Arstun: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(→‎Liste: alfabetiserer Rælingen)
Linje 23: Linje 23:


== Liste ==
== Liste ==


=== Eidsvoll ===
=== Eidsvoll ===
Linje 312: Linje 304:
|-
|-
|
|
|
|
|
|}
=== Rælingen ===
{| class="wikitable"
|-
! Bruk
! Gnr./bnr.
! Kommentarar
! Kjelde
|-
|[[Åmot|Arstun Åmot]]
|103/3
|Arstun kan her gå attende på ei deling frå 1797. Elles har garden òg vori kalla Nigarden.
|Lene Skovholt
|-
|
|
|
|
|-
|
|
|
|
Linje 370: Linje 385:
|
|
|}
|}
=== Rælingen ===
{| class="wikitable"
|-
! Bruk
! Gnr./bnr.
! Kommentarar
! Kjelde
|-
|[[Åmot|Arstun Åmot]]
|103/3
|Arstun kan her gå attende på ei deling frå 1797. Elles har garden òg vori kalla Nigarden.
|Lene Skovholt
|-
|
|
|
|
|-


== Kjelder ==
== Kjelder ==

Sideversjonen fra 8. nov. 2012 kl. 12:24

Mal:Thumb høyre Arstun er eit bruksnamn og appellativ som har vori brukt på Romerike, i Sør-Hedmark, østfoldbygda Rømskauen og den nordvestre delen av Värmland. Arstun er framleis levande som appellativ på Romerike, og brukast oftast i tydinga nabogarden eller nabohuset. Ordet er ei samansetning av andre stova, der fyrste leddet er rekkjetalet andre, og der hovudleddet er ordet stove (f.). Tydinga kan samanliknas med det peikande pronomenet hin, som òg kan tyde den andre av to. Med ei slik tyding blir ordet òg gjensidig, alt etter kor ein sit eller står. Fra gammalt av ser det ut til at der ein gard har vori delt i to eller fleire bruk, har ein brukt Arstun om einannan, ofte med utmerkingsledd som Oppi eller Neri. Framleis finn ein den appellative bruken om gardsbruk på Romerike, men i dei fleste høva har Arstun stivna.

Denne artikkelen byggjer på eit manuskript av historikaren Frode Myrheim, men kan fritt endrast og byggjast ut.

Utbreiing

Ordet ser ut til å ha vori i bruk på heile Romerike, Rømskauen i Østfold, Odalen, Solør og Nordvestre Värmland i Sverike. På den norske delen av dette området er det god dekning med gards- og slektshistorie, og ut frå desse ser ein at denne namnebruken må ha vori svært utbreidd i eldre tid. Det interessante med dette utbreiingsområdet på norsk side er at det er identisk med det gamle futedømet Romerike og Solør, som og omfatta Odalen. Dette området var ei syssel i mellomalderen. Ut frå gards- og slektshistorie kan det set ut til at bruken har vori mindre i dei sørlegaste delane av Romerike, som Høland og Enebakk.

Det ser ut til at det ordgeografiske området for arstun er skarpt avgrensa både i sør mot Østfold, om ein ser bort frå Rømskauen, i vest mot Hadeland og i nord mot Toten og Hedmarka. Så vidt eg veit er ordet ikkje brukt i desse områda. På Hedmarka ser det ut til at det er forma borti garda "bo'Li ga'La, som tilsvarar arstun. På Toten er ein parallell borti stugun "bo'Li stu'gun. Skal ein døme ut frå dei nyss omtalte bygdebøkene ser det ut til at tyngdepunktet for arstun på Romerike har vori på Øvre Romerike. I Høland er det i dag bare kjent tre bruk ved namn Arstun.

I Solør ser bruken ut til å ha stått sterkast i dei sørlegaste områda som Eidskog, og det er nok her ordet har halde seg lengst i bruk òg. Bruken er godt belagt i heile Odalen, både i nord og sør. Frå Värmland er det som nyss nemnt den nordvestre delen som har belegg i form av stadnamn. Her er det sokn som Ny, Eda, Köla, Järnskog, Skillingmark, Ôstervallskog, Karlanda og Holmedal som har belegg i forma Arstoga.

Kasusbruk og tonem

Innafor det ordgeografiske området av arstun er den mest vanlege forma arstun. Denne forma er spesielt vanleg på Øvre Romerike, men ho er òg svært vanleg, der ho fins, på Nedre Romerike. Og i Solør og Odalen ser Arstun ut til å vera mest brukt. Rømskauen i Østfold har kun døme på Arstua, og følgjer her Østfold som elles bare har –stua, og ikkje –stun, sjølv om denne forma ikkje er kjent i det øvrige Østfold. Det må her leggast til at det bare er to til tre døme i alt frå Rømskauen. I ein av dei sørlegaste bygdene åt Østfold, nemleg Høland, ser heller ikkje Arstun ut til å vera særleg mykje brukt, men det ser her ut til å vera brukt både Arstun og Arstua.

