Ananias Christopher Harberg: Forskjell mellom sideversjoner
mIngen redigeringsforklaring |
m (Teksterstatting – «[[kategori:» til «[[Kategori:») |
||
(Én mellomliggende versjon av en annen bruker er ikke vist) | |||
Linje 27: | Linje 27: | ||
[[Kategori:Personer]] | [[Kategori:Personer]] | ||
[[ | [[Kategori:Futer]] | ||
[[Kategori:Gardbrukere]] | [[Kategori:Gardbrukere]] | ||
[[Kategori:Høyanger kommune]] | [[Kategori:Høyanger kommune]] | ||
[[Kategori:Fødsler i 1696]] | [[Kategori:Fødsler i 1696]] | ||
[[Kategori:Dødsfall i 1760]] | [[Kategori:Dødsfall i 1760]] | ||
{{nn}} |
Nåværende revisjon fra 30. mai 2023 kl. 09:28
Ananias Christopher Harberg (fødd 5. april 1696 i Ulstein, død 4. august 1760 i Bjordal) var son av residerande kapellan Hans Harberg i Ulstein, Møre og Romsdal, og Kirsten Finde.
Ananias Harberg var fut i Sogn frå 1734 til han døydde. I 1750-åra vart det utarbeidd ei handbok for futen i Sogn som det er rimeleg at Harberg stod bak.[1]
I 1737 overtok han garden Bjordal, no Høyanger, der han og huslyden vart buande.
Mora Kirsten Finde var dotter av presten Peder Finde i Førde, den største jordeigaren i Sunnfjord. Systera til Kirsten, Anne Finde, vart gift med den søkkrike soknepresten Iver Eriksen Leganger i Vik.
Ananias Harberg gifte seg dessutan inn i Leganger-ætta då han 21. september 1735 vart gift med Anne Sophie Leganger (1712-1770), dotter av sokneprest Iver Iversen Leganger i Leikanger, som var son til Iver Eriksen Leganger. Harberg fekk på denne måten hand om fleire gardar i Sogn og var ein rik mann. Skiftet etter enkja Anne Sophie i 1770 var eitt av dei største som hadde vore i Sogn, med ei brutto eige på 4314 rdl. og ei gjeld på 899 rdl.
Ananias og Anne Sophie fekk mellom anna desse borna:
- Hans Otto Ananiassen Harberg (f. 1738), proprietær, Bjordal
- Iver Christian Harberg (1742-1803)
- Samuel Christopher Harberg (1745-1780), sokneprest i Hafslo
- Kirsten Finde Harberg (1747-1835), gift med Simen Hansen, fut i Sogn
- Peder Ananiassen Harberg (1751-1817)
- Anna Sophia Randulf Harberg (f. 1755)
Notar
- ↑ Om handbok for futen, Jostedal historielag
Litteratur
- «Slekten Harberg i Norge, etterkommere etter skredder Christopher Hansen», Ørjan Karlsens nettstad
- «Futegardane i Bjordal og Alværa», Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane