Arne Aas (fotograf)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Arne Aas (fødd 1933) arbeida gjennom mange år som fotograf i Seljord. Aas er frå Østerdalen. Han utdanna seg til fotograf i København, og kom så til Skien for å arbeide hos Tor Roy Nyblin. I 1958 reiste han gjennom Telemark og såg at her måtte han finne seg ein heim. Hen blei gift med Signe Aas frå Kviteseid. Dei hadde i fleire år portrettstudio saman i Seljord. I 1992 vart Aas frilansar att, og har gjeve ut fleire bøker med eigne foto.
- Fagre Telemark : perler i kultur og landskap. 1997. ISBN 82-520-4441-7
- Løyndomsfulle Setesdal. 2000. ISBN 82-520-3275-3
- Minne frå Telemark : memories from Telemark. 2009. ISBN 82-99634-07-6
Litteratur og kjelder
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Arne Aas på Digitalt museum.
- Arne Aas på KulturNav
- «Et praktfullt minne fra Telemark» i Telemarksavisa, publ. 2009-11-04, lest 2016-10-31.
Arne Aas (fotograf) er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten. |