Arstun: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Linje 172: Linje 172:
|[[Andreas Holmsen]]:''[[Eidsvoll Bygds Historie]]'' Gårdshistorien II (1959), s. 152, 158 og 165.  
|[[Andreas Holmsen]]:''[[Eidsvoll Bygds Historie]]'' Gårdshistorien II (1959), s. 152, 158 og 165.  
|-
|-
|[[Tærud|Arstun Tærud]]
|96/14 og 15
|Arstun er truleg nytta gjensidig om dei to bruka sidan ei deling i 1827. I Eidsvoll Bygds Historie, Bind II, 3 del, s. 390ff, er òg Vest-Arstun og Øst-Arstun nytta.
|[[Andreas Holmsen]]:''[[Eidsvoll Bygds Historie]]'' Gårdshistorien II (1961), s. 389-393.
|-
|-
|[[Li|Arstun Li]]
|[[Li|Arstun Li]]

Sideversjonen fra 5. apr. 2013 kl. 11:45

Mal:Thumb høyre Arstun er eit bruksnamn og appellativ som har vori brukt på Romerike, i Sør-Hedmark, østfoldbygda Rømskauen og den nordvestre delen av Värmland. Arstun er framleis levande som appellativ på Romerike, og brukast oftast i tydinga nabogarden eller nabohuset. Ordet er ei samansetning av andre stova, der fyrste leddet er rekkjetalet andre, og der hovudleddet er ordet stove (f.). Tydinga kan samanliknas med det peikande pronomenet hin, som òg kan tyde den andre av to. Med ei slik tyding blir ordet òg gjensidig, alt etter kor ein sit eller står. Fra gammalt av ser det ut til at der ein gard har vori delt i to eller fleire bruk, har ein brukt Arstun om einannan, ofte med utmerkingsledd som Oppi eller Neri. Framleis finn ein den appellative bruken om gardsbruk på Romerike, men i dei fleste høva har Arstun stivna.

Denne artikkelen byggjer på eit manuskript av historikaren Frode Myrheim, men kan fritt endrast og byggjast ut.

Utbreiing

Mal:Thumb høyre Ordet ser ut til å ha vori i bruk på heile Romerike, Rømskauen i Østfold, Odalen, Solør og Nordvestre Värmland i Sverike. På den norske delen av dette området er det god dekning med gards- og slektshistorie, og ut frå desse ser ein at denne namnebruken må ha vori svært utbreidd i eldre tid. Det interessante med dette utbreiingsområdet på norsk side er at det er identisk med det gamle futedømet Romerike og Solør, som og omfatta Odalen. Dette området var ei syssel i mellomalderen. Ut frå gards- og slektshistorie kan det set ut til at bruken har vori mindre i dei sørlegaste delane av Romerike, som Høland og Enebakk.

Det ser ut til at det ordgeografiske området for arstun er skarpt avgrensa både i sør mot Østfold, om ein ser bort frå Rømskauen, i vest mot Hadeland og i nord mot Toten og Hedmarka. Ordet er truleg ikkje brukt i desse områda. På Hedmarka ser det ut til at det er forma «bo'Li ga'La» («borti garda»), som tilsvarar arstun. På Toten er ein parallell «bo'Li stu'gun» («borti stuggun»). Skal ein døme ut frå dei nyss omtalte bygdebøkene ser det ut til at tyngdepunktet for arstun på Romerike har vori på Øvre Romerike. I Høland er det i dag bare kjent tre bruk ved namn Arstun.

I Solør ser bruken ut til å ha stått sterkast i dei sørlegaste områda som Eidskog, og det er nok her ordet har halde seg lengst i bruk òg. Bruken er godt belagt i heile Odalen, både i nord og sør. Frå Värmland er det som nyss nemnt den nordvestre delen som har belegg i form av stadnamn. Her er det sokn som Ny, Eda, Köla, Järnskog, Skillingmark, Ôstervallskog, Karlanda og Holmedal som har belegg i forma Arstoga.

