Aasmund Olavsson Vinje: Forskjell mellom sideversjoner

m
Teksterstatting – «{{bokhylla|» til «{{nb.no|»
m (liten skrivefeil)
m (Teksterstatting – «{{bokhylla|» til «{{nb.no|»)
 
(12 mellomliggende versjoner av 6 brukere er ikke vist)
Linje 7: Linje 7:

Faren gifta seg opp att kort tid etter at kona hans døydde, som vanleg var når ein mann vart aleine med to små ungar. Ragnhild Herjusdotter Plassen vart ei god stykmor for Aasmund og Margit. Dei fekk ein halvbror, Olav Olavsson Plassen, i 1832.

<gallery>
Plassen Vinjestova, museum, Telemark - Riksantikvaren-T177 01 0070.jpg|Plassen i Vinje. {{byline|[[Halvor Vreim]] (1939)}}
Plassen Vinjestova, museum, Telemark - Riksantikvaren-T177 01 0072.jpg|"Vinjestoga" på Plassen i Vinje. {{byline|[[Halvor Vreim]] (1948)}}
Plassen Vinjestova, museum, Telemark - Riksantikvaren-T177 01 0073.jpg|Inngangspartiet til Vinjestoga. {{byline|[[Halvor Vreim]] (1956)}}
Plassen Vinjestova, museum, Telemark - Riksantikvaren-T177 01 0074.jpg|Bakveggen på Vinjestoga. {{byline|[[Halvor Vreim]] (1956)}}
</gallery>

==Tidlege år==
==Tidlege år==
<onlyinclude>Aasmund Olavsson måtte tidleg byrja å arbeide på garden. Gjetarlivet skulle gje mykje stoff til seinare skriving, og han meinte at røynsle frå arbeid- og friluftsliv var vel så viktige som skulegang. Etter konfirmasjonen i 1834 meinte både presten og faren at han burde verta lærar, og han vart send til [[Kviteseid Seminar]]. Etter to vintrar der tok han eksamen i 1836, og fekk beste karakter. Han var omgangsskulelærar i to grender i Vinje i åra 1836–1841. Så drog han av stad for å få meir utdanning på [[Asker Seminar]], der han tok eksamen sommaren 1843.»</onlyinclude>  
<onlyinclude>Aasmund Olavsson måtte tidleg byrja å arbeide på garden. Gjetarlivet skulle gje mykje stoff til seinare skriving, og han meinte at røynsle frå arbeid- og friluftsliv var vel så viktige som skulegang. Etter konfirmasjonen i 1834 meinte både presten og faren at han burde verta lærar, og han vart send til [[Kviteseid Seminar]]. Etter to vintrar der tok han eksamen i 1836, og fekk beste karakter. Han var omgangsskulelærar i to grender i Vinje i åra 1836–1841. Så drog han av stad for å få meir utdanning på [[Asker Seminar]], der han tok eksamen sommaren 1843.</onlyinclude>  

Aasmund Vinje søkte stillinga som klokkar i [[Vinje kyrkje (Telemark)|Vinje kyrkje]] og lærar ved fastskulen der, og hadde ei halv lovnad frå sokneprest [[Anton Elias Smitt]] om at han skulle få jobben. Denne kombinasjonen av klokkar og lærar var vanleg på bygda i denne tida. Han vart skuffa, for sambygdingen [[Olav Fetveit]] fekk jobben. Han hadde også gått på seminar, og Aasmund meinte at han hadde fått jobben fordi han var gardmannsson. Dei hadde båe to beste karakter i alle fag frå seminaret, men Vinje hadde betre hovudkarakter, «utdmærket duelig» mot Olav Fetveit sin «meget duelig».<ref>Berge (B. 3), ss. 294.</ref> Det skal seiast at alt tyder på at Olav Fetveit var ein dugeleg lærar, og det var nok presten, som hadde gått for langt i sine lovnader til Vinje, som er «skurken» i dramaet. Då [[Rauland sokn]] ga Aasmund Vinje eit tilbod om jobb som klokkar og omgangslærer tok han ikkje den posten; han var sår over det han såg som ein sosial forbigåing. Det var nær på at han reiste til Amerika, men i 1844 følgde han råd frå familien og søkte og fekk ein lærerpost ved borgarskulen i [[Mandal]].

Linje 15: Linje 22:
Ved sidan av undervisinga på skulen las han også fag på eiga hand på ettermiddagane. Han tok også privatundervising i fransk, tysk og latin, og sette seg inn i praktiske fag. I 1847 tok han handelsborgarskap, noko som gav han røysterett. Han vart ven med [[Søren Jaabæk]], som freista å få Aasmund Vinje med i politikken. Venskapen fekk ein knekk då Jaabæk kausjonerte for eit lån til Vinje, og gardhandelen gjekk gale. Jaabæk måtte betala heile lånet.  

I 1848 slutta Vinje på borgarskulen og reiste til [[Oslo|Christiania]]. Han kom inn på [[Heltbergs Studentfabrikk]], og tok [[examen artium]] i 1850. På Studentfabrikken vart han mellom anna kjent med [[Henrik Ibsen]] og [[Bjørnstjerne Bjørnson]], som begge var unge diktarspirar på den tida. I 1851 tok han «Anden-Examen», svarande til vår tids [[examen philosophicum]], men med eit meir omfattande pensum i ymse fag. Han studerte så jus, og i 1856 vart han cand.jur. I 1857 vart han autorisert som overrettssakførar, og fekk ei stilling hos høgsterettsadvokat [[J.C. Lous]].
I 1848 slutta Vinje på borgarskulen og reiste til [[Oslo|Christiania]]. Han kom inn på [[Heltbergs Studentfabrikk]], og tok [[examen artium]] i 1850. På Studentfabrikken vart han mellom anna kjent med [[Henrik Ibsen]] og [[Bjørnstjerne Bjørnson]], som begge var unge diktarspirar på den tida. I 1851 tok han «Anden-Examen», svarande til vår tids [[examen philosophicum]], men med eit meir omfattande pensum i ymse fag. Han studerte så jus, og i 1856 vart han cand.jur. I 1857 vart han autorisert som overrettssakførar, og fekk ei stilling hos høgsterettsadvokat [[Johan Christian Vogelsang Lous (1811–1895)|J.C. Lous]].

==Diktaren og bladmannen==
==Diktaren og bladmannen==
Linje 30: Linje 37:
Språkleg gjekk han gjennom ein prosess i 1850-åra. Han tok ikkje sjølv særleg mykje del i språkstriden i 1852, men merka seg det som vart sagt. Då han byrja å gje ut ''Dølen'' i 1858, gjekk han over til landsmål. Språket hans har vore sett som vinglande, men det går ei linje frå eit dansk skriftspråk til landsmålet. Linja tok nokre krumspring då han eksperimenterte med forma - den første landsmålsgrammatikken hadde kome berre ti år før - men den går tydeleg i retning av eit meir stabilt landsmål.

