Anne Vindegg (1884–1980): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Linje 29: Linje 29:
Hol og Ål var blant dei siste kommunane i landet som heldt på den regionale draktskikken. Då [[Aagot Noss]] gjorde feltarbeid her mellom 1956 og 1959, var det vanleg at gardkoner fødd før 1900 brukte "dåsakleu", som den tradisjonelle folkedrakta kallast. Nokre få ugifte kvinner brukte også dås (døs på holingsdialekt) på denne tida.   

Anne var truleg blant dei siste i Hol som brukte stakk eller bunad kvar dag, og som aldri brukte andre slags klede, fram til ho døydde i 1980. Til kvardags brukte ho oftast rutastakk med ruta eller rosete trøyer (skjorter). Til sundags var det grøne, blå eller svarte stakkar med jutl, og til fest hettebunad.  
Anne var truleg blant dei siste i Hol som brukte stakk eller bunad kvar dag, og som aldri brukte andre slags klede, fram til ho døydde i 1980. Til kvardags brukte ho oftast rutastakk med ruta eller rosete trøyer (skjorter). Til sundags var det grøne, blå eller svarte stakkar med jutl (belte), og til fest hettebunad.  

For å få plagg og hette til å sitje på hovudet, fletta ho håret i ein ring, slik Oliva Dalen viser det i Noss si bok ''Nærbilete av ein draktskikk''.<ref>Noss: 53-56</ref>     
For å få plagg og hette til å sitje på hovudet, fletta ho håret i ein ring, slik Oliva Dalen viser det i Noss si bok ''Nærbilete av ein draktskikk''.<ref>Noss: 53-56</ref>     

<gallery>
<gallery>
Fil:Anne Vindæg 1917.jpg|Anne med spann i bakken ned mot Osestølen. Her har ho ikkje jutl (belte) i stakken. Truleg fordi ho var gravid med Ingebjørg. Ukjend fotograf, 1917.
Fil:Anne Vindæg 1917.jpg|Anne med spann i bakken ned mot Osestølen. Her har ho ikkje jutl i stakken. Truleg fordi ho var gravid med Ingebjørg. Ukjend fotograf, 1917.
Fil:Anne og ole vindegg ustaoset 1939.png|I kvardagsklær på vollen nedanfor Osestølen. Anne i rutastakk med jutl (belte) og skaut, Ole i busserull utan lokale særmerke. Biletet er tatt av hytteeigar Trygve Serck-Hanssen, 1939.
Fil:Anne og ole vindegg ustaoset 1939.png|I kvardagsklær på vollen nedanfor Osestølen. Anne i rutastakk med jutl og skaut, Ole i busserull utan lokale særmerke. Biletet er tatt av hytteeigar Trygve Serck-Hanssen, 1939.
Fil:Anne vindegg campingstol.jpg|Biltur til "vestsida" (eigentleg sør) på Ustaoset. Kaffepause i sumarsola. Foto: Ingebjørg Vindegg, truleg på 1970-talet.
Fil:Anne vindegg campingstol.jpg|Biltur til "vestsida" (eigentleg sør) på Ustaoset. Kaffepause i sumarsola. Foto: Ingebjørg Vindegg, truleg på 1970-talet.
Fil:Anne vindegg ca1967.jpg|Her er Anne i full festbunad med konehette, slør i halsen, kvit skjorte og sylvstas. Jentebunaden til barnebarnet har truleg gått i arv. Lua med raudt band er av same type som brukast til vaksenbunaden i staden for pannelin eller hette. Biletet er teke utanfor Vindegg, fjøset i bakgrunnen. Foto: Ingebjørg Vindegg, om lag 1967.

Sideversjonen fra 28. mar. 2023 kl. 14:34

Anne i stakk med "rosut" skjorte og plagg (skaut) utanfor stølen Prestholt oppunder Hallingskarvet. Biletet vart brukt i ei lærebok for ungdomsskulen på 1970-talet.
Foto: Paul Andreas Røstad, Norsk teknisk museum/DEXTRA, 1969.

Anne Tolleivsdotter Vindegg (fødd Tufto 14. juni 1884, død 25. oktober 1980) var gardkone på Vindegg i Kvisla, Hol. På Ustaoset støla ho og hadde også arbeid med hyttefolk og andre turistar. Ho var truleg ein av dei siste i Hol som brukte folkedrakt til dagleg.

Frå Tufto

Anne vart fødd på Tufto, grannegard til Vindegg. Dette var farsgarden til mora, Mari Ellingsdotter (1847-1937). Ho gifte seg i 1871 med Tolleiv Knutson (1846-1931) frå Verpe i Ustedalen (ved Geilo). Gjennom mellom anna skreppehandel hadde han tent gode pengar. I 1871 kjøpte han Tufto og i 1896 også grannegarden Søre Juvsjordet.

Mari og Tolleiv fekk ni ungar, og Anne var nummer sju i flokken. Av syskena vart alle utanom Birgit (f. 1879), som utvandra til Amerika i 1904, buande i heimbygda. Tre av dei vart gardeigarar: Elling (1873-1963) på Tufto, Knut (1875-1963) på Øvre Sand og Olav (1882-1956) i Søre Juvsjordet. Pål (1877-1893) døydde som 16-åring. Asbjørn (1887-1973) vart heradskasserar. Ragnhild (1871-1918) og Ambjørg (1889-1967) budde og arbeidde på garden til Olav i Søre Juvsjordet. Dei var alle tre ugifte. I folketellinga 1910 er Ragnhild oppført som budeie og Ambjørg med husgjerning. Ambjørg var elles aktiv i ungdoms- og fråhaldsarbeid, misjon med meir.

Til Vindegg

I 1911 gifte Anne seg med Ole Olson Vindegg (1880-1955), som i 1907 hadde kjøpt Vindegg. 13. januar dette året skreiv han til broren Peder i Canada at "I vinter skal jeg have Anne Tufte til tjænestepige". Også i 1909 og 1910 hadde han henne som tjenestejente. Men i 1911 skreiv han: "Jeg skal nu gifte mig med Anne Tufte i vaar ved Santhanstider saa hvis de har lyst til at ture gjestebud saa er de meget velkommen."[1]  

Åtte av dei ni syskena til Anne vart altså buande i Kvisla. Ole hadde ti sysken, fødd mellom 1877 og 1896, og fire halvsysken, fødd mellom 1903 og 1915. Det fyrste kullet var, liksom Anne sine sysken, i konfirmasjonsalder under dei to siste utvandringsbølgjene til Amerika. I 1880-åra var det tronge tider på Vindegg, og i 1887 gjekk garden på tvangsauksjon. Kan hende verka utsiktene meir lovande i Amerika enn i heimbygda for Ole og syskena. Iallfall utvandra fem av brørne hans dit.

Anne og Ole fekk sju born: Olav (1911-1994), Torleiv (1913-1986), Mikkel (1915-1988), Ingebjørg (1917-2004), Maria (1919-2003), Erling (1922-2006) og Sissel (1925-1988).

Til Vindegg høyrde mellom anna langstølen OsestølenUstaoset, der Anne støla. Då Bergensbanen kom, sette Ole opp ei rekkje hytter på stølseigedomen. Både støls- og hyttedrifta var viktige inntektskjelder for garden og kravde innsats av heile familien.

Dei siste stakkekjeringane

Hol og Ål var blant dei siste kommunane i landet som heldt på den regionale draktskikken. Då Aagot Noss gjorde feltarbeid her mellom 1956 og 1959, var det vanleg at gardkoner fødd før 1900 brukte "dåsakleu", som den tradisjonelle folkedrakta kallast. Nokre få ugifte kvinner brukte også dås (døs på holingsdialekt) på denne tida.

Anne var truleg blant dei siste i Hol som brukte stakk eller bunad kvar dag, og som aldri brukte andre slags klede, fram til ho døydde i 1980. Til kvardags brukte ho oftast rutastakk med ruta eller rosete trøyer (skjorter). Til sundags var det grøne, blå eller svarte stakkar med jutl (belte), og til fest hettebunad.

For å få plagg og hette til å sitje på hovudet, fletta ho håret i ein ring, slik Oliva Dalen viser det i Noss si bok Nærbilete av ein draktskikk.[2]

Fotnotar

  1. Brev frå Ole O. Vindegg til Peder Vindegg 13. januar 1907, 4. april 1909, 20. mars 1910 og 27. mai 1911. Fra Norgesbrevsamlingen til Norsk lokalhistorisk institutt ved Nasjonalbiblioteket.
  2. Noss: 53-56

Kjelder og litteratur