Arstun: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Linje 540: Linje 540:
|[[Fonbekk|Arstun Fonbekk]]
|[[Fonbekk|Arstun Fonbekk]]
|113/1 og 2
|113/1 og 2
|Arstun har vori brukt appellativt om dei to gardane som ligg utmed einannan på Fonbekk. Det tredje bruket - Svingen (bnr. 3 med fleire) - ligg for seg sjølv lenger aust, og vart frådelt det eine Arstun (bnr. 2) kringom 1800. Kanskje går bruken av Arstun attende til deleinga av Fonbekk frå midten av 1600-talet.
|Arstun har vori brukt appellativt om dei to gardane som ligg utmed einannan på Fonbekk. Det tredje bruket - Svingen (bnr. 3 med fleire) - ligg for seg sjølv lenger aust, og vart frådelt det eine Arstun (bnr. 2) kringom 1800. Kanskje går bruken av Arstun attende til delinga av Fonbekk frå midten av 1600-talet.
|[[Olaug Julseth Stokstad]]: ''[[Som sagt i Ullsaker]]'' Or og vendinger frå 30-åra (1969), s. 86.  
|[[Olaug Julseth Stokstad]]: ''[[Som sagt i Ullsaker]]'' Or og vendinger frå 30-åra (1969), s. 86.  
|-
|-

Sideversjonen fra 28. nov. 2012 kl. 13:39

Mal:Thumb høyre Arstun er eit bruksnamn og appellativ som har vori brukt på Romerike, i Sør-Hedmark, østfoldbygda Rømskauen og den nordvestre delen av Värmland. Arstun er framleis levande som appellativ på Romerike, og brukast oftast i tydinga nabogarden eller nabohuset. Ordet er ei samansetning av andre stova, der fyrste leddet er rekkjetalet andre, og der hovudleddet er ordet stove (f.). Tydinga kan samanliknas med det peikande pronomenet hin, som òg kan tyde den andre av to. Med ei slik tyding blir ordet òg gjensidig, alt etter kor ein sit eller står. Fra gammalt av ser det ut til at der ein gard har vori delt i to eller fleire bruk, har ein brukt Arstun om einannan, ofte med utmerkingsledd som Oppi eller Neri. Framleis finn ein den appellative bruken om gardsbruk på Romerike, men i dei fleste høva har Arstun stivna.

Denne artikkelen byggjer på eit manuskript av historikaren Frode Myrheim, men kan fritt endrast og byggjast ut.

Utbreiing

Mal:Thumb høyre Ordet ser ut til å ha vori i bruk på heile Romerike, Rømskauen i Østfold, Odalen, Solør og Nordvestre Värmland i Sverike. På den norske delen av dette området er det god dekning med gards- og slektshistorie, og ut frå desse ser ein at denne namnebruken må ha vori svært utbreidd i eldre tid. Det interessante med dette utbreiingsområdet på norsk side er at det er identisk med det gamle futedømet Romerike og Solør, som og omfatta Odalen. Dette området var ei syssel i mellomalderen. Ut frå gards- og slektshistorie kan det set ut til at bruken har vori mindre i dei sørlegaste delane av Romerike, som Høland og Enebakk.

Det ser ut til at det ordgeografiske området for arstun er skarpt avgrensa både i sør mot Østfold, om ein ser bort frå Rømskauen, i vest mot Hadeland og i nord mot Toten og Hedmarka. Ordet er truleg ikkje brukt i desse områda. På Hedmarka ser det ut til at det er forma «bo'Li ga'La» («borti garda»), som tilsvarar arstun. På Toten er ein parallell «bo'Li stu'gun» («borti stuggun»). Skal ein døme ut frå dei nyss omtalte bygdebøkene ser det ut til at tyngdepunktet for arstun på Romerike har vori på Øvre Romerike. I Høland er det i dag bare kjent tre bruk ved namn Arstun.

I Solør ser bruken ut til å ha stått sterkast i dei sørlegaste områda som Eidskog, og det er nok her ordet har halde seg lengst i bruk òg. Bruken er godt belagt i heile Odalen, både i nord og sør. Frå Värmland er det som nyss nemnt den nordvestre delen som har belegg i form av stadnamn. Her er det sokn som Ny, Eda, Köla, Järnskog, Skillingmark, Ôstervallskog, Karlanda og Holmedal som har belegg i forma Arstoga.

Kasusbruk og tonem

Mal:Thumb høyre Innafor det ordgeografiske området av arstun er den mest vanlege forma arstun. Denne forma er spesielt vanleg på Øvre Romerike, men ho er òg svært vanleg, der ho fins, på Nedre Romerike. Og i Solør og Odalen ser Arstun ut til å vera mest brukt. Rømskauen i Østfold har kun døme på Arstua, og følgjer her Østfold som elles bare har –stua, og ikkje –stun, sjølv om denne forma ikkje er kjent i det øvrige Østfold. Det må her leggast til at det bare er to til tre døme i alt frå Rømskauen. I ein av dei sørlegaste bygdene åt Østfold, nemleg Høland, ser heller ikkje Arstun ut til å vera særleg mykje brukt, men det ser her ut til å vera brukt både Arstun og Arstua.

Det er grunn til å tru at forma med –stun opphaveleg er ei dativform, som seinare har stivna og vorti ståande. og at dei eldste namna med desse formene går tilbake til ei tid da dativen framleis var levande på Romerike. Jamfør òg dei motsvarande omgrepa frå Hedmarka og Toten ovanfor, dativformene «garda» og «stuggun».

Datering

Når det gjeld spørsmålet om kor gammal denne namnebruken er, er det grunn til å tru at den er etterreformatorisk. Det er heller inga spor etter denne namnetypen korkje i diplomatariet eller i dei eldre jordebøkene som Raudeboka og Aslal Bolts jordebok. Sjølvsagt er ikkje dette noko prov på at namnebruken kan gå tilbake til gammalnorsk tid.

Liste

Eidskog

Bruk Gnr./bnr. Kommentarar Kjelde
Arstun der oppe Lunderby 1/17 Arstun der oppe går truleg attende på ei deling av Lunderby under Ljøner i 1867. Det andre bruket kalla dei Arstun der nere, bnr. 18. Jorunn I. Engen: Eidskog bygdebok I (1982), s. 72-73.
Arstun der nere Lunderby 1/18 Arstun der nere går truleg attende på ei deling av Lunderby under Ljøner i 1867. Det andre bruket vart kalla Arstun der oppe, bnr. 17. Jorunn I. Engen: Eidskog bygdebok I (1982), s. 72-74.

Eidsvoll

Bruk Gnr./bnr. Kommentarar Kjelde
Oppi-Arstun Vestgarden Elstad 14/1 Oppi-Arstun går truleg attende på ei deling av Vestgarden Elstad i 1714. Den andre delen har gått under namnet Neri-Arstun, men seg i mellom har gardane kalla einannan for Arstun. Andreas Holmsen:Eidsvoll Bygds Historie Gårdshistorien I (1950), s. 102 og 109.
Neri-Arstun Vestgarden Elstad 14/3 Neri-Arstun går truleg attende på ei deling av Vestgarden Elstad i 1714. Den andre delen har gått under namnet Oppi-Arstun, men seg i mellom har gardane kalla einannan for Arstun. Andreas Holmsen:Eidsvoll Bygds Historie Gårdshistorien I (1950), s. 102 og 110.
Arstun Oppgarden (Okkarn) Tynsåk 19/1 og 19/2 Arstun har vori brukt appellativt nesten heilt fram til vår tid om dei to gardane på Oppgarden. Namna går truleg attende på ei deling av Oppgarden i 1797-1798. Andreas Holmsen:Eidsvoll Bygds Historie Gårdshistorien I (1950), s. 135 og 155-156.
Arstun Sunnold (Sandholt) 21 Går truleg attende på ei frådeling av Østgarden i 1729.
Arstun Røkholt 22 Eit bruk som truleg går attende på ei deling i 1756. Ved utskiftinga på Røkholt i 1904 gjekk garden inn i Høgstun.
Arstun Julsrud 42/5 Går kanskje attende på ei deling ut av Julsrud i tre kringom 1645. Andreas Holmsen:Eidsvoll Bygds Historie Gårdshistorien II (1959), s. 152, 158 og 165.
Arstun Li 163 Arstun går kan hende tilbake på ei deling av Li i 1663 i to lutar, der den andre delen fekk namnet Søstun. Andreas Holmsen:Eidsvoll Bygds Historie Gårdshistorien II (1959), s. 317 og 322.
Arstun Hemli 168/1 Ser ut til å gå tilbake til ei deling av det eine bruket av Hemli i siste del av 1600-talet.
Oppgarden (Okkarn) Hol 169 Arstun har vori brukt appellativt om dei to gardane på Oppgarden.
Arstun Habbarstad 176/4 Går truleg attende på ei frådeling frå Østgarden i 1829.
Arstun Fremmin 183/2 Etter fleire delingar vart Fremmin delt i 1814, og dei to bruka vart appelativt kalla Arstun, men kringom 1850 vart det bygd ny stue på den nørdre garden, og frå då vart garden kalla Nystun.
Dorr 186/1 og 186/4 Arstun har vori brukt appellativt om dei to bruka på Dorr i Eidsvoll, gnr. 186, bnr. 1 og 4. Dei to gardane gjekk òg under namnet Oppgarden (Okkarn) og Nedgarden (Negarn), men i daglegtala vart heller Arstun brukt. Dorr vart delt i to bruk i 1650, og det er mogleg at bruken av Arstun går så langt attende.
Arstun Melby 237/1 Melby (i gamle Feiring kommune) hadde alt i 1723 fire oppsittarar. I 1980-åra heitte bruka Arstun, Nystun og Søstun. Maia Tosterud: Feirings historie III (1985), s. 199-213.

