Eidsvik i Rosendal i Sunnhordland i 1917. «Fakstind» hadde ein tosylinders Avance PM motor på 60 bHK frå J.V. Svenssons Motorfabrik i Stockholm, og han var bygd og takla som kutter. Kjenningsmåla i engelske fot var 65,5 (lengd), 18,5 (breidd) og 7,5 (djupn). Drektigheita var 46 brutto registertonn] og 16 netto. Kjenningsbokstavane var L.F.X.Q. og registreringsnummeret var T-46-D (endra til T-88-TD i 1928).

I 1941 vart «Fakstind» forlenga til 84,3 engelske fot med ny breidd 19,8 og ny djupn 9,0. Drektigheita var no 91 brt. Det vart innsett ny motor, ein 120 bHK Union RM.

Eigarhistorie

Første eigaren av «Fakstind» var partsrederiet Alfred Espejord (Lina Espejord) i Hamnvik i Ibestad. I 1928 selte dei «Fakstind» til Paul Andreassen i Tromsdalen i Tromsø. Han selte «Fakstind» vidare i 1941.

Kjøparen i 1941, partsrederiet Waldemar Pedersen i Lyfjord i Tromsø, bygde om båten (sjå ovanfor). I 1957 selte dei «Fakstind» til partsrederiet V. Pedersen i Skulsfjord i Tromsø. Dei var eigarane da «Fakstind» sprang lekk på tur frå Torsvåg til Bjørnøya og sokk i Barentshavet den 8. desember 1962.

Mannskap og bruk

«Fakstind» var bygd som ishavsskute, men vart i praksis bruka i ulike samanhengar, inkludert til snurpenotfiske og selfangst.

Kjelder

  • «Norske skipsforlis i 1962» på Skipet.no