Anders Andersson Haugen (1786–1869)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 5. mai 2011 kl. 05:37 av Oddloho (samtale | bidrag) (retting om foreldra og ordføraroppl)
Hopp til navigering Hopp til søk

Anders Andersson Haugen (døypt 3. september 1786, død 27. desember 1869) var frå garden Haugen i Krundalen i Jostedalen. Han var son til Anders Paulson Haugen frå Li og Agatha Andersdotter frå Haugen.

Anders gifte seg 26. oktober 1808 med Mari Johnsdotter (1790-1844) frå Nedrelid. Anders fekk skøyte på garden alt i 1789 i skifteoppgjeret etter far sin, og han og Mari tok over drifta då dei gifte seg i 1808. Dei vart buande som kårfolk på Haugen etter at dei let over garden til sonen Anders i 1836.

Anders Andersson Haugen er nemnd som setjeordførar i Jostedalen ein kort periode i 1850. Det var truleg denne Anders Haugen, men kan òg ha vore eldstesonen Anders.

Anders og Kari fekk i alt ti born, og desse voks opp:

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 754. (Digital utgåve, NBdigital)


Forgjengar:
 Christian Bastholm Heltberg 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Christian Bastholm Heltberg