Fet

Bruk Gnr./bnr. Kommentarar Kjelde
Arstun Hval Sjå illustrasjon
Arstun Svindal Sjå illustrasjon

Gjerdrum

Bruk Gnr./bnr. Kommentarar Kjelde
Arstun Nitteberg 2/2 og 2/3 Har vori delt i Vest-Arstun, Nordvest-Arstun og Søvest-Arstun, men samla att i 1919. Birger Kirkeby: Gjerdrum bygdebok I (1961), s. 31-41.
Arstun Rogstad (Rokstad) 4/2 Bruket vart i 1802 skilt ut med halve skylda frå Sørgarden. Birger Kirkeby: Gjerdrum bygdebok I (1961), s. 44.
Arstun Gjerdrum (Gjeri) 13/2 Oppsto da Sørgarden Gjerdrum vart delt i to like store bruk (1702). Birger Kirkeby: Gjerdrum bygdebok I (1961), s. 167-168.
Arstun Tveit 18/? Oppsto ca. 1650. Birger Kirkeby: Gjerdrum bygdebok I (1961), s. 247.
Arstun Olstad 22/? Frådelt Østigarden Olstad i 1879. Birger Kirkeby: Gjerdrum bygdebok I (1961), s. 299.
Arstun Rud 28 Delt i tre bruk (bnr. 1, 3 og 5), som gjensidig kalte nabogardane Arstun (særleg brukt om det søndre bruket). Birger Kirkeby: Gjerdrum bygdebok I (1961), s. 341-342.
Arstun Asmyr 29/3 Var frå 1848 delt i to bruk, som gjensidig kalte einannan Arstun. Birger Kirkeby: Gjerdrum bygdebok I (1961), s. 362 og 366.
Arstun Brådal 37/12 Frådelt Sørgarden (bnr. 7) i 1864 Birger Kirkeby: Gjerdrum bygdebok II (1963), s. 85.
Arstun Vesle-Ask 43/1 og 2 Var frå 1838 delt i to bruk, som gjensidig kalte einannan Arstun. Birger Kirkeby: Gjerdrum bygdebok II (1963), s. 49-50.
Arstun Kulsrud 46/1 og 2 Sørgarden Kulsrud vart i 1869 delt i to bruk, som gjensidig kalte einannan Arstun. Birger Kirkeby: Gjerdrum bygdebok II (1963), s. 113-115.
Arstun Åmot 54/1 og 2 Vestigarden Åmot vart i 1757 delt i to bruk, som gjensidig kalte einannan Arstun. Birger Kirkeby: Gjerdrum bygdebok II (1963), s. 209.
Arstun Rustad 57/1 og 3 Rustad vart seinest 1647 delt i to bruk, som gjensidig kalllar einannan Arstun. Birger Kirkeby: Gjerdrum bygdebok II (1963), s. 253.
Arstun Nedgarden Kogstad 61/1 og 2 Nedgarden Kogstad vart i 1701 delt i to bruk, som gjensidig kalte einannan Arstun. Birger Kirkeby: Gjerdrum bygdebok II (1963), s. 305-306.
Arstun Oppigarden Kogstad 62/1 og 2 Oppigarden Kogstad vart i 1685 delt i to bruk, som gjensidig kalte einannan Arstun. Birger Kirkeby: Gjerdrum bygdebok II (1963), s. 306.
Arstun Heni 65/? Sørgarden Heni vart i 1769 delt i to bruk, Vestigarden og Arstun. Birger Kirkeby: Gjerdrum bygdebok II (1963), s. 365.
Arstun Mo 69/1 Birger Kirkeby: Gjerdrum bygdebok II (1963), s. 414.

