Anne Vindegg (1884–1980)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. mar. 2023 kl. 08:58 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (utvidet)
Hopp til navigering Hopp til søk
Anne utanfor stølen Prestholt oppunder Hallingskarvet. Biletet vart brukt i ei lærebok for ungdomsskulen på 1970-talet.
Foto: Paul Andreas Røstad, Norsk teknisk museum/DEXTRA, 1969.

Anne Tolleivsdotter Vindegg (fødd Tufto 14. juni 1884, død 25. oktober 1980) var gardkone på Vindegg i Kvisla, Hol.

Anne vart fødd på Tufto, grannegard til Vindegg. Dette var farsgarden til mora, Mari Ellingsdotter (1847-1937). Ho gifte seg i 1871 med Tolleiv Knutson (1846-1931) frå Verpe i Ustedalen (Geilo). Gjennom mellom anna skreppehandel hadde han tent gode pengar. I 1871 kjøpte han Tufto og i 1896 også grannegarden Søre Givsjord.

Mari og Tolleiv fekk ni ungar, og Anne var nummer sju i flokken. Av syskena vart alle utanom Birgit (f. 1879), som utvandra til Amerika i 1904, buande i heimbygda. Tre av dei vart gardeigarar: Elling (1873-1963) på Tufto, Knut (1875-1963) på øvre Sand og Olav (1882-1956) i søre Givsjord. Pål (1877-1893) døydde som 16-åring. Asbjørn (1887-1973) vart heradskasserar. Ragnhild (1871-1918) og Ambjørg (1889-1967) budde og arbeidde på garden til Olav i søre Givsjord. Dei var alle tre ugifte. I folketellinga 1910 er Ragnhild oppført som budeie og Ambjørg med husgjerning. Ambjørg var elles aktiv i ungdoms- og fråhaldsarbeid, misjon med meir.

I 1911 gifte Anne seg med Ole Olson Vindegg (1880-1955), som i 1907 hadde kjøpt Vindegg. 13. januar dette året skreiv han til broren Peder i Canada at "I vinter skal jeg have Anne Tufte til tjænestepige". Også i 1909 og 1910 hadde han henne som tjenestejente. Men i 1911 skreiv han: "Jeg skal nu gifte mig med Anne Tufte i vaar ved Santhanstider saa hvis de har lyst til at ture gjestebud saa er de meget velkommen."[1]  

Åtte av dei ni syskena til Anne vart altså buande i Kvisla. Ole hadde ti sysken, fødd mellom 1877 og 1896, og fire halvsysken, fødd mellom 1903 og 1915. Det fyrste kullet var, lik Anne sine sysken, i konfirmasjonsalder under dei to siste utvandringsbølgjene til Amerika. I 1880-åra var det tronge tider på Vindegg, og i 1887 gjekk Vindegg på tvangsauksjon. Kjøparen var Per, farbroren til Ole, som også hadde Kaupang og seinare Bakkegard. Utsiktene i heimbygda var kanskje mindre lovande enn dei verka i Amerika, dit fem av brørne til Ole utvandra.

Anne og Ole fekk sju born: Olav (1911-1994), Torleiv (1913-1986), Mikkel (1915-1988), Ingebjørg (1917-2004), Maria (1919-2003), Erling (1922-2006) og Sissel (1925-1988).

Ustaoset dreiv dei Osestølen.

På stølseigedomen fekk Ole frå byrjinga av 1900-talet sett opp ei rekkje hytter, og hyttedrifta vart ei viktig attåtnæring til gardsdrifta, som etter kvart sysselsette heile familien.

Stakk og bunad

Anne gjekk i "døs" (holingsdialekt for stakk) kvar dag fram til ho døydde i 1980, og var truleg ei av dei siste som gjorde det i Hol.

Kjelder

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!
  1. Brev frå Ole O. Vindegg til Peder Vindegg 13. januar 1907, 4. april 1909, 20. mars 1910 og 27. mai 1911. Fra Norgesbrevsamlingen til Norsk lokalhistorisk institutt ved Nasjonalbiblioteket.