A/S Interessentskabet for Dampskibsfart paa Tindsø

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

A/S Interessentskabet for Dampskibsfart paa Tindsø blei grunnlagt 25. november 1863. Unger generalforsamlinga i 1929 skifta selskapet offisielt namn til A/S D/S Gausta og D/S Tinn.

Historikk

Same dato som selskapet blei stifta blei den fyrste direksjon valt. Formålet med selskapet var å drive dampskipsrute på Tinnsjø i Øvre Telemark. Ruta skulle frakte personer og varer til og frå Tinn som ligg i den nordre enden av innsjøen. Selskapet hadde fenge garanti for ei årleg driftsstøtte på 300 spesidaler frå stat og fylke.

Det fyrste dampskipet på Tinnsjø heitte "D/S Rjukan" og blei satt i rutetrafikk frå juli 1864. Eit meir moderne dampskip, "D/S Gausta", blei kjøpt inn og satt i drift frå 1886. Det tredje dampskipet fekk navnet "D/S Tinn" og blei tatt i bruk frå 1911. Frå 1907 auka trafikkgrunnlaget på Tinnsjø kraftig. Med ni anløpsstader var dampskipa svært viktige også for kommunikasjonen lokalt, mellom dei forskjellige bygdene i Gransherad, Hovin og Tinn.

Det siste året selskapet var i ordinær rutetrafikk var 1938. I 1939 gjekk dampskipsselskapet inn i rutebilselskapet Tinn Billag og frå 1941 slutta det å eksistere som eige selskap.

Arkiv

Arkivet etter A/S Interessentskabet for Dampskibsfart paa Tindsø er ordna ved Norsk Industriarbeidermuseum. Sjå oppføring i [1] til Arkivportalen eller i lista over privatarkiv frå Telemark.

Kjelder

Oppføring på arkivportalen.