''Dølen'' skulle kome ut som vekeavis. Det første året var det på fire sider i veka, men seinare førte reiser til at han ofte ikkje klarte å ha det ferdig i tide. I 1860 gjekk han til [[Trondheim]] for å sjå kroninga av [[Karl IV]], og da vart det eit lengre opphald i utgjevinga. Men lesarane fekk sitt, for han skreiv ''Ferdaminni fraa Sumaren 1860'' og sende den til dei. I 1867 kom bladet ut som del av ''[[Vort Land]]'', som vart utgitt av unionskritikarana i ''[[Døleringen]]''. Dette varte til september 1867, og så kom ''Dølen'' ut som eige blad fram til 24. juli 1870, ei veke før Aasmund Vinje døydde. Økonomisk var ''Dølen'' heile tida eit tapsprosjekt. Stoffet i ''Dølen'' dekte ei rekkje politiske emne, og ein hadde også dikt og soger. Unionsstriden, og særleg [[statthaldarstriden]], var eit viktig emne. Vinje prøvde der å dempe striden. Han skreiv også om [[Reformforeningen]], der mellom anna [[Ole Gabriel Ueland]] og [[Johan Sverdrup]] freista å samle venstreliberale. Dette var ein førelaupar for [[Venstre]]. Vinje var imot partidanning, mest på grunn av det bundne mandatet Sverdrup ville ha for partimedlemmane på [[Stortinget]], som Vinje meinte var meiningstvang.  
''Dølen'' skulle kome ut som vekeavis. Det første året var det på fire sider i veka, men seinare førte reiser til at han ofte ikkje klarte å ha det ferdig i tide. I 1860 gjekk han til [[Trondheim]] for å sjå kroninga av [[Karl IV]], og da vart det eit lengre opphald i utgjevinga. Men lesarane fekk sitt, for han skreiv ''Ferdaminni fraa Sumaren 1860'' og sende den til dei. I 1867 kom bladet ut som del av ''[[Vort Land (ukeblad)|Vort Land]]'', som vart utgitt av unionskritikarana i ''[[Døleringen]]''. Dette varte til september 1867, og så kom ''Dølen'' ut som eige blad fram til 24. juli 1870, ei veke før Aasmund Vinje døydde. Økonomisk var ''Dølen'' heile tida eit tapsprosjekt. Stoffet i ''Dølen'' dekte ei rekkje politiske emne, og ein hadde også dikt og soger. Unionsstriden, og særleg [[statthaldarstriden]], var eit viktig emne. Vinje prøvde der å dempe striden. Han skreiv også om [[Reformforeningen]], der mellom anna [[Ole Gabriel Ueland]] og [[Johan Sverdrup]] freista å samle venstreliberale. Dette var ein førelaupar for [[Venstre]]. Vinje var imot partidanning, mest på grunn av det bundne mandatet Sverdrup ville ha for partimedlemmane på [[Stortinget]], som Vinje meinte var meiningstvang.  

Utdanningssaka var også viktig for Vinje. Han samarbeidde ei tid med [[Ole Vig]], drøfta framlegg til ny skulelov og arbeidde for lærarane sine kår. Litteraturmeldingar var også viktig i ''Dølen''. Vinje kritiserte Bjørnson sine bondeforteljingar i 1859; Bjørnson prøvde seg i ''Arne'' med eit fornorska bokmål, og gav ei idealisert framstilling av bønder, og dette likte ikkje Vinje. Ibsens ''Brand'' fekk heller ikkje god omtale, sjølv om Vinje der finn ein del gode ting også. [[Ludvig Holberg]] og [[Johan Sebastian Welhaven]] vart framheva som ideal; dei var etter Vinjes meining nasjonale forfattarer.  

Linje 41: Linje 48:
Vinje skreiv ofte om reiser, og følgde tradisjonen med reiseskildringar som kom på 1700- og 1800-talet. Det er forteljingar i eg-form om møte med folk i alle slags lag av samfunnet og på alle slags stader. Ein kunne gjerne dramatisere om historia vart betre av det; det var ikkje faktabøker om reisemål dei skreiv i denne tida. Jamføringar, motsetnad og likskap skulle fram og kasta lys over ting frå fleire vinklar. I ''Ferdaminni fraa Sumaren 1860'' er dikt lagt inn i teksten som om dei vart skrevne der og då, og gjennom dikta formidlar Vinje kjenslene som er så mykje vanskelegare å få fram i prosa. Det var nettopp i ''Ferdaminni'' at det kjende diktet «No seer eg atter slike Fjøll og Dalar» vart prenta første gongen. Han gav det seinare tittelen «Ved Rundarne» (ved [[Rondane]]), men det er nå mest kjent i [[Olav Midttun]] sin normaliserte versjon «No ser eg atter slike fjell og dalar».

Friluftslivet var ein del av barndomsrøynsla for Vinje - han hadde som nemnd vore gjetar som ung gut. Seinare likte han å gå i fjell og utmark, mellom anna saman med [[Johan Ernst Sars]]. Dei to og nokre andre vener var i fjellet saman i nokre veker kva sommar frå 1863 og så lenge Vinje levde. Det var Vinje som først nytta namnet [[Jotunheimen]] på det om for dei fleste var eit ukjent turistområde. [[Eidsbu (Bygdin)|Eidsbu]] ved [[Bygdin]] vart bygd som ei lita hytte av Vinje og turkameratane der ein no finn [[Eidsbugarden hotell]]. Vinje skreiv diktet «Pantebrev» om si del av finansieringa; det vart skrive til første årgangen av [[Den Norske Turistforening]] sin årbok i 1869. Vinje hadde ikkje eigne midler - ''Dølen'' tappa han jo for pengar - så han åtte låne av [[Thomas Johannessen Heftye|Thomas Heftye]]. Heftye hadde vore primus motor ved skipinga av Turistforeninga i 1868. Bygging av slike enkle hytter i fjellheimen er framleis ein av hovudoppgåvene til Turistforeninga, og Vinje reknast med som ein av inspiratorane for den tanken.
Friluftslivet var ein del av barndomsrøynsla for Vinje - han hadde som nemnd vore gjetar som ung gut. Seinare likte han å gå i fjell og utmark, mellom anna saman med [[Johan Ernst Sars]]. Dei to og nokre andre vener var i fjellet saman i nokre veker kva sommar frå 1863 og så lenge Vinje levde. Det var Vinje som først nytta namnet [[Jotunheimen]] på det om for dei fleste var eit ukjent turistområde. [[Eidsbu (Bygdin)|Eidsbu]] ved [[Bygdin]] vart bygd som ei lita hytte av Vinje og turkameratane der ein no finn [[Eidsbugarden hotell]]. Vinje skreiv diktet «Pantebrev» om si del av finansieringa; det vart skrive til første årgangen av [[Den Norske Turistforening]] sin årbok i 1869. Vinje hadde ikkje eigne midler - ''Dølen'' tappa han jo for pengar - så han måtte låne av [[Thomas Johannessen Heftye|Thomas Heftye]]. Heftye hadde vore primus motor ved skipinga av Turistforeninga i 1868. Bygging av slike enkle hytter i fjellheimen er framleis ein av hovudoppgåvene til Turistforeninga, og Vinje reknast med som ein av inspiratorane for den tanken.

==Det siste tiåret==
==Det siste tiåret==

{{thumb|Aasmund Vinjes vei Lørenskog 2014.jpg|Motiv frå Aasmund Vinjes vei på Fjellhamar.|Stig Rune Pedersen|2014}}
{{thumb|Aasmund Vinjes vei Lørenskog 2014.jpg|Motiv frå Aasmund Vinjes vei på Fjellhamar.|Stig Rune Pedersen|2014}}
{{thumb|No-nb digibok 2014091106036 0049 1.jpg|Aasmund og kona Rosa|Fra Ljos over Telemark : eit attersyn. Olav Stranna, 1937.}}
{{thumb|Sjo, Oppland - Riksantikvaren-T140 01 0243.jpg|Aasmund Olavsson Vinje døydde på Sjo på Granavollen.|Halvor Vreim}}
{{thumb|Sjo, Oppland - Riksantikvaren-T140 01 0243.jpg|Aasmund Olavsson Vinje døydde på Sjo på Granavollen.|Halvor Vreim}}
I 1860-åra vart det stadig meir vanskeleg for Vinje å gje ut ''Dølen''. Som nemnt var det ein del opphald, og ein tid var det ein del av ''Vort Land''. Dagsavisane i Christiania ignorerte han, mest på grunn av målstriden. I 1865 fekk Vinje ein post som ekstraskrivar i [[Justisdepartementet]], og dermed fekk han ein inntekt han kunne leve av. Men i 1868 skreiv han kritisk om regjeringa sin unionspolitikk i ''Dølen'', og mista jobben. Han klarte allikevel å gje ut ''Dølen'' meir eller mindre regelmessig, ikkje minst fordi han fekk bidrag frå andre - både artiklar og økonomiske bidrag. [[Elias Blix]] var ein av dei som kom inn i kretsen rundt Vinje og ''Dølen''.

