Anders Stokkeland: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
(defsort) |
||
(9 mellomliggende versjoner av 3 brukere er ikke vist) | |||
Linje 1: | Linje 1: | ||
'''[[Anders Stokkeland]]''' (fødd 1846 i [[Vestnes]], død 1919) var skulemann og kulturpersonlegdom i Gudbrandsdalen. | '''[[Anders Stokkeland]]''' (fødd 1846 i [[Vestnes]], død 1919) var skulemann og kulturpersonlegdom i Gudbrandsdalen. | ||
Han var son til Kristen Nilsen Stokkeland og Anne Olsdotter Lindset og voks opp på garden Stokkeland i Vestnes. I 1878 gifta han seg med | Han var son til Kristen Nilsen Stokkeland og Anne Olsdotter Lindset og voks opp på garden Stokkeland i Vestnes. I 1878 gifta han seg med Frederikke Kristensdotter Stokkeland. Dei var tremenningar. | ||
Dei fekk sju born: Valborg (1879), Einar (1881), Astrid (1883), Gudrun (1885), Marie (1887), Borghild (1889) og Frida (1895). Berre Gudrun har etterkomarar. | Dei fekk sju born: Valborg (1879), Einar (1881), Astrid (1883), Gudrun (1885), Marie (1887), Borghild (1889) og Frida (1895). Berre Gudrun har etterkomarar. | ||
Anders Stokkeland var styrar for Gudbrandsdal amtsskule frå 1876. Amtsskulane kom i gang som ein reaksjon på dei frilynte folkehøgskulane som hadde vorte skipa på 1860 talet. Amtsskulen i Gudbrandsdalen var ambulerande og skulen flytte frå bygd til bygd. Fyrste vinteren var skulen i Skjåk, med tilhald i Mallaug skule. | Anders Stokkeland var styrar for Gudbrandsdal amtsskule frå 1876. Amtsskulane kom i gang som ein reaksjon på dei frilynte folkehøgskulane som hadde vorte skipa på 1860 talet, men etter kvart utvikla amtsskulane seg i retning dei frilynte folkehøgskulane. Amtsskulen i Gudbrandsdalen var ambulerande og skulen flytte frå bygd til bygd. Fyrste vinteren var skulen i Skjåk, med tilhald i Mallaug skule. | ||
Stokkeland hadde eksamen frå Klæbu seminar (1868). Etter eksamen var han huslærar i heimbygda i to år. Ved sida av studerte han framandspråk hos presten Krohg. Så kom han til Sarpsborg realskule i 1871. Fire år seinare søkte han – og fekk – stillinga som amtsskulelærar i Kristians Amt, som det heitte den gongen. | Stokkeland hadde eksamen frå Klæbu seminar (1868). Etter eksamen var han huslærar i heimbygda i to år. Ved sida av studerte han framandspråk hos presten Krohg. Så kom han til Sarpsborg realskule i 1871. Fire år seinare søkte han – og fekk – stillinga som amtsskulelærar i Kristians Amt, som det heitte den gongen. | ||
Det var i amtsskulen i Gudbrandsdalen at Stokkeland kom til å ha si livsgjerning. Fram til 1900 var skulen på flyttefot heile fjorten gonger, for skulen var berre to-tre år i kvar bygd. I 1900 fekk skulen fast tilhald i forsamlingslokalet Bølund i Ringebu. | Det var i amtsskulen i Gudbrandsdalen at Stokkeland kom til å ha si livsgjerning. Fram til 1900 var skulen på flyttefot heile fjorten gonger, for skulen var berre to-tre år i kvar bygd. I 1900 fekk skulen fast tilhald i forsamlingslokalet Bølund i Ringebu. I Ringebu-tida bygde han huset Solbakken, ovanfor Vålebrua, bygdesentret i Ringebu. | ||
Anders Stokkeland døydde på nyåret 1919, 73 år gamal. Han hadde da vore styrar for Gudbrandsdal amtsskule i heile 43 år. Han er gravlagd på Ringebu kyrkjegard. | Anders Stokkeland døydde på nyåret 1919, 73 år gamal. Han hadde da vore styrar for Gudbrandsdal amtsskule i heile 43 år. Han er gravlagd på Ringebu kyrkjegard. | ||
Linje 17: | Linje 15: | ||
Han har fått sterke lovord som lærar og pedagog. Ein av elevane hans, redaktør Kristian Prestgard, skreiv om Stokkeland i sjølvbiografien sin: "Bestyreren A. Stokkeland var uten tvil en av de ypperste lærerbegavelser, Norge har fostret. [...] evnerik, kunnskapsrik, veltalende og forståelsesfull. Han var en født lærer." | Han har fått sterke lovord som lærar og pedagog. Ein av elevane hans, redaktør Kristian Prestgard, skreiv om Stokkeland i sjølvbiografien sin: "Bestyreren A. Stokkeland var uten tvil en av de ypperste lærerbegavelser, Norge har fostret. [...] evnerik, kunnskapsrik, veltalende og forståelsesfull. Han var en født lærer." | ||