Kasusbruk og tonem

Mal:Thumb høyre Innafor det ordgeografiske området av arstun er den mest vanlege forma arstun. Denne forma er særleg vanleg på Øvre Romerike, men ho er òg svært vanleg, der ho finnast, på Nedre Romerike. Og i Solør og Odalen ser Arstun ut til å vera mest brukt. Rømskauen i Østfold har kun døme på Arstua, og følgjer her Østfold som elles berre har –stua, og ikkje –stun, sjølv om denne forma ikkje er kjend elles i Østfold. Det må her leggjast til at det bare er to til tre døme i alt frå Rømskauen. I ein av dei sørlegaste bygdene åt Østfold, nemleg Høland, ser heller ikkje Arstun ut til å vera særleg mykje nytta, men det ser her ut til å vera nytta både Arstun og Arstua.

Det er grunn til å tru at forma med –stun opphaveleg er ei dativform, som seinare har stivna og vorti ståande. og at dei eldste namna med desse formene går attende til ei tid da dativen framleis var levande på Romerike. Jamfør òg dei motsvarande omgrepa frå Hedmarka og Toten ovanfor, dativformene «garda» og «stuggun».

Datering

Når det gjeld spørsmålet om kor gammal denne namnebruken er, er det grunn til å tru at den er etterreformatorisk. Det er heller inga spor etter denne namnetypen korkje i diplomatariet eller i dei eldre jordebøkene som Raudeboka og Aslak Bolts jordebok. Sjølvsagt er ikkje dette noko prov på at namnebruken kan gå tilbake til gammalnorsk tid.

Liste

Aurskog og Blaker

Bruk Gnr./bnr. Kommentarar Kjelde
Arstun Store Kvevli 60/1 Arstun går kanskje attende på ei deling av Kvevli på 1660-talet. Kåre Hoel, Norsk stadnamnarkiv SA (tidleg 1950-tal).
Arstun Skukstad 63/4 og 6 Arstun går truleg attende til ei deling av Søndre Skukstad tidleg på 1800-talet. Kåre Hoel, Norsk stadnamnarkiv SA (tidleg 1950-tal).
Arstun Toreid 68/5 Arstun går kanskje attende til ei deling av Toreid i 1678. Garden skal òg ha gått under namnet Storstua i fylgje "Ætten Toreid fra Blaker", side 74. Kåre Hoel, Norsk stadnamnarkiv SA (tidleg 1950-tal).
Arstun Eid 71/4 og 5 Arstun går kanskje attende på ei deling av Syndre Eid i 1736. Garden har og vori kalla Neristun. Kåre Hoel, Norsk stadnamnarkiv SA (tidleg 1950-tal).
Arstun Skauen 74/15 og 25 Arstun går truleg attende på ei deling av husmannsplassen Skauen under Huseby før 1865. Kåre Hoel, Norsk stadnamnarkiv SA (tidleg 1950-tal).
Arstun Nord-Fossum 71/4 og 5 Arstun går truleg attende på ei deling av ein lut av Nord-Fossum i 1847 eller 1848. Den andre luten vart heitande Øststun. Kåre Hoel, Norsk stadnamnarkiv SA (tidleg 1950-tal).

Brandval

Bruk Gnr./bnr. Kommentarar Kjelde
Arstun Brandval 33/10 Gunnar Mandt: Brandval-Boka II Gardshistorie (1968), s. 327.
Arstun Brøderud 58/7 Gunnar Mandt: Brandval-Boka II Gardshistorie (1968), s. 467.

Eidskog

Bruk Gnr./bnr. Kommentarar Kjelde
Arstun der oppe Lunderby 1/17 Arstun der oppe går truleg attende på ei deling av Lunderby under Ljøner i 1867. Det andre bruket kalla dei Arstun der nere, bnr. 18. Jorunn I. Engen: Eidskog bygdebok I (1982), s. 72-73.
Arstun der nere Lunderby 1/18 Arstun der nere går truleg attende på ei deling av Lunderby under Ljøner i 1867. Det andre bruket vart kalla Arstun der oppe, bnr. 17. Jorunn I. Engen: Eidskog bygdebok I (1982), s. 72-74.

Eidsvoll og Fegring

Bruk Gnr./bnr. Kommentarar Kjelde
Oppi-Arstun Vestgarden Elstad 14/1 Oppi-Arstun går truleg attende på ei deling av Vestgarden Elstad i 1714. Den andre delen har gått under namnet Neri-Arstun, men seg i mellom har gardane kalla einannan for Arstun. Andreas Holmsen:Eidsvoll Bygds Historie Gårdshistorien I (1950), s. 102 og 109.
Neri-Arstun Vestgarden Elstad 14/3 Neri-Arstun går truleg attende på ei deling av Vestgarden Elstad i 1714. Den andre delen har gått under namnet Oppi-Arstun, men seg i mellom har gardane kalla einannan for Arstun. Andreas Holmsen:Eidsvoll Bygds Historie Gårdshistorien I (1950), s. 102 og 110.
Arstun Oppgarden Tynsåk 19/1 og 19/2 Arstun har vori brukt appellativt nesten heilt fram til vår tid om dei to gardane på Oppgarden. Namna går truleg attende på ei deling av Oppgarden i 1797-1798. Andreas Holmsen:Eidsvoll Bygds Historie Gårdshistorien I (1950), s. 135 og 155-156.
Arstun Sunnold 21/3 Går truleg attende på ei frådeling av Østgarden i 1729. Andreas Holmsen:Eidsvoll Bygds Historie Gårdshistorien I (1950), s. 158 og 165.
Arstun Røkholt 22/6 og 7 Eit bruk som truleg går attende på ei deling i 1756. Ved utskiftinga på Røkholt i 1904 vart garden flytta mot aust. Garden vart då - truleg etter ei tid - kalla Høgstun som hadde namn etter dei to husmannsplassane (den eine plassen vart óg kalla Høgsflaen) som låg her, og det er det namnet som er i bruk i dag. Andreas Holmsen:Eidsvoll Bygds Historie Gårdshistorien I (1950), s. 166 og 173.
Arstun Julsrud 42/5 Går kanskje attende på ei deling ut av Julsrud i tre kringom 1645. Andreas Holmsen:Eidsvoll Bygds Historie Gårdshistorien II (1959), s. 152, 158 og 165.
Arstun Tærud 96/14 og 15 Arstun er truleg nytta gjensidig om dei to bruka sidan ei deling i 1827. I Eidsvoll Bygds Historie, Bind II, 3 del, s. 390ff, er òg Vest-Arstun og Øst-Arstun nytta. Andreas Holmsen:Eidsvoll Bygds Historie Gårdshistorien II (1961), s. 389-393.
Arstun Li 163 Arstun går kan hende tilbake på ei deling av Li i 1663 i to lutar, der den andre delen fekk namnet Søstun. Andreas Holmsen:Eidsvoll Bygds Historie Gårdshistorien II (1959), s. 317 og 322.
Arstun Hemli 168/1 Arstun går truleg tilbake på ei deling av det eine bruket av Hemli i siste del av 1600-talet. Andreas Holmsen:Eidsvoll Bygds Historie Gårdshistorien I (1950), s. 192 og 196.
Arstun Oppgarden Hol 169/3 og 5 Arstun går truleg attende på ei deling av Oppgarden i 1693, og har truleg vori brukt appellativt om dei to gardane på Oppgarden i alle fram til 1850, da det eine Arstun vart delt i to. Den eine luten av det delte Arstun vart i 1864 flytta lenger sør og fekk smått om senn namnet Søgarden (bnr. 1). Då den andre luten (bnr. 2) óg vart flytta noko lenger sør, men nord for Søgarden, i 1904 vart Arstun-namnet hengande med og stivna etter kvart, og det bruket (bnr. 5) som låg at har sidan vorti kalla Oppgarden (Okkarn). Andreas Holmsen:Eidsvoll Bygds Historie Gårdshistorien I (1950), s. 202 og 207f.
Arstun Habbarstad 176/4 1700-talet truleg kalla einannan Arstun. Andreas Holmsen:Eidsvoll Bygds Historie Gårdshistorien I (1950), s. 240 og 265f.
Arstun Fremmin 183/2 Etter fleire delingar vart Fremmin delt i 1814, og dei to bruka vart appelativt kalla Arstun, men kringom 1850 vart det bygd ny stue på den nørdre garden, og frå då vart garden kalla Nystun. Andreas Holmsen:Eidsvoll Bygds Historie Gårdshistorien I (1950), s. 321 og 328.
Arstun Ner-Holtet 189 Går truleg attende på ei deling av Ner-Holtet rett etter 1658. Gardsbruket vart lagt inn under Nestun 189/1 i 1805. Andreas Holmsen:Eidsvoll Bygds Historie Gårdshistorien I (1950), s. 366 og 369.
Arstun Dorr 186/1 og 186/4 Arstun har vori brukt appellativt om dei to bruka på Dorr i Eidsvoll, gnr. 186, bnr. 1 og 4. Dei to gardane gjekk òg under namnet Oppgarden (Okkarn) og Nedgarden (Negarn), men i daglegtala vart heller Arstun brukt. Dorr vart delt i to bruk i 1650, og det er mogleg at bruken av Arstun går så langt attende.
Arstun Nord-Myrer 203/2 og 3 Arstun går truleg attende på ei deling av Nord-Myrer kringom 1600. Den andre luten vart kalla Nordstun (bnr. 1). Etter at Arstun vart flytta lenger vest vart garden heitande Vestgarden. Andreas Holmsen:Eidsvoll Bygds Historie Gårdshistorien II (1959), s. 18, 24 og 25.
Arstun Sø-Myrer 204/3 Arstun går truleg attende på ei deling av Sø-Myrer i 1704. Den andre luten vart kalla Neristun og etter at den vart flytta lenger nord Nordgarden (bnr. 1). Andreas Holmsen:Eidsvoll Bygds Historie Gårdshistorien II (1959), s. 18 og 31.
Arstun Melby 237/1 Melby (i gamle Feiring kommune) hadde alt i 1723 fire oppsittarar. I 1980-åra heitte bruka Arstun, Nystun og Søstun. Maia Tosterud: Feirings historie III (1985), s. 199-213.

Fet

Bruk Gnr./bnr. Kommentarar Kjelde
Arstun Hval Sjå illustrasjon
Arstun Svindal Sjå illustrasjon

Gjerdrum

Bruk Gnr./bnr. Kommentarar Kjelde
Arstun Nitteberg 2/2 og 2/3 Har vori delt i Vest-Arstun, Nordvest-Arstun og Søvest-Arstun, men samla att i 1919. Birger Kirkeby: Gjerdrum bygdebok I (1961), s. 31-41.
Arstun Rogstad (Rokstad) 4/2 Bruket vart i 1802 skilt ut med halve skylda frå Sørgarden. Birger Kirkeby: Gjerdrum bygdebok I (1961), s. 44.
Arstun Gjerdrum (Gjeri) 13/2 Oppsto da Sørgarden Gjerdrum vart delt i to like store bruk (1702). Birger Kirkeby: Gjerdrum bygdebok I (1961), s. 167-168.
Arstun Tveit 18/? Oppsto ca. 1650. Birger Kirkeby: Gjerdrum bygdebok I (1961), s. 247.
Arstun Olstad 22/? Frådelt Østigarden Olstad i 1879. Birger Kirkeby: Gjerdrum bygdebok I (1961), s. 299.
Arstun Rud 28 Delt i tre bruk (bnr. 1, 3 og 5), som gjensidig kalte nabogardane Arstun (særleg brukt om det søndre bruket). Birger Kirkeby: Gjerdrum bygdebok I (1961), s. 341-342.
Arstun Asmyr 29/3 Var frå 1848 delt i to bruk, som gjensidig kalte einannan Arstun. Birger Kirkeby: Gjerdrum bygdebok I (1961), s. 362 og 366.
Arstun Brådal 37/12 Frådelt Sørgarden (bnr. 7) i 1864 Birger Kirkeby: Gjerdrum bygdebok II (1963), s. 85.
Arstun Vesle-Ask 43/1 og 2 Var frå 1838 delt i to bruk, som gjensidig kalte einannan Arstun. Birger Kirkeby: Gjerdrum bygdebok II (1963), s. 49-50.
Arstun Kulsrud 46/1 og 2 Sørgarden Kulsrud vart i 1869 delt i to bruk, som gjensidig kalte einannan Arstun. Birger Kirkeby: Gjerdrum bygdebok II (1963), s. 113-115.
Arstun Åmot 54/1 og 2 Vestigarden Åmot vart i 1757 delt i to bruk, som gjensidig kalte einannan Arstun. Birger Kirkeby: Gjerdrum bygdebok II (1963), s. 209.
Arstun Rustad 57/1 og 3 Rustad vart seinest 1647 delt i to bruk, som gjensidig kalllar einannan Arstun. Birger Kirkeby: Gjerdrum bygdebok II (1963), s. 253.
Arstun Nedgarden Kogstad 61/1 og 2 Nedgarden Kogstad vart i 1701 delt i to bruk, som gjensidig kalte einannan Arstun. Birger Kirkeby: Gjerdrum bygdebok II (1963), s. 305-306.
Arstun Oppigarden Kogstad 62/1 og 2 Oppigarden Kogstad vart i 1685 delt i to bruk, som gjensidig kalte einannan Arstun. Birger Kirkeby: Gjerdrum bygdebok II (1963), s. 306.
Arstun Heni 65/? Sørgarden Heni vart i 1769 delt i to bruk, Vestigarden og Arstun. Birger Kirkeby: Gjerdrum bygdebok II (1963), s. 365.
Arstun Mo 69/1 Birger Kirkeby: Gjerdrum bygdebok II (1963), s. 414.

