Andersklubben under Helsem

Andersklubben var ein husmannsplass under garden Helsem og låg på ein bergskolt ved Storfjorden lengst sør i Helsemvika. Namnet skal den i fylgje bygdeboka for Stranda ha fått etter ein Anders Olsen Kjelstad (1764-) eller Klubbe-Anders - ein husmann frå nabobygda Sunnylven som budde på plassen. Plassen kom i bruk tidleg på 1800-talet. I folketeljinga 1825 var Anders Olsen og kona Anne registrert som husmenn under garden Helsem. Det er uvisst når plassen blei lagt ned.

Andersklubben under Helsem
Helsemklubben.jpg
Andersklubben ein småkald vårdag
Stad: Stranda
Fylke: Møre og Romsdal
Kommune: Stranda
Gnr.: 18

Litteratur

  • Kjølås. Gerhard: Stranda bygdebok I Gard og Grend, Molde 1954.
  • Solli, Arne, Individ - hushald - samfunn : fisk og jord som grunnlag for hushaldsetablering i Noreg kring år 1800, Bergen 1995.

Eksterne lenker

Koordinater: 62°17′30″ N 6°57′52″ Ø