Linje 57: Linje 65:
I 1869 byrja Vinje å redigere boka ''Vaar Politik''. Her samla han stoff frå spalta han sjølv hadde skrive i då han mista jobben i Justisdepartementet året før. Han skreiv også ein kritisk artikkelserie om [[Anton Martin Schweigaard]], som kom ut posthumt som boka ''Um Schweigaard'' i 1870. Også ''Vaar Politik'' kom ut posthumt i 1870.

Den 20. juni 1869 gifta han seg i [[Vestre Aker kyrkje]] med lærar Rosa Constance Sophie Enevoldsen (1836–1870). Ho var født Kjeldseth, og hadde vore gift med lensmann Abraham T. Enevoldsen. Det ekteskapet vart oppløyst. Ho var dotter av kongelig fullmektig [[Peter Andreas Kjeldseth]] (1813–1870) og Jensine Glad (f. 1811). Aasmund og Rosa hadde møtt kvarandre i 1868 - han ein femtiåring som aldri hadde vore gift og ho ei fråskild 32-åring. Dei trudde at Vinje skulle få diktarløn i 1869, men det vart det ikkje noko av, så paret hadde det ikkje greit økonomisk.  
Den 20. juni 1869 gifta han seg i [[Vestre Aker kyrkje]] med lærar [[Rosa Constance Sophie Enevoldsen]] (1836–1870). Ho var født Kjeldseth, og hadde vore gift med lensmann Abraham T. Enevoldsen. Det ekteskapet vart oppløyst. Ho var dotter av kongelig fullmektig [[Peter Andreas Kjeldseth]] (1813–1870) og Jensine Glad (f. 1811). Aasmund og Rosa hadde møtt kvarandre i 1868 - han ein femtiåring som aldri hadde vore gift og ho ei fråskild 32-åring. Dei trudde at Vinje skulle få diktarløn i 1869, men det vart det ikkje noko av, så paret hadde det ikkje greit økonomisk.  

Dei skulle heller ikkje få noko langt liv saman. Sonen Olaf vart født våren 1870. Rosa vart sjuk, og dødde berre ei veke etter fødselen. Ho vart gravlagt på [[Vår Frelsers gravlund]].
Dei skulle heller ikkje få noko langt liv saman. Sonen Olaf vart født våren 1870. Rosa vart sjuk, og dødde berre ei veke etter fødselen. Ho vart gravlagt på [[Vår Frelsers gravlund]].

