Anders Fjellner: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Linje 7: Linje 7:


== Familien ==
== Familien ==
I Karesuando møtte Anders Fjellner Christina Päivadtj (Päiviö; f. [[25. oktober]] [[1813]] i Kongama i [[Finland]]; d. [[10. september]] [[1876]] i Sorsele). Namnet Päivadtj kan tolkast som 'litlesol', og i eit brev til ein gammal ven skreiv Fjellner: «Jag har fått tag på Solens dotter». Fredagen den [[6. januar]] [[1837]] gifta dei seg, og dei fikk etterkvart sju born:
# Thomas Fjellner (1838–1885)
# Ella Amalia Fjellner (1840–1916)
# Napoleon Fjellner (1842–1885)
# Emma Christina Fjellner (1845–1857)
# Carolus Fjellner (1847–1914)
# Anna Antonia Fjellner (1851–1931)
# Marta Eleonora Fjellner (1855–1913)
Christina hadde med seg ein liten reinflokk inn i ekteskapet, og slik vart Anders Fjellner involvert i reindrift att.


== Yrkeslivet ==
== Yrkeslivet ==

Sideversjonen fra 23. feb. 2017 kl. 14:40

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Anders Fjellner.
Foto: Lotten von Düben (1871).

Anders Fjellner (f. 18. september 1795 på Rödfjället i Härjedalen; d. 22. februar 1876 i Sorsele) var ein sørsamisk prest og diktar. Han er mest kjent for diktverket Päiven pardne, som han skreiv i ei samisk språkform som er eit kompromiss mellom herjedalssamisk og tornesamisk. Päiven pardne byggjer ifølgje honom sjølv på songar og segner som han hadde skrive ned frå samar frå fleire ulike stader i Sameland.

Oppvekst og utdaning

Anders Thomasson vart fødd fredagen den 18. september 1795 på Rödfjellet i Ljusnedals församling i noverande Härjedalens kommun som det andre av seks born av reindriftssamane Thomas Jonsson (17611804) og Märta Andersdotter. Da far hans døydde den 5. juli 1804, tok ein slektning til seg Anders, som da fikk gå på skule ved Frösö trivialskola i Östersund. I løpet av skulegangen der tok Anders Thomasson etternamnet Fjellner. Han studerte vidare ved Härnösands gymnasium, og begynte så teologistudia ved Uppsala universitet i 1818. Etter tre år i Uppsala arbeidde han først som misjonær i kyrkjesokna Jukkasjärvi og Karesuando føre han vart vigsla til prest i 1828. Same året som Anders Fjellner begynte universitetsstudia, vart den første samlinga av finske folkedikt utgjeven av Carl Axel Gottlund. Fjellner vart vener med Gottlund og fatta ei livslang interesse for finsk folkedikting. Under heile studietida hadde han arbeidd i reindrifta om somrane, og kom aldri til å sleppte taket på sin samiske bakgrunn.

Familien

I Karesuando møtte Anders Fjellner Christina Päivadtj (Päiviö; f. 25. oktober 1813 i Kongama i Finland; d. 10. september 1876 i Sorsele). Namnet Päivadtj kan tolkast som 'litlesol', og i eit brev til ein gammal ven skreiv Fjellner: «Jag har fått tag på Solens dotter». Fredagen den 6. januar 1837 gifta dei seg, og dei fikk etterkvart sju born:

  1. Thomas Fjellner (1838–1885)
  2. Ella Amalia Fjellner (1840–1916)
  3. Napoleon Fjellner (1842–1885)
  4. Emma Christina Fjellner (1845–1857)
  5. Carolus Fjellner (1847–1914)
  6. Anna Antonia Fjellner (1851–1931)
  7. Marta Eleonora Fjellner (1855–1913)

Christina hadde med seg ein liten reinflokk inn i ekteskapet, og slik vart Anders Fjellner involvert i reindrift att.

Yrkeslivet

Päiven pardne

Bildegalleri

Kjelder

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!