Arne Aas (fotograf)

Arne Aas frå Nygarden i Os, Nord-Østerdalen (1933 - 2020) arbeida gjennom mange år som fotograf i Seljord. Aas er frå Østerdalen. Han utdanna seg til fotograf i København, og kom så til Skien for å arbeide hos Tor Roy Nyblin. I 1958 reiste han gjennom Telemark og såg at her måtte han finne seg ein heim. Hen blei gift med Signe Aas f. Brauti frå Kviteseid. Dei hadde i fleire år portrettstudio saman i Seljord. I 1992 vart Aas frilansar att, og har gjeve ut fleire bøker med eigne foto. Han mottok Seljord kommune sin kulturpris i 2017.

Det meste av biletmaterialet sitt har Aas gjeve til Vest-Telemark museum, fordi han ville at interesserte skulle få glede av dei kring sju tusen motiva.

  • Fagre Telemark : perler i kultur og landskap. 1997. ISBN 82-520-4441-7
  • Løyndomsfulle Setesdal. 2000. ISBN 82-520-3275-3
  • Minne frå Telemark : memories from Telemark. 2009. ISBN 82-99634-07-6

Litteratur og kjelder


Ekstern lenke

  • [1] i Vest-Telemark blad Publisert: 23.06.2020 14:18


  Arne Aas (fotograf) er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!