Amund Folkedal: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
m (hbr) |
||
Linje 12: | Linje 12: | ||
*Lægreid, Tobias og Agnes: ''Gards- og ættesoge for Eidfjord''. Red. Einar Richter Hanssen. Utg. Eidfjord kommune. 1992. 592 s. ISBN 82-992675-0-1. {{bokhylla|NBN:no-nb_digibok_2014070905002}}, s. 133. | *Lægreid, Tobias og Agnes: ''Gards- og ættesoge for Eidfjord''. Red. Einar Richter Hanssen. Utg. Eidfjord kommune. 1992. 592 s. ISBN 82-992675-0-1. {{bokhylla|NBN:no-nb_digibok_2014070905002}}, s. 133. | ||
*[https://media.digitalarkivet.no/view/2233/14033/15 Ulvik Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. D 1, 1878-1903, s. 134.] | *[https://media.digitalarkivet.no/view/2233/14033/15 Ulvik Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. D 1, 1878-1903, s. 134.] | ||
* {{hbr1-1|pf01038234000656|Amund Folkedal}}. | |||
{{DEFAULTSORT:FOLKEDAL; AMUND}} | {{DEFAULTSORT:FOLKEDAL; AMUND}} |
Sideversjonen fra 26. sep. 2018 kl. 09:36
Amund (Halldorson) Folkedahl (fødd 1841, død 17. desember 1892) var lærar, kyrkjesongar og den fyrste ordføraren i Eidfjord herad i Hardanger.
Folkedal tok eksamen ved Voss lærarskule i 1859, og året etter vart han lærar ved Lægreid skule i Nedre Eidfjord. Frå 1865 hadde han òg stillinga som kyrkjesongar i Eidfjord kyrkje. To år seinare gifta han seg med Katrine Helvig Torsteinsdotter Bolstad (1847-1924).
Amund Folkedal sat i det gamle heradsstyret i Ulvik. Då Eidfjord vart skild ut som eige herad i 1891, vart han ordførar. Bygdebokforfattar Knut Grove skriv at Folkedal «hadde ein markant posisjon i bygda [...], med tunge politiske verv, og var samtidig postopnar og aktiv i fleire ulike lag og organisasjonar». Han skipa mellom anna Eidfjord misjonsforeining, der han var mangeårig formann.
Han døydde brått i 1892, berre eitt år etter at han vart ordførar. Varaordførar Torgils C. Hereid, som var bonde, tok over vervet.
Kjelder og litteratur
- Grove, Knut: Eidfjord 1891-2010 - frå fjord til fjell, Fagbokforlaget 2010, s. 56.
- Lægreid, Tobias og Agnes: Gards- og ættesoge for Eidfjord. Red. Einar Richter Hanssen. Utg. Eidfjord kommune. 1992. 592 s. ISBN 82-992675-0-1. Mal:Bokhylla, s. 133.
- Ulvik Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. D 1, 1878-1903, s. 134.
- Amund Folkedal i Historisk befolkningsregister.