Årsetøya
Årsetøya er ei øy og ein gard med gards/bruksnr. 42/3 i Austefjorden i Volda kommune. Busett frå 1854, og dei siste brukarane som budde på øya var Andreas og Knut Aarsetøy. Etter at Andreas døydde i 1981 budde Knut på øya åleine. Siste åra var han der om sommaren, og var vintrane hos systerdottera Signy Ryste i Hovdebygda. Ho er eigar av Årsetøya i dag. Andreas og Knut bygde opp Årsetøysamlingane som seinare er flytta til Austefjord Museum.
Bilde Årsetøya
Litteratur
- Busetnadsoge for Volda b.3 s.502. Vidare er der historisk stoff om Årset krins frå s.460.
Kilde
- Busetnadssoga for Volda band 3