Grue

Bruk Gnr./bnr. Kommentarar Kjelde
Arstua Østre Hveberg 48/3 Harald Hveberg, Grueboka II Gardene (1949), s. 568.
Arstua Østre Skara 91/3 Går attende på ei deling av Søstua i 1800. Hans Marius Trøseid, Grueboka Skara (1996), s. 24 og 27.

Hof

Bruk Gnr./bnr. Kommentarar Kjelde
Arstua Korbøl 15/3 Arstua går truleg attende på ei deling av Korbøl kring 1700, og den andre luten som gjekk under namnet Gammelstua har truleg òg vori kalla Arstua. Hans Marius Trøseid, Hof Bygdebok Bind I Gards- og slektshistorie for Åsa og Nord-Jara (1983), s. 205, 206 og 213.
Arstua Sjørbotn 20/8 Arstua går truleg attende på ei deling av den eine luten ut av Sjørbotten i 1781. Hans Marius Trøseid, Hof Bygdebok Bind I Gards- og slektshistorie for Åsa og Nord-Jara (1983), s. 264 og 280.
Arstua Søndre Sætre 64/32 Arstua går i alle fall attende på ei frådeling av denne luten i 1937, men er truleg eldre. Hans Marius Trøseid, Hof Bygdebok Bind III Gards- og slektshistorie for Østsiden og Finnskogen (1995), s. 179 og 216.

Hurdal

Bruk Gnr./bnr. Kommentarar Kjelde
Arstun Haug 2/? Nordstun delt i Nystun og Arstun i 1796. Olav Tveter: Hurdal bygdebok bind II, 1958, s. 29-31.
Arstun Øver-Rognstad 4/? Garden delt i Nordstun og Arstun i 1693. Olav Tveter: Hurdal bygdebok bind II, 1958, s. 50-55.
Arstun Ner-Rognstad 5/? Arstun fradelt Nordgarden i 1833. Olav Tveter: Hurdal bygdebok bind II, 1958, s. 45.
Arstun Knai 18/? Oppsto som sjølstendig bruk i 1693? Olav Tveter: Hurdal bygdebok bind II, 1958, s. 237.
Arstun Rud 28/? Nordgarden Rud delt i Arstun og Nordstun i 1849. Olav Tveter: Hurdal bygdebok bind II, 1958, s. 356.

Høland og Hemnes

Bruk Gnr./bnr. Kommentarar Kjelde
Arstun Østre-Nes 25/12 Går tilbake til ei deling av den søndre garden på Østre Nes i 1820- eller 1830-åra.
Arstun/Arstua Rud 69/3 Namnet kan gå attende på ei deling av Rud kring 1710. Garden har òg gått under namnet Nordstua. Kåre Hoel, Norsk stadnamnarkiv SA (tidleg 1950-tal).
Arstua Stomperud 108/7 Frådelt Nedre Stomperud, bnr. 4, i 1862.

Nannestad

Bruk Gnr./bnr. Kommentarar Kjelde
Arstun Melby 6/1 og 6/18 Har vorti brukt appellativt om dei to gardane på Melby, og i fylgje Kirkeby går bruken av Arstun attende på ei deling av garden på 1650-talet. Birger Kirkeby: Nannestad Bygdebok, bind I (1962), s. 133, 141 og 144.
Arstun Rustad 7/1 og 7/2 Har vorti brukt appellativt om dei to gardane på Rustad frå delinga i 1853 og fram til bruka vart slegi i hop kringom 1915. Birger Kirkeby: Nannestad Bygdebok, bind I (1962), s. 159 og 169.
Arstun Bjertnes 9/2
Ner- og Opp-Arstun Kopperud 12/2 Namna kan gå attende på ei deling av Kopperud kringom 1720. Birger Kirkeby: Nannestad Bygdebok, bind I (1962), s. 236
Arstun Årstad ? Arstun (midtre), Arstun (nordre) og Arstun (søndre). Birger Kirkeby: Nannestad Bygdebok, bind I (1962), s. 278.
Arstun Hafstad 21/1 og 4 Hafstad vart 1678 delt i to bruk, som gjensidig kalte einannan Arstun. Birger Kirkeby: Nannestad Bygdebok, bind I (1962), s. 372.
Arstun Kjønstad 24/3 Arstun vart frådelt Sørgarden i 1844. Birger Kirkeby: Nannestad Bygdebok, bind I (1962), s. 436.
Arstun Nannestad 26/1 og 2 Garden Nannestad vart 1835 delt i to like store bruk, som gjensidig kalte einannan Arstun. Birger Kirkeby: Nannestad Bygdebok, bind I (1962), s. 462.
Arstun Gunhildrud 28/1 og 2 Gunhildrud vart rundt 1663 delt i to bruk som gjensidig kallar einannan Arstu. Grannane på garden Rud kallar det nordre Arstun for Nordstun. Birger Kirkeby: Nannestad Bygdebok, bind I (1962), s. 524.
Arstun Flatner 31/1 Flatner delt i to i 1801, det største bruket vart kalla Arstun. Seinare vart det ein del av Hærens store område rundt Gardermoen. Birger Kirkeby: Nannestad Bygdebok, bind I (1962), s. 561.
Arstun Nord-Børkje 32/? Nord-Børkje delt i to bruk i 1849, kalte einannan gjensidig for Arstun. Birger Kirkeby: Nannestad Bygdebok, bind I (1962), s. 569.
Arstun Sør-Børkje 34/? Sør-Børkje delt i to bruk i 1838, kalla einannan gjensidig for Arstun. Birger Kirkeby: Nannestad Bygdebok, bind I (1962), s. 595.
Arstun Lyshaug 37/1 og 8 Lyshaug delt 1750 i to bruk som gjensidig kalla einannan Arstun. Birger Kirkeby: Nannestad Bygdebok, bind I (1962), s. 625.
Arstun Enger 44/3 Oppsto i 1688 da Enger vart delt i Arstun og Nordgarden. Birger Kirkeby: Nannestad Bygdebok, bind I (1962), s. 742.

Nes

Bruk Gnr./bnr. Kommentarar Kjelde
Arstun Hunstad 162/1 og 5 Nedre (bnr. 1)- og Øvre (bnr. 5) Hunstad har kalla einannan Arstun. Birger. Kirkeby: Nes på Romerike IV (1968), s. 406 og 410 og Arnhild Syvertsen personleg samtale 12. september 2007.

Rælingen

Bruk Gnr./bnr. Kommentarar Kjelde
Arstun Åmot 103/3 Arstun kan her gå attende på ei deling frå 1797. Elles har garden òg vori kalla Nigarden. Lene Skovholt

Rømskog

Bruk Gnr./bnr. Kommentarar Kjelde
Arstua Sundsrud 60/2 Arstua går kanskje attende på ei deling av Sundsrud før 1723. Bruket var fyrst skyldsatt og frådelt i 1927 under namnet Kroksvold. Ulf Grøndahl: Rømskog bygdebok Bind I (2006), s. 105 og 111.

Sørum

Bruk Gnr./bnr. Kommentarar Kjelde
Arstun Egner 3/1 Namnet gjeng truleg tilbake på ei deling av Oppigarden Egner i 1863. Jan Erik Horgen: Sørum bygdebok Bind 1 (2003), s. 54ff.
Arstun Sæteren 6/3 Namnet gjeng truleg attende på ei deling av Sæteren mellom 1840 og 1850. Jan Erik Horgen: Sørum bygdebok Bind 1 (2003), s. 174 og 183.
Arstun Vølner 8/5 Namnet gjeng truleg attende på ei deling av Negarden Vølner i 1828. Jan Erik Horgen: Sørum bygdebok Bind 1 (2003), s. 135 og 146. '
Arstun Berg 16/2 Namnet gjeng truleg attende på ei deling av den vestre luten av Berg i 1805. Jan Erik Horgen: Sørum bygdebok Bind 2 (2005), s. 149 og 162.
Arstun Åsgard 17/3 Namnet gjeng attende på ei deling av Åsgard frå 1841 og inn på 1870-talet. Framleis står ein del av Arstubygningen på den felles tungarden åt dei to Åsgard-bruka. Jan Erik Horgen, Sørum bygdebok IV, s. 436-438.
Arstun Bøler 18/7 med fleire Truleg gjeng namnet attende på ei frådeling av Vestigarden i 1802. Jan Erik Horgen: Sørum bygdebok Bind 1 (2003), s. 459f.
Arstun Smedsrud 34/2 Truleg gjeng namnet attende på ei deling av den vestre luten av Smedsrud i 1786. Jan Erik Horgen: Sørum bygdebok Bind 2 (2005), s. 289 og 295.
Arstun Bakke 51/7 Truleg gjeng namnet attende på ei deling av småbruket Bakke i 1868. Jan Erik Horgen: Sørum bygdebok Bind 2 (2005), s. 614.
Arstun Asak 56/1 Truleg gjeng namnet attende på ei deling av Nordre Asak i 1803. Jan Erik Horgen: Sørum bygdebok Bind 4 (2010), s. 47 og 68.
Arstun Vilberg 65/1 Namnet kan gå attende på ei tredeling av den nørdre luten av Nedre Vilberg i 1831. Jan Erik Horgen: Sørum bygdebok Bind 4 (2010), s. 390, 391 og 396.
Arstun Lunder 67/4 Truleg gjeng namnet attende på ei deling av den syndre luten ut av Lunder på 1820-talet. Jan Erik Horgen: Sørum bygdebok Bind 4 (2010), s. 599 og 610.

Ullensaker

Bruk Gnr./bnr. Kommentarar Kjelde
Arstun Nordre Vettal 73/1 Arstun kan gå attende på ei deling av Nordre Vettal, òg kalla Store Vettal, på 1660-talet, og kan ha vori brukt appellativt mot den andre halvdelen av Nordre Vettal, Nordgarden. Olaug Julseth Stokstad: Som sagt i Ullsaker Or og vendinger frå 30-åra (1997), s. 135.
Arstun Berg 90/1 og 5 Arstun har vori brukt appellativt om dei to gardane på Berg, og går kanskje attende på ei deling av Berg på 1640-talet. Olaug Julseth Stokstad: Som sagt i Ullsaker Or og vendinger frå 30-åra (1997), s. 76.
Arstun Grøndalen 93 Olaug Julseth Stokstad: Som sagt i Ullsaker Or og vendinger frå 30-åra (1997), s. 90.
Arstun Nordby 96/1 og 2 Arstun har vori brukt appellativt om dei to gardane, og går truleg attende på ei deling på 1860-talet. Olaug Julseth Stokstad: Som sagt i Ullsaker Or og vendinger frå 30-åra (1997), s. 113.
Arstun Austad 105/1 med fleire Arstun går truleg tilbake på ei deling av den eine halvdelen av Austad i 1857. Den andre delen vart kalla Nordstun. Olaug Julseth Stokstad: Som sagt i Ullsaker Or og vendinger frå 30-åra (1997), s. 126.
Arstun Nord-Stokkstad 106/1 og 3 Arstun har vori brukt appellativt om dei to gardane på Nord-Stokkstad. Olaug Julseth Stokstad: Som sagt i Ullsaker Or og vendinger frå 30-åra (1997), s. 126.
Arstun Sø-Stokkstad 107/1, 2 samt 5 Arstun har vori brukt appellativt om dei to gardane på Sø-Stokkstad. Olaug Julseth Stokstad: Som sagt i Ullsaker Or og vendinger frå 30-åra (1997), s. 126.
Arstun Julset 108/1 og 2 Arstun har vori brukt appellativt om dei to gardane på Julset. Arstun går kanskje attende til deleinga av Julset på 1640-talet. Olaug Julseth Stokstad: Som sagt i Ullsaker Or og vendinger frå 30-åra (1997), s. 100.
Arstun Øvre Furuset 110/8 Arstun går truleg attende på ei deling av halvdelen av Øvre Furuset kringom 1854. Den andre delen går under namnet "Der nere". Olaug Julseth Stokstad: Som sagt i Ullsaker Or og vendinger frå 30-åra (1997), s. 87.
Arstun Fonbekk 113/1 og 2 Arstun har vori brukt appellativt om dei to gardane som ligg utmed einannan på Fonbekk. Det tredje bruket - Svingen (bnr. 3 med fleire) - ligg for seg sjølv lenger aust, og vart frådelt det eine Arstun (bnr. 2) kringom 1800. Kanskje går bruken av Arstun attende til delinga av Fonbekk frå midten av 1600-talet. Olaug Julseth Stokstad: Som sagt i Ullsaker Or og vendinger frå 30-åra (1997), s. 86.
Bortiarstun Habbarstad 114 Olaug Julseth Stokstad: Som sagt i Ullsaker Or og vendinger frå 30-åra (1997), s. 91.
Neriarstun Habbarstad 114 Olaug Julseth Stokstad: Som sagt i Ullsaker Or og vendinger frå 30-åra (1997), s. 91.
Inniarstun Habbarstad 114 Olaug Julseth Stokstad: Som sagt i Ullsaker Or og vendinger frå 30-åra (1997), s. 91.
Arstun Døli 132/2 og 7 Arstun har vori brukt appellativt om to av dei tre Døli-gardane, som nå ligg att på den gamle tunstaden. Den tredje garden ligg i det som i dag er Jessheim, og kallast Romsås etter tidligare brukarar. Bruken av Arstun går kanskje attende til delinga av Døli kring 1680. Olaug Julseth Stokstad: Som sagt i Ullsaker Or og vendinger frå 30-åra (1997), s. 82.
Arstun Haug 136/1 og 6 Arstun Haug, bnr. 6, og går kanskje attende på ei deling av Negarden på 1830-talet. Elles har òg Oppigarden Haug, bnr. 1, vori kalla Arstun av dei i Arstun, bnr. 6. Namna har med andre ord vori nytte appellativt, òg det kan difor hende at dei to bruka etter delinga av Haug tidleg på 1700-talet kalla einannan for Arstun, og at Oppigarden og Negarden er namn frå delinga på 1830-talet. Olaug Julseth Stokstad: Som sagt i Ullsaker Or og vendinger frå 30-åra (1997), s. 92.
Arstun Ljøgot 137/1 og 3 Arstun har vori brukt appellativt om dei to gardane på Ljøgot fram til notida. Olaug Julseth Stokstad: Som sagt i Ullsaker Or og vendinger frå 30-åra (1997), s. 108.

Våler

Bruk Gnr./bnr. Kommentarar Kjelde
Arstua Braskereid 8/23 Arstua går truleg attende på ei deling av halvdelen av Braskereid i fyrste luten av 1600-talet. Sidan 1870 har Arstun vori ein del av Nystun (8/1). Alex Bugge: Våler Bygdebok (1936), s. 25, 31 og 49. 1886 Matrikkelen.
Arstua Vestre Eid 20/3 Arstua går truleg attende på ei deling av Vestre Eid før 1680. Alex Bugge: Våler Bygdebok (1936), s. 339, 341 og 346.
Arstua Svenneby 37 Arstua går attende på ei deling av Svenneby i 1740. Den andre luten vart kalla Søgarden. Arstua og Søgarden vart samla til ein gard i 1849. Alex Bugge: Våler Bygdebok (1936), s. 516 og 530.
Arstun Nordre Snarhol 52/22 og 25 Arstun var i følgje Våler Bygdebok, side 724, hovdebølet på Nordre Snarhol, og vart seinere delt i to bruk. Arstun kan gå attende på ei deling av Snarhol tidