Ambrosius Rhodius

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyreAmbrosius Rhodius (fødd 10. november 1605 i Kemberg, Sachsen, død 1696 same stad) var lege, matematikar, fysikar og astrolog. Frå 1637 var han stadsfysikus (bylege) og professor i Christiania. Han var ein sentral person i det vesle lærde miljøet som var sentrert rundt domkyrkja og katedralskulen der på denne tida. Han hadde direkte kontakt med vitskapsfolk i fleire europeiske land, og han hadde det som venteleg var den største boksamlinga i Noreg i si tid.

I 1661 vart han og kona hans arresterte, og året etter forviste til soning på Vardøhus festning, dømde for injuriar.

Familie

Foreldra var Jacob Rhodius (død 1636) og Elisabeth Freiwaldin (død 1636). Faren var rektor og prest. Ambrosius Rhodius var gift to gonger, fyrst med Anna Fredriksdotter, dotter av lege Fredericus Severinus i København, som hadde vore livlege for Fredrik 1. Ho døydde ein gong før 1675. Rhodius' andre ekteskap, inngått i 1675, var med Maria Dorothea Gröllmann (død 1729).


Utdanning og karriere til 1637

Ambrosius fekk undervisning heime, mellom anna av farbroren, som også heitte Ambrosius Rhodius. Som femtenåring byrja Ambrosius d.y. på universitetsførebuande undervisning i Grimma. Han studerte deretter i Wittenberg, tok magistergrad i 1629 og studerte deretter medisin i tre år. Den fyrste akademiske stilling hadde han som fysikar og matematikar i Königsberg frå 1632.

I 1635 kom han til København, der han same året forsvarte offentleg si avhandling om skjørbuk. Han utgav samstundes eit astrologisk arbeid om samanhengen mellom menneskeleg sjukdom og stjernekonstellasjonar. Han var påverka av den austerrikske medisinar, astrolog og alkymist Paracelsus (1493-1541). I boksamlinga til Rhodius i Christiania, fanst det 14 verk av og om Paracelsus. Boksamlinga var elles imponerande etter si tid. I følgje ei buregistrering som vart gjort i samband med arrestasjonen i 1661, talde ho 437 band.[1]

Gjennom farbroren vart den unge Ambrosius også introdusert for det moderne, heliosentriske verdsbiletet slik dette var utdjupa av Johannes Kepler.

I 1636 tok Rhodius i mot ei stilling som lege på Bremerholm og ved Børnehuset i København.

Stadsfysikus og professor i Christiania

I mai 1637 fekk statthaldaren i Noreg stadfesting frå kongen på at dei kunne ta Rhodius inn i stillinga som professor i matematikk og fysikk ved det nye gymnaset i Christiania.[2] Det var fastslått i fundasen for skulen at dette professoratet skulle fyllast av ein medicus. Rhodius skulle samstundes vere stadsfysikus i byen. Han fekk også ei tid ansvaret for det medisinske utstyret til hæren, som var under oppbygging i 1640-åra.

I 1647 vart Rhodius tillagd ei av godssamlingane som låg til domkapitelet i Christiania.[3] Samlinga bestod av ei lang rad gardar og gardpartar spreidd over store delar av det sentrale Austlandet, og som han altså fekk leigeinntektene av. Iallfall ein av gardane, Grorud nær Christiania, kan det ut frå ei innførsel i skattematrikkelen 1647[4] sjå ut til at Rhodius dreiv for eiga rekning som [[Leksikon:Avlsgård|avlsgård]. Han budde sikkert ikkje der, men hadde heller leigde folk til å drive gardsbruket. Det er kjent at Rhodius hadde urtehage for å dyrke planter til medisinsk bruk. Ein avlsgard som Grorud kan sjølvsagt ha vore nytta til det føremålet. Meir sannsynleg er det likevel at urtehagen låg på ei av løkkene rett ved byen, og at gardsbruket på Grorud heller vart drive for å forsyne doktorens hushald i Christiania med kjøt, korn og mjølk til dagleg bruk.