Aasmund Vinje levde sjølv berre nokre månader til før han døydde av kreft i magen. Han var allereie sjuk då kona døydde, og hadde vore på [[Rikshospitalet]] ei lengre tid vinteren 1869/1870. At kona døydde fekk begeret til å renne over, og han klarte ikkje lenger å ligge på sjukehus i byen. Fjella lokka, og han kom seg innover i landet. Vinje reiste med [[Drammensbanen]] og [[Randsfjordbanen]] opp til [[Jevnaker]], og kom seg så over [[Randsfjorden]] med båt. På veg mot fjellheimen ville han innom venen Bang, som var prest på [[Granavollen]]. Bang budde på kapellangarden [[Sjo (Gran)|Sjo]], og den 28. juli 1870 kom Vinje fram dit og fekk eit rom i andre høgda. Derifrå kunne han sjå nordover til Jotunheimen; nærare fjella skulle han ikkje kome på sin siste reis. Han døydde på Sjo den 30. juli 1870, og vart gravlagt på kyrkjegarden ved [[systerkyrkjene på Gran]] 3. august.
Aasmund Vinje levde sjølv berre nokre månader til før han døydde av kreft i magen. Han var allereie sjuk då kona døydde, og hadde vore på [[Rikshospitalet]] ei lengre tid vinteren 1869/1870. At kona døydde fekk begeret til å renne over, og han klarte ikkje lenger å ligge på sjukehus i byen. Fjella lokka, og han kom seg innover i landet. Vinje reiste med [[Drammenbanen]] og [[Randsfjordbanen]] opp til [[Jevnaker]], og kom seg så over [[Randsfjorden]] med båt. På veg mot fjellheimen ville han innom venen Bang, som var prest på [[Granavollen]]. Bang budde på kapellangarden [[Sjo (Gran)|Sjo]], og den 28. juli 1870 kom Vinje fram dit og fekk eit rom i andre høgda. Derifrå kunne han sjå nordover til Jotunheimen; nærare fjella skulle han ikkje kome på sin siste reis. Han døydde på Sjo den 30. juli 1870, og vart gravlagt på kyrkjegarden ved [[systerkyrkjene på Gran]] 3. august.

Sonen Olav, som hadde fått både foreldra reve bort så kort tid etter at han kom til verda, dukkar i [[folketeljinga 1885]] opp som pleieson hos enka Pauline Augusta Kjeldseth (f. 1852 i Flekkefjord) på adressa [[Huitfeldts gate (Oslo)|Huitfeldts gate]] 18 i Kristiania. Ho hadde også sine to eigne sonar buande der. Dette var enka etter Carl Johan Kjeldseth, broren til Rosa Constance og såleis tanta til Olav Aasmundsson. Olav døydde på [[Dikemark sjukehus]] den 26. oktober 1932. I lensmannsprotokollen står det at han var typograf, og at han ikkje etterlat seg korkje arv eller arvingar.

Linje 90: Linje 98:

I 1906 bygde [[Porsgrunds mek. Verksted]] eit dampskip som fekk namnet [[D/S «Aasmund Vinje]]».
I 1906 bygde [[Porsgrunds mek. Verksted]] eit dampskip som fekk namnet [[D/S «Aasmund Vinje]]».
{{thumb|Telemark. - no-nb digifoto 20150226 00156 NB MIT FNR 00028.jpg|"Her med Far og Mor og Frænder, Voks du up i desse Grænder".|[http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digifoto_20150226_00156_NB_MIT_FNR_00028 "Telemark."]<br>Nasjonalbiblioteket}}

==Bibliografi==
==Bibliografi==
Linje 97: Linje 107:
* ''En Ballade om Kongen og Kongehuset''. 1853.
* ''En Ballade om Kongen og Kongehuset''. 1853.
* ''Dølen'' (avis). 1.–8. årg. (5. årg. som «kjellar» i ''Vort Land'' 1867), 1858–60, 1862–70 (faksimileutg. ved R. Djupedal, 4 bd. (bd. 4 inneheld Ferdaminni), 1970–73).  
* ''Dølen'' (avis). 1.–8. årg. (5. årg. som «kjellar» i ''Vort Land'' 1867), 1858–60, 1862–70 (faksimileutg. ved R. Djupedal, 4 bd. (bd. 4 inneheld Ferdaminni), 1970–73).  
* ''Ferdaminni fraa Sumaren''. 1860, 1861. {{bokhylla|NBN:no-nb_digibok_2013091208026}}
* ''Ferdaminni fraa Sumaren''. 1860, 1861. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2013091208026}}
* ''A Norseman's Views of Britain and the British'', Edinburgh. 1863.  
* ''A Norseman's Views of Britain and the British'', Edinburgh. 1863.  
** Norsk utg.: ''Bretland og Britarne''. Utg. Samlaget. Kristiania. 1873. {{bokhylla|NBN:no-nb_digibok_2006112301003}}
** Norsk utg.: ''Bretland og Britarne''. Utg. Samlaget. Kristiania. 1873. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2006112301003}}
* ''Diktsamling''. 1864.
* ''Diktsamling''. 1864.
* ''Olaf Digre''. skrive 1864 (utg. ved O. Midttun, 1927).
* ''Olaf Digre''. skrive 1864 (utg. ved O. Midttun, 1927).
* ''Storegut''. 1866 (ny, endra utg. 1868). {{bokhylla|NBN:no-nb_digibok_2014100808037}}
* ''Storegut''. 1866 (ny, endra utg. 1868). {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2014100808037}}
* ''Blandkorn''. 1867.
* ''Blandkorn''. 1867.
* ''Elsk og Giftarmaal, i ''Vort Land'' nr. 3–20/1867.
* ''Elsk og Giftarmaal, i ''Vort Land'' nr. 3–20/1867.
Linje 110: Linje 120:

;Posthume samlingar i utval:
;Posthume samlingar i utval:
* ''Dølen : eit vikublad : 1858-1870. B. 2 : [Årg. 3-5, 1862-1867]''. Oslo. 1971. {{bokhylla|NBN:no-nb_digibok_2007070900026}}
* ''Dølen : eit vikublad : 1858-1870. B. 2 : [Årg. 3-5, 1862-1867]''. Oslo. 1971. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2007070900026}}
* ''Dølen : eit vikublad : 1858-1870. B. 3 : [Årg. 6-8, 1868-1870]''. Oslo. 1972. {{bokhylla|NBN:no-nb_digibok_2007070900027}}
* ''Dølen : eit vikublad : 1858-1870. B. 3 : [Årg. 6-8, 1868-1870]''. Oslo. 1972. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2007070900027}}
* ''Fjøllstaven min og andre ferdaskildringar''. Utg. Samlaget. Oslo. 1967. {{bokhylla|NBN:no-nb_digibok_2008052000050}}
* ''Fjøllstaven min og andre ferdaskildringar''. Utg. Samlaget. Oslo. 1967. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2008052000050}}
* ''Skrifter i samling. B. 1 : Bladstykke i Morgenbladet, Andhrimner, Drammens tidende, Den Norske tilskuer, Christiania-posten, Illustreret nyhedsblad og Dølen''. Utg. Cappelen. Oslo. 1943. {{bokhylla|NBN:no-nb_digibok_2007020801065}}
* ''Skrifter i samling. B. 1 : Bladstykke i Morgenbladet, Andhrimner, Drammens tidende, Den Norske tilskuer, Christiania-posten, Illustreret nyhedsblad og Dølen''. Utg. Cappelen. Oslo. 1943. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2007020801065}}
* ''Skrifter i Samling. B. 2 : Bladstykke i Dølen II-VIII''. Utg. Cappelen. Kristiania. 1917. {{bokhylla|NBN:no-nb_digibok_2011063023003}}
* ''Skrifter i Samling. B. 2 : Bladstykke i Dølen II-VIII''. Utg. Cappelen. Kristiania. 1917. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2011063023003}}
* ''Skrifter i Samling. B. 3 : Schweigaard ; Talar ; Bretland og Britarne ''. Utg. Cappelen. Kristiania. 1913. {{bokhylla|NBN:no-nb_digibok_2011063023004}}
* ''Skrifter i Samling. B. 3 : Schweigaard ; Talar ; Bretland og Britarne ''. Utg. Cappelen. Kristiania. 1913. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2011063023004}}
* ''Skrifter i samling. B. 4 : Ferdaminne ; Fjellstaven min ; Studentferdi 1862 ; Elsk og giftarmål ; Ei fjellferd''. Utg. Cappelen. Oslo. 1942. {{bokhylla|NBN:no-nb_digibok_2007011500003}}
* ''Skrifter i samling. B. 4 : Ferdaminne ; Fjellstaven min ; Studentferdi 1862 ; Elsk og giftarmål ; Ei fjellferd''. Utg. Cappelen. Oslo. 1942. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2007011500003}}
* ''Skrifter i Samling. B. 5 : Einskilde dikt ; Umsette dikt og vers ; Storegut ; og Staale''. Utg. Cappelen. Kristiania. 1921. {{bokhylla|NBN:no-nb_digibok_2011063023006}}
* ''Skrifter i Samling. B. 5 : Einskilde dikt ; Umsette dikt og vers ; Storegut ; og Staale''. Utg. Cappelen. Kristiania. 1921. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2011063023006}}
* ''A.O. Vinjes skrifter i Utval. B. 2 : [Fraa Noregs Natur og Folkeliv]''. Utg. Samlaget. Kristiania. 1884. {{bokhylla|NBN:no-nb_digibok_2006112000052}}
* ''A.O. Vinjes skrifter i Utval. B. 2 : [Fraa Noregs Natur og Folkeliv]''. Utg. Samlaget. Kristiania. 1884. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2006112000052}}
* ''A.O. Vinjes skrifter i Utval. B. 3 : Norske Dikt''. Utg. Samlaget. Kristiania. 1886. {{bokhylla|NBN:no-nb_digibok_2006112101070}}
* ''A.O. Vinjes skrifter i Utval. B. 3 : Norske Dikt''. Utg. Samlaget. Kristiania. 1886. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2006112101070}}
* Midttun, Olav (red.): ''Aasmund Olavsson Vinje''. 1915. {{bokhylla|NBN:no-nb_digibok_2008082104023}}
* Midttun, Olav (red.): ''Aasmund Olavsson Vinje''. 1915. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2008082104023}}
* Vesaas, Olav (red.): ''Blomar veks i såret : dikt''. 1975 {{bokhylla|NBN:no-nb_digibok_2014100808053}}
* Vesaas, Olav (red.): ''Blomar veks i såret : dikt''. 1975 {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2014100808053}}

==Noter==
==Noter==
Linje 129: Linje 139:
==Kjelder==
==Kjelder==

* {{hbr1-1|pd00000013662256|Aasmund Olavsson Vinje}}.
* Berge, Rikard: ''Vinje og Rauland''. B. 2. Stavanger. 1944.
* Berge, Rikard: ''Vinje og Rauland''. B. 2. Stavanger. 1944.
* Berge, Rikard: ''Vinje og Rauland''. B. 3. Stavanger. [s.a.]  
* Berge, Rikard: ''Vinje og Rauland''. B. 3. Stavanger. [s.a.]  
Linje 149: Linje 160:
{{DEFAULTSORT:Vinje, Aasmund Olavsson}}
{{DEFAULTSORT:Vinje, Aasmund Olavsson}}
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Personer]]
[[kategori:Diktere]]
[[Kategori:Diktere]]
[[kategori:Forfattere]]
[[Kategori:Forfattere]]
[[Kategori:Journalister]]
[[Kategori:Journalister]]
[[Kategori:Redaktører]]
[[Kategori:Redaktører]]
Linje 156: Linje 167:
[[Kategori:Vinje kommune]]
[[Kategori:Vinje kommune]]
[[Kategori:Oslo kommune]]
[[Kategori:Oslo kommune]]
[[kategori:Gran kommune]]
[[Kategori:Gran kommune]]
[[Kategori:Fødsler i 1818]]
[[Kategori:Fødsler i 1818]]
[[Kategori:Dødsfall i 1870]]
[[Kategori:Dødsfall i 1870]]
{{F2}}
{{F2}}
{{nn}}