Hurdal

Bruk Gnr./bnr. Kommentarar Kjelde
Øver-Rognstad Hadde Oppi- og Neri Arstun
Arstun Haug Maja Tosterud: Feirings historie, bind IV (1986), s. 370.

Høland

Bruk Gnr./bnr. Kommentarar Kjelde
Arstun Østre-Nes 25/12 Går tilbake til ei deling av den søndre garden på Østre Nes i 1820- eller 1830-åra.
Arstun/Arstua Rud 69/3 Namnet kan gå attende på ei deling av Rud kring 1710. Garden har òg gått under namnet Nordstua. Kåre Hoel, Norsk stadnamnarkiv SA (tidleg 1950-tal).
Arstua Stomperud 108/7 Frådelt Nedre Stomperud, bnr. 4, i 1862.

Nannestad

Bruk Gnr./bnr. Kommentarar Kjelde
Arstun Melby 6/1 og 6/18 Har vorti brukt appellativt om dei to gardane på Melby, og i fylgje Kirkeby går bruken av Arstun attende på ei deling av garden på 1650-talet. Birger Kirkeby: Nannestad Bygdebok, bind I (1962), s. 133, 141 og 144.
Arstun Rustad 7/1 og 7/2 Har vorti brukt appellativt om dei to gardane på Rustad frå delinga i 1853 og fram til bruka vart slegi i hop kringom 1915. Birger Kirkeby: Nannestad Bygdebok, bind I (1962), s. 159 og 169.
Arstun Bjertnes 9/2
Ner- og Opp-Arstun Kopperud 12/2 Namna kan gå attende på ei deling av Kopperud kringom 1720.
Arstun Årstad Arstun (midtre), Arstun (nordre) og Arstun (søndre).

Nord-Odal

Bruk Gnr./bnr. Kommentarar Kjelde
Arstuggua Nord-Ekornhol og Sør-Ekornhol 11/4 og løpenummer 85 Arstuggua går truleg attende på ei tredeling av Nord-Ekornhol på 1790-talet. Garden vart nedlagt i 1829. Truleg vart Arstuggua brukt appelativt på Nord-Ekornhol, ettersom det var fleire bruk her. I alle fall fram til 1969 var Arstuggua nytte appelativt mellom, bnr. 4 og 16. Birger. Kirkeby: Nord-Odal bygdebok I (1969), s. 236, 249 og 254.
Arstua Rud 18/1 Arstua går truleg attende på ei deling av Rud tidleg på 1700-talet. Kirkeby seier at opphaveleg var Nordstua og Søstua nytte om dei to gardane som vart til ved delinga kringom 1730, men at dei i Søstua har brukt Arstua om Nordstua. Det er vel òg her grunn til å tru at Arstun har vori nytte appelativt. Birger. Kirkeby: Nord-Odal bygdebok I (1969), s. 400 og 404.

Rælingen

Bruk Gnr./bnr. Kommentarar Kjelde
Arstun Åmot 103/3 Arstun kan her gå attende på ei deling frå 1797. Elles har garden òg vori kalla Nigarden. Lene Skovholt

Rømskog

Bruk Gnr./bnr. Kommentarar Kjelde
Arstua Sundsrud 60/2 Arstua går kanskje attende på ei deling av Sundsrud før 1723. Bruket var fyrst skyldsatt og frådelt i 1927 under namnet Kroksvold. Ulf Grøndahl: Rømskog bygdebok Bind I (2006), s. 105 og 111.

Sørum

Bruk Gnr./bnr. Kommentarar Kjelde
Arstun Åsgard 17/2? Frådelt hovudbølet Åsgard 1841, men slegen saman att alt på 1870-talet. Framleis står ein del av Arstubygningen på det felles tunet til dei to Åsgard-bruka. Jan Erik Horgen, Sørum bygdebok IV, s. 436-438.

Ullensaker

Bruk Gnr./bnr. Kommentarar Kjelde
Arstun Nordre Vettal 73/1 Arstun kan gå attende på ei deling av Nordre Vettal, òg kalla Store Vettal, på 1660-talet, og kan ha vori brukt appellativt mot den andre halvdelen av Nordre Vettal, Nordgarden. Olaug Julseth Stokstad: Som sagt i Ullsaker Or og vendinger frå 30-åra (1969), s. 135.
Arstun Berg 90/1 og 5 Arstun har vori brukt appellativt om dei to gardane på Berg, og går kanskje attende på ei deling av Berg på 1640-talet. Olaug Julseth Stokstad: Som sagt i Ullsaker Or og vendinger frå 30-åra (1969), s. 76.
Arstun Nordby 96/1 og 2 Arstun har vori brukt appellativt om dei to gardane, og går truleg attende på ei deling på 1860-talet. Olaug Julseth Stokstad: Som sagt i Ullsaker Or og vendinger frå 30-åra (1969), s. 113.
Arstun Austad 105/1 med fleire Arstun går truleg tilbake på ei deling av den eine halvdelen av Austad i 1857. Den andre delen vart kalla Nordstun. Olaug Julseth Stokstad: Som sagt i Ullsaker Or og vendinger frå 30-åra (1969), s. 126.
Arstun Nord-Stokkstad 106/1 og 3 Arstun har vori brukt appellativt om dei to gardane på Nord-Stokkstad. Olaug Julseth Stokstad: Som sagt i Ullsaker Or og vendinger frå 30-åra (1969), s. 126.
Arstun Sø-Stokkstad 107/1, 2 samt 5 Arstun har vori brukt appellativt om dei to gardane på Sø-Stokkstad. Olaug Julseth Stokstad: Som sagt i Ullsaker Or og vendinger frå 30-åra (1969), s. 126.
Arstun Julset 108/1 og 2 Arstun har vori brukt appellativt om dei to gardane på Julset. Arstun går kanskje attende til deleinga av Julset på 1640-talet. Olaug Julseth Stokstad: Som sagt i Ullsaker Or og vendinger frå 30-åra (1969), s. 100.
Arstun Fonbekk 113/1 og 2 Arstun har vori brukt appellativt om dei to gardane som ligg utmed einannan på Fonbekk. Det tredje bruket - Svingen (bnr. 3 med fleire) - ligg for seg sjølv lenger aust, og vart frådelt det eine Arstun (bnr. 2) kringom 1800. Kanskje går bruken av Arstun attende til delinga av Fonbekk frå midten av 1600-talet. Olaug Julseth Stokstad: Som sagt i Ullsaker Or og vendinger frå 30-åra (1969), s. 86.
Arstun Døli 132/2 og 7 Arstun har vori brukt appellativt om to av dei tre Døli-gardane, som nå ligg att på den gamle tunstaden. Den tredje garden ligg i dag i det som i dag er Jessheim, og kallast Romsås etter tidligare brukarar. Bruken av Arstun går kanskje attende til delinga av Døli kring 1680. Olaug Julseth Stokstad: Som sagt i Ullsaker Or og vendinger frå 30-åra (1969), s. 82.
Arstun Haug 136/1 og 6 Arstun Haug, bnr. 6, og går kanskje attende på ei deling av Negarden på 1830-talet. Elles har òg Oppigarden Haug, bnr. 1, vori kalla Arstun av dei i Arstun, bnr. 6. Namna har med andre ord vori nytte appellativt, òg det kan difor hende at dei to bruka etter delinga av Haug tidleg på 1700-talet kalla einannan for Arstun, og at Oppigarden og Negarden er namn frå delinga på 1830-talet. Olaug Julseth Stokstad: Som sagt i Ullsaker Or og vendinger frå 30-åra (1969), s. 92.
Arstun Ljøgot 137/1 og 3 Arstun har vori brukt appellativt om dei to gardane på Ljøgot fram til notida. Olaug Julseth Stokstad: Som sagt i Ullsaker Or og vendinger frå 30-åra (1969), s. 108.

Kjelder