Ågetveitvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 14. jun. 2017 kl. 22:57 av Rool (samtale | bidrag) (Lagt til bilder)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ågetveitvegen med Matmorbakken.
Foto: Roy Olsen (2016).
Ågetveitvegen med Ågetveit (Oppigard).
Foto: Roy Olsen (2016).

Ågetveitvegen i Bø i Telemark går frå Folkestadvegen til Gåravegen ved Gåra.

Vegen har namn etter Ågetveitgardane, er om lag 2,2 km lang og går for det meste i jordbrukslandskap.

Bakken opp frå Folkestadvegen blir kalla «Matmorbakken». Mot enden går vegen over Gårahaug der den vesle Gåra stavkyrkje stod. Ho blei truleg sett opp på 1200-talet eller helst tidlegare, og blei riven i 1850. Her på haugen står framleis to steinar av ein noko uvanleg skapnad. Den eine er høg og smal, den andre er ei helle reist på kant, og denne har ei bølgeform i overkant. Steinane kallast «gapestokken» og «steinmerra», og ein trur dei har vore nytta til straffemiddel, men me har ikkje skrivne kjelder som provar det.

Eigedomar

Nr. 54: Ågetveit (Oppigard) (gnr. 8/3). Dette er søndre delen av Ågetveit østre. Her er den gamle husestaden.
Nr. 56: Ågetveit (Nordigard) (gnr. 8/4). Dette er austre delen av Ågetveit øvre.
Nr. 71: Ågetveit nedre (gnr. 8/1).
Nr. 109: Helland (gnr. 8/2).
Nr. 116: Valen (gnr. 4/3).
Nr. 157: Vestgarden (gnr. 5/3).

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart.
  • Bøsoga I, kultursoga ved Gunnar Lunde. Bø kommune 1972.
  • Bøsoga II, Gards- og ættesoga band III ved Stian Henneseid. Bø kommune 1986.


Koordinater: 59.42950° N 9.07431° Ø