Ingebjørg Vindegg (1917–2004)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ei gruppe ungdomar på tur ved Eidfjord. Ingebjørg Vindegg i kvitt. Til høgre for henne brørne Mikkel (bak), Torleiv og Olav.
Foto: Ukjent fotograf (1937).

Ingebjørg Vindegg (fødd 6. oktober 1917 i Hol, død same stad 29. august 2004) var rådgivar og formingslærar. Størstedelen av yrkeslivet budde ho i Nes kommune på Romerike, der ho var tilsett i skulen i 34 år.

Ingebjørg var eldste jenta i ein syskjenflokk på sju. Ho hadde tre eldre og ein yngre bror og to yngre systrer. Foreldra var Anne og Ole O. Vindegg som eigde garden Vindegg i Kvisla i Hol. Til garden høyrde også OsestølenUstaoset. Etter kvart som hyttebyen vaks fram, vart turisme ei viktig attåtnæring for familien.

Vindegg gjekk Fana folkehøgskule 1935-36. Etter krigen tok ho eit årsstudium ved Statens kvinnelige industriskole (1946-47). Dei neste åra heldt Vindegg fleire kortare sykurs ulike stader i Akershus i regi av husmorlag, husflidslag, bondekvinnelag osb., før ho hausten 1950 fekk ei stilling som håndarbeidslærarinne ved Greni skole i Nes. I 1955 vart ho tilsett ved framhaldsskolen i Nes. Truleg underviste ho ei tid ved båe skulene.

I 1960 tok Vindegg kurs i tilskjæring, som ga kompetanse til å kunne undervise på niande trinnet i framhaldsskulen. Da Vormsund ungdomsskole kom i drift i 1965, vart ho tilsett der som faglærar i forming. Året etter søkte ho permisjon for å ta eit årskurs ved Statens lærerskole i formingNotodden. Frå 1969 hadde ho også stillinga som rådgivar ved Vormsund. I 1971 starta ho på vidareutdanning i spesialpedagogikk (C-kurset) i Kongsvinger. Det gjekk over 2,5 år. Frå 1980 var ho samlingsstyrar for formingsfaga. Vindegg gjekk av med pensjon i 1984.

I ein periode budde Vindegg i andre høgda på Greni skole. Seinare leigde ho i mange år andre etasjen i huset til Tora Hoff i Sportsvegen 7 på Årnes. Som pensjonist flytta Vindegg tilbake til Kvisla, der ho budde i eit nybygd hus på Markehaugen saman med systera Maria.

Kjelder og litteratur