Árran (Tysfjord)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. nov. 2023 kl. 01:10 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[Kategori:k» til «[[Kategori:K»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Árran i juli 2009.
Foto: Olve Utne

Árranjulevsáme guovdásj / lulesamisk senter er eit senter for lulesamisk kultur på Drag i Tysfjord kommune i Salten/Ofoten. Senteret inneheld blant anna museum, språksenter og ein lulesamisk-språklig barnehage. (Barnehagen vart utskild som eiga verksamheit i 2018.) I tillegg har både sametingsadministrasjonen, NRK Sápmi, Nord Universitet og Statped kontor der.

Árran gjev ut eit populærvitskaplig tidsskrift om lulesamisk språk og kultur, Bårjås, som kjem ut med eit nummer i året. Språksenteret har vore involvert i produksjonen av det lulesamiske språkkurset Sámásta, og i tillegg er dei involvert i den planlagte utgjevinga av ei norsk–lulesamisk ordbok.

Litteratur