Alma Høgvoll: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
m (unngår to "fødd" på samme linje)
Linje 1: Linje 1:

{{thumb høyre|Høgvoll, Alma 100 år.jpg|Alma Høgvoll på hundreårsdagen. Ordførar i Skjåk, Elias Sperstad, møtte opp for å gratulere på kommunens vegner. |Hans Erik Kjosbakken.}}
{{thumb høyre|Høgvoll, Alma 100 år.jpg|Alma Høgvoll på hundreårsdagen. Ordførar i Skjåk, Elias Sperstad, møtte opp for å gratulere på kommunens vegner. |Hans Erik Kjosbakken.}}
'''[[Alma Høgvoll]]''' (fødd Bruheim), fødd i [[Skjåk]] 11. juli 1916, er pensjonert småbrukar og husmor. Ho har den siste tida budd på aldersinstitusjonen [[Skjåkheimen]]. Sjølve hundreårsdagen vart feira fyrst på Skjåkheimen med ordføraren til stades, deretter saman med den næraste familien heime på Høgvoll, der Alma budde frå 1938 til ho kom på Skjåkheimen. Laurdagen føreåt, den 9. juli, var det fest for 120 gjestar på ungdomshuset [[Moar]], eit festlokale i grenda som Alma har støtta aktivt opp frå fyrste stund da huset vart reist midt på 1930-talet. På festen var Alma i åtte timar. Så ho er sprek etter alderen, heilt åndsfrisk, men høyrer litt dårleg og brukar rullator.
'''[[Alma Høgvoll]]''' (fødd Bruheim i [[Skjåk]] 11. juli 1916), er pensjonert småbrukar og husmor. Ho har den siste tida budd på aldersinstitusjonen [[Skjåkheimen]]. Sjølve hundreårsdagen vart feira fyrst på Skjåkheimen med ordføraren til stades, deretter saman med den næraste familien heime på Høgvoll, der Alma budde frå 1938 til ho kom på Skjåkheimen. Laurdagen føreåt, den 9. juli, var det fest for 120 gjestar på ungdomshuset [[Moar]], eit festlokale i grenda som Alma har støtta aktivt opp frå fyrste stund da huset vart reist midt på 1930-talet. På festen var Alma i åtte timar. Så ho er sprek etter alderen, heilt åndsfrisk, men høyrer litt dårleg og brukar rullator.

Ho var fødd på garden Larskvea, ein mindre gard i [[Lundagrenda (Skjåk)|Lundagrenda]]. Foreldra var [[Mathias Bruheim]] (1882-1967) og Torø Jonsdotter Lund (1880-1929). Alma var nest yngst av ein syskenflokk på seks, fødde i tidsrommet 1908-1920. Ein av brørne var lyrikaren [[Jan-Magnus Bruheim]]. Heimen var prega av kristelege og kulturelle interesser, engasjert mellom anna i kyrkjelydsarbeid, i småbrukarrørsla og i ideelt arbeid på område som fråhald og frilynt ungdomsarbeid. Særleg Alma og broren Jan-Magnus vart ivrige nynorskbrukarar.  

Alma Bruheim gifta seg med Peder G. Lund (1912-?) i 1935. Han dreiv da som anleggssnikkar. Dei to rydda og bygde seg bureisingsbruket Høgvoll frå 1938, på grunn utskilt frå familiegarden Larskvea. Dei tok familienamn etter den nye bustaden sin. Alma og Peder fekk ni born, men tre av dei døydde som spebarn.  

Linje 23: Linje 23:
{{Hundreåringer}}
{{Hundreåringer}}
{{Kvinner i lokalhistoria}}
{{Kvinner i lokalhistoria}}
{{nn}}

Sideversjonen fra 25. okt. 2016 kl. 12:34

Mal:Thumb høyre Alma Høgvoll (fødd Bruheim i Skjåk 11. juli 1916), er pensjonert småbrukar og husmor. Ho har den siste tida budd på aldersinstitusjonen Skjåkheimen. Sjølve hundreårsdagen vart feira fyrst på Skjåkheimen med ordføraren til stades, deretter saman med den næraste familien heime på Høgvoll, der Alma budde frå 1938 til ho kom på Skjåkheimen. Laurdagen føreåt, den 9. juli, var det fest for 120 gjestar på ungdomshuset Moar, eit festlokale i grenda som Alma har støtta aktivt opp frå fyrste stund da huset vart reist midt på 1930-talet. På festen var Alma i åtte timar. Så ho er sprek etter alderen, heilt åndsfrisk, men høyrer litt dårleg og brukar rullator.

Ho var fødd på garden Larskvea, ein mindre gard i Lundagrenda. Foreldra var Mathias Bruheim (1882-1967) og Torø Jonsdotter Lund (1880-1929). Alma var nest yngst av ein syskenflokk på seks, fødde i tidsrommet 1908-1920. Ein av brørne var lyrikaren Jan-Magnus Bruheim. Heimen var prega av kristelege og kulturelle interesser, engasjert mellom anna i kyrkjelydsarbeid, i småbrukarrørsla og i ideelt arbeid på område som fråhald og frilynt ungdomsarbeid. Særleg Alma og broren Jan-Magnus vart ivrige nynorskbrukarar.

Alma Bruheim gifta seg med Peder G. Lund (1912-?) i 1935. Han dreiv da som anleggssnikkar. Dei to rydda og bygde seg bureisingsbruket Høgvoll frå 1938, på grunn utskilt frå familiegarden Larskvea. Dei tok familienamn etter den nye bustaden sin. Alma og Peder fekk ni born, men tre av dei døydde som spebarn.

Frå 1948 til 1966 dreiv Peder maskinstasjon i bygda, dvs. han kjøpte traktor og reiskap og tok på seg onnearbeid for gardbrukarane på ei nærare bestemt strekning i bygda etter avtale. Alma fortel levande om denne tida i eit stykke i det lokalhistoriske årsskriftet Kvelds-seto frå 2004. Ho er interessert i lokalhistorie, og har gjeve opplysningar til bruk i bygdeboka for Skjåk.

Kjelder og litteratur

  • Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok, bd. 4, Historia 1914-1945. Skjåk kommune 2016.
  • Høgvoll, Alma: «Frå hest til traktor - da fyrste Gråtassen kom til Skjåk», i Kvelds-seto. Gåmålt frå Skjåk. Utg. Skjåk Historielag 2004.
  • Reportasje frå 100-årsfeiringa i Fjuken 9. juli 2016.
  • Ættebok for Skjåk, bd. II side 124-125 og 203-204.

Tree.ring.arp.jpg På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene.
Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten.