Andreas Wiel Nygaard

Andreas Melchior Wiel Nygaard (født 28. mai 1903 i Idd, død 1982) var ein arkitekt som virka i Oslo i tidsrommet 1930-1952 og etter 1961. I ein periode etter 1955 var han direktør for Aschehoug forlag.

Andreas Wiel Nygaard.
Foto: Hentet fra Vi fra NTH (1950)

Han var sønn av forlagsdirektør William Nygaard (1865–1952) i Aschehoug forlag og Constance Wiel (1866–1931).

Nygaard var utdanna ved NTH i 1926, og etablerte eige kontor i Oslo i 1930 etter nokre år hos arkitektane Bjercke og Eliassen. I 1933-1938 var Nygaard redaktør av Byggekunst, tidsskrift for Norske Arkitekters Landsforbund. I åra 1940-47 hadde han kontor saman med Thorstein Schyberg.

Blant hans arbeid i Bodø kan særleg nemnast ombygginga av Rønvik sjukehus 1941-42 og 1945-46, forretningsgard i Sjøgata 19 for Julius Jakhelln AS frå 1949 og Sundems bokhandel frå 1947.

Han har også tegna fleire kyrkjer: Øvre Saltdal kyrkje (1938), Digermulen kyrkje (1951) og Røssvoll kyrkje, Rana (1953), dei to siste saman med Thorstein Schyberg.

Kilder og lenker

 
Andreas Wiel Nygaard er gravlagt i familiegrav på Vestre gravlund i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2012)


  Denne artikkelen om en arkitekt er del av prosjektet «Gjenreisningsarkitektane» fra Nasjonalt Senter for Gjenreisingsarkitektur. Du kan gjerne bidra med flere biografier! Flere artikler finner du i Kategori:Arkitekter.