Hans astrologiske kunnskapar hjelpte han til å tolke eit syn han såg på himmelen over Eiker i 1657. Han tolka det til at det skulle skje ei systemendring i den dansk-norske staten. Bodskapen vart formidla i eit dikt som han skreiv på latin og tileigna kong Fredrik 3. Diktet vart utgjeve i 1660, året for innføringa av eineveldet.

Fangenskapet

Mal:Thumb høyre Ambrosius Rhodius’ hustru Anna retta i 1657 sterke skuldingar mot to borgarmeistrar i Christiania for korrupsjon og umoral på andre måtar. Klagene vart retta til statthaldaren, men vart tolka slik at noko av klagemåla også fall tilbake på denne fremste herren i riksdelen Noreg. Saka gjekk i fleire år, til dom fall på herredagen som vart halden i samband med suverenitetshyllinga i Christiania i 1661. Anna vart saman med ektemannen, som hadde støtta henne i saka, dømd for injuriar, og straffa med fengsel på livstid og tap av ære. Dei sat fyrst ei tid på Akershus, men vart i 1662 forvist til Vardøhus. Dette fall saman i tid med ein stor trolldomsprosess der oppe, og ekteparet fekk nær kontakt med fleire arresterte kvinner og småjenter som var mistenkte for å stå i pakt med djevelen. Det er kjent at Anna Rhodius hjelpte til med å overtale fleire av småjentene til å bekjenne.

Rhodius' interesse for Paracelsus og Annas religiøse aktivisme har reist spørsmålet om det låg noko anna og meir enn injuriesaka bak dommen og straffeutmålinga. Dei kan ha tilhøyrt eit dissentarmiljø i Christiania som «utgjorde en trussel mot eneveldets luthersk-pietitiske statsform».[5]

Rhodius vart benåda i 1666, men vart verande i Vardø eit års tid etter det. Anna vart sitjande på Vardøhus til ho døydde, ein gong før 1675 (kanskje i 1667 eller 1668, da Rhodius kjende seg fri til å dra sørover att?). Rhodius byrja på nytt legeverksemd i Christiania. I 1672 forlet han Noreg og slo seg ned i fødebyen Kemberg, der han også gifta seg på nytt.


Referansar

  1. Bull, E. 1920:263-270
  2. NRR VII side 337 (14.05.1637).
  3. NRR VIII side 517-518 (9.6.1647).
  4. Skattematrikkelen 1647, Akershus side 68
  5. Moseng, O.G. 2003:32. Moseng refererer til Shackelford, J. 1989.


Kjelder og litteratur

  • Bull, Edv.: «En læge i det eldste Kristiania», i St. Hallvard 1920.
  • Moseng, Ole Georg: Ansvaret for undersåttenes helse 1603-1850. Bd. 1 i Det offentlige helsevesen i Norge 1603-2003, Universitetsforlaget, Oslo 2003.
  • Norske Rigs-Registranter
  • Roggen, Vibeke: Artikkel om Rhodius i Norsk biografisk leksikon
  • Sprauten, Knut: Byen ved festningen. Oslo bys historie 2, Cappelen, Oslo 1992.
  • Willumsen, Liv Helene: «Barn anklaget for trolldom i Finnmark - en narratologisk tilnærming», i Heimen nr. 3 2011.


Kjelder og litteratur som ikkje er utnytta i artikkelen

  • Ingerslev, E.: Ambrosius Rhodius og hans Hustru, Medicinsk-historiske Smaaskrifter 14, København 1663.
  • Shackelford, Jole: Paracelsianism in Denmark and Norway in the 16th and 17th Centuries, Madison (Wisconsin) 1989.
  • Shackelford, Jole: «A Reappraisal of Anna Rhodius: Relgious Enthusiasm and Social Unrest in Seventeenth-Century Christiania, Norway», i Scandinavian Studies 65, 1993.