Det er grunn til å tru at forma med –stun opphaveleg er ei dativform, som seinare har stivna og vorti ståande. og at dei eldste namna med desse formene går tilbake til ei tid da dativen framleis var levande på Romerike.

Datering

Når det gjeld spørsmålet om kor gammal denne namnebruken er, er det grunn til å tru at den er etterreformatorisk. Det er heller inga spor etter denne namnetypen korkje i diplomatariet eller i dei eldre jordebøkene som Raudeboka og Aslal Bolts jordebok. Sjølvsagt er ikkje dette noko prov på at namnebruken kan gå tilbake til gammalnorsk tid.

Liste

Eidsvoll

Bruk Gnr./bnr. Kommentarar Kjelde
Arstun Julsrud
Oppi-Arstun og Neri-Arstun av Vestgarden Elstad
Oppgarden (Okkarn) Tynsåk 19/1 og 19/2 Arstun har vori brukt appellativt nesten heilt fram til vår tid om dei to gardane på Oppgarden. Namna går truleg attende på ei deling av Oppgarden i 1797-1798.
Arstun Sunnold (Sandholt) Går truleg attende på ei frådeling av Østgarden i 1729.
Arstun Røkholt Eit bruk som truleg går attende på ei deling i 1756. Ved utskiftinga på Røkholt i 1904 gjekk garden inn i Høgstun.
Arstun Hemli Ser ut til å gå tilbake til ei deling av det eine bruket av Hemli i siste del av 1600-talet.
Oppgarden (Okkarn) Hol 169 Arstun har vori brukt appellativt om dei to gardane på Oppgarden.
Arstun Habbarstad 176/4 Går truleg attende på ei frådeling frå Østgarden i 1829.
Arstun Fremmin 183/2 Etter fleire delingar vart Fremmin delt i 1814, og dei to bruka vart appelativt kalla Arstun, men kringom 1850 vart det bygd ny stue på den nørdre garden, og frå då vart garden kalla Nystun.
Dorr 186/1 og 186/4 Arstun har vori brukt appellativt om dei to bruka på Dorr i Eidsvoll, gnr. 186, bnr. 1 og 4. Dei to gardane gjekk òg under namnet Oppgarden (Okkarn) og Nedgarden (Negarn), men i daglegtala vart heller Arstun brukt. Dorr vart delt i to bruk i 1650, og det er mogleg at bruken av Arstun går så langt attende.

Fet

Bruk Gnr./bnr. Kommentarar Kjelde
Arstun Hval Sjå illustrasjon

Gjerdrum

Bruk Gnr./bnr. Kommentarar Kjelde
Arstun Rogstad (Rokstad) Bruket vart i 1802 skilt ut med halve skylda frå Sørgarden. Birger Kirkeby: Gjerdrum bygdebok I, Gjerdum 1961, s. 44.

Hurdal

Bruk Gnr./bnr. Kommentarar Kjelde
Øver-Rognstad Hadde Oppi- og Neri Arstun

Høland

Bruk Gnr./bnr. Kommentarar Kjelde
Arstun Østre-Nes 25/12 Går tilbake til ei deling av den søndre garden på Østre Nes i 1820- eller 1830-åra.
Arstun/Arstua Rud 69/3 Namnet kan gå attende på ei deling av Rud kring 1710. Garden har òg gått under namnet Nordstua. Kåre Hoel, Norsk stadnamnarkiv SA (tidleg 1950-tal).
Arstua Stomperud 108/7 Frådelt Nedre Stomperud, bnr. 4, i 1862.

Nannestad

Bruk Gnr./bnr. Kommentarar Kjelde
Arstun Melby 6/1 og 6/18 Har vorti brukt appellativt om dei to gardane på Melby.
Arstun Rustad 7/1 og 7/2 Har vorti brukt appellativt om dei to gardane på Rustad.
Arstun Bjertnes 9/2
Ner- og Opp-Arstun Kopperud 12/2 Namna kan gå attende på ei deling av Kopperud kringom 1720.
Arstun Årstad Arstun (midtre), Arstun (nordre) og Arstun (søndre).

Rælingen

Bruk Gnr./bnr. Kommentarar Kjelde
Arstun Åmot 103/3 Arstun kan her gå attende på ei deling frå 1797. Elles har garden òg vori kalla Nigarden. Lene Skovholt

Ullensaker

Bruk Gnr./bnr. Kommentarar Kjelde
Arstun Nord-Stokkstad 106/1 og 3 Arstun har vori brukt appellativt om dei to gardane på Nord-Stokkstad. Mads Ljøgodt og Olaug Julseth Stokstad
Arstun Sø-Stokkstad 107/1, 2 samt 5 Arstun har vori brukt appellativt om dei to gardane på Sø-Stokkstad. Mads Ljøgodt og Olaug Julseth Stokstad
Arstun Ljøgot 137/1 og 3 Arstun har vori brukt appellativt om dei to gardane på Ljøgot fram til dags dato. Mads Ljøgodt

Kjelder