A/S Interessentskabet for Dampskibsfart paa Tindsø: Forskjell mellom sideversjoner
(Ny side: '''A/S Interessentskabet for Dampskibsfart paa Tindsø''' blei grunnlagt 25. november 1863. Unger generalforsamlinga i 1929 skifta selskapet offisielt namn til '''A/S D/S Gausta og D…) |
({{nn}}) |
||
Linje 2: | Linje 2: | ||
==Historikk== | ==Historikk== | ||
Same dato som selskapet blei stifta blei den fyrste | Same dato som selskapet blei stifta blei den fyrste direksjonen valt. Formålet med selskapet var å drive dampskipsrute på [[Tinnsjø]] i [[Øvre Telemark]]. Ruta skulle frakte personar og varer til og frå [[Tinn kommune|Tinn]] som ligg i den nordre enden av innsjøen. Selskapet hadde fenge garanti for ei årleg driftsstøtte på 300 spesidaler frå stat og fylke. | ||
Det fyrste dampskipet på Tinnsjø heitte "[[D/S Rjukan]]" og blei satt i rutetrafikk frå juli 1864. Eit meir moderne dampskip, "[[D/S Gausta]]", blei kjøpt inn og sett i drift frå 1886. Det tredje dampskipet fekk namnet "[[D/S Tinn]]" og blei tatt i bruk frå 1911. Frå 1907 auka trafikkgrunnlaget på Tinnsjø kraftig. Med ni anløpsstader var dampskipa svært viktige også for kommunikasjonen lokalt, mellom dei forskjellige bygdene i [[Gransherad]], [[Hovin]] og [[Tinn]]. | |||
Det siste året selskapet var i ordinær rutetrafikk var 1938. I 1939 gjekk dampskipsselskapet inn i rutebilselskapet [[Tinn Billag]] og frå 1941 slutta det å eksistere som eige selskap. | Det siste året selskapet var i ordinær rutetrafikk var 1938. I 1939 gjekk dampskipsselskapet inn i rutebilselskapet [[Tinn Billag]] og frå 1941 slutta det å eksistere som eige selskap. | ||
Linje 20: | Linje 20: | ||
[[Kategori:Rutebilselskap]] | [[Kategori:Rutebilselskap]] | ||
[[Kategori:Telemarksarkivet]] | [[Kategori:Telemarksarkivet]] | ||
{{nn}} |
Sideversjonen fra 15. okt. 2020 kl. 11:44
A/S Interessentskabet for Dampskibsfart paa Tindsø blei grunnlagt 25. november 1863. Unger generalforsamlinga i 1929 skifta selskapet offisielt namn til A/S D/S Gausta og D/S Tinn.
Historikk
Same dato som selskapet blei stifta blei den fyrste direksjonen valt. Formålet med selskapet var å drive dampskipsrute på Tinnsjø i Øvre Telemark. Ruta skulle frakte personar og varer til og frå Tinn som ligg i den nordre enden av innsjøen. Selskapet hadde fenge garanti for ei årleg driftsstøtte på 300 spesidaler frå stat og fylke.
Det fyrste dampskipet på Tinnsjø heitte "D/S Rjukan" og blei satt i rutetrafikk frå juli 1864. Eit meir moderne dampskip, "D/S Gausta", blei kjøpt inn og sett i drift frå 1886. Det tredje dampskipet fekk namnet "D/S Tinn" og blei tatt i bruk frå 1911. Frå 1907 auka trafikkgrunnlaget på Tinnsjø kraftig. Med ni anløpsstader var dampskipa svært viktige også for kommunikasjonen lokalt, mellom dei forskjellige bygdene i Gransherad, Hovin og Tinn.
Det siste året selskapet var i ordinær rutetrafikk var 1938. I 1939 gjekk dampskipsselskapet inn i rutebilselskapet Tinn Billag og frå 1941 slutta det å eksistere som eige selskap.
Arkiv
Arkivet etter A/S Interessentskabet for Dampskibsfart paa Tindsø er ordna ved Norsk Industriarbeidermuseum. Sjå oppføring i [1] til Arkivportalen eller i lista over privatarkiv frå Telemark.
Kjelder
Oppføring på arkivportalen.