Stokkeland var heidersmedlem i Gudbrandsdal Ungdomslag (frå 1898) og i Gudbrandsdalslaget i USA (frå 1912). . | Han var frimurar (medlem i Losje Kolbein på Lillehammer). Han heldt ofte føredrag kring i bygdene, ofte om fråhaldssaka, men òg om andre emne. Føredraga vart gjerne haldne i dei frilynte ungdomslaga. | ||
Stokkeland var heidersmedlem i Gudbrandsdal Ungdomslag (frå 1898) og i Gudbrandsdalslaget i USA (frå 1912). I 1915 fekk han Borgerdådsmedaljen i sølv for "lang og fortjenstfuld virksomhet i ungdomsskolens tjeneste og for fremme ogsaa paa anden maate av folkeoplysning". | |||
== Kjelder og litteratur == | == Kjelder og litteratur == | ||
Linje 23: | Linje 23: | ||
* Prestgard, Kristian: ''Fra Heidal til Decorah''. Otta 1996. (Om Stokkeland s. 43). | * Prestgard, Kristian: ''Fra Heidal til Decorah''. Otta 1996. (Om Stokkeland s. 43). | ||
* Åsmundstad, Per: ''Ringebu folkehøgskule 125 år 1876–2001''. Lillehammer 2001. | * Åsmundstad, Per: ''Ringebu folkehøgskule 125 år 1876–2001''. Lillehammer 2001. | ||
* {{hbr1-1|pf01036433001561|Anders Stokkeland}}. | |||
{{ | {{DEFAULTSORT:Stokkeland, Anders}} | ||
[[Kategori:Personer]] | [[Kategori:Personer]] | ||
[[Kategori:Fødsler i 1846]] | [[Kategori:Fødsler i 1846]] | ||
Linje 31: | Linje 32: | ||
[[Kategori:Ringebu kommune]] | [[Kategori:Ringebu kommune]] | ||
[[Kategori:Lærere]] | [[Kategori:Lærere]] | ||
{{nn}} |
Nåværende revisjon fra 1. sep. 2020 kl. 11:19
Anders Stokkeland (fødd 1846 i Vestnes, død 1919) var skulemann og kulturpersonlegdom i Gudbrandsdalen.
Han var son til Kristen Nilsen Stokkeland og Anne Olsdotter Lindset og voks opp på garden Stokkeland i Vestnes. I 1878 gifta han seg med Frederikke Kristensdotter Stokkeland. Dei var tremenningar.
Dei fekk sju born: Valborg (1879), Einar (1881), Astrid (1883), Gudrun (1885), Marie (1887), Borghild (1889) og Frida (1895). Berre Gudrun har etterkomarar.
Anders Stokkeland var styrar for Gudbrandsdal amtsskule frå 1876. Amtsskulane kom i gang som ein reaksjon på dei frilynte folkehøgskulane som hadde vorte skipa på 1860 talet, men etter kvart utvikla amtsskulane seg i retning dei frilynte folkehøgskulane. Amtsskulen i Gudbrandsdalen var ambulerande og skulen flytte frå bygd til bygd. Fyrste vinteren var skulen i Skjåk, med tilhald i Mallaug skule.
Stokkeland hadde eksamen frå Klæbu seminar (1868). Etter eksamen var han huslærar i heimbygda i to år. Ved sida av studerte han framandspråk hos presten Krohg. Så kom han til Sarpsborg realskule i 1871. Fire år seinare søkte han – og fekk – stillinga som amtsskulelærar i Kristians Amt, som det heitte den gongen.
Det var i amtsskulen i Gudbrandsdalen at Stokkeland kom til å ha si livsgjerning. Fram til 1900 var skulen på flyttefot heile fjorten gonger, for skulen var berre to-tre år i kvar bygd. I 1900 fekk skulen fast tilhald i forsamlingslokalet Bølund i Ringebu. I Ringebu-tida bygde han huset Solbakken, ovanfor Vålebrua, bygdesentret i Ringebu.
Anders Stokkeland døydde på nyåret 1919, 73 år gamal. Han hadde da vore styrar for Gudbrandsdal amtsskule i heile 43 år. Han er gravlagd på Ringebu kyrkjegard.
Han har fått sterke lovord som lærar og pedagog. Ein av elevane hans, redaktør Kristian Prestgard, skreiv om Stokkeland i sjølvbiografien sin: "Bestyreren A. Stokkeland var uten tvil en av de ypperste lærerbegavelser, Norge har fostret. [...] evnerik, kunnskapsrik, veltalende og forståelsesfull. Han var en født lærer."
Han var frimurar (medlem i Losje Kolbein på Lillehammer). Han heldt ofte føredrag kring i bygdene, ofte om fråhaldssaka, men òg om andre emne. Føredraga vart gjerne haldne i dei frilynte ungdomslaga.
Stokkeland var heidersmedlem i Gudbrandsdal Ungdomslag (frå 1898) og i Gudbrandsdalslaget i USA (frå 1912). I 1915 fekk han Borgerdådsmedaljen i sølv for "lang og fortjenstfuld virksomhet i ungdomsskolens tjeneste og for fremme ogsaa paa anden maate av folkeoplysning".
Kjelder og litteratur
- Øveraas, Kristin: artikkel i Hemgrenda 2009. Ringebu 2009.
- Prestgard, Kristian: Fra Heidal til Decorah. Otta 1996. (Om Stokkeland s. 43).
- Åsmundstad, Per: Ringebu folkehøgskule 125 år 1876–2001. Lillehammer 2001.
- Anders Stokkeland i Historisk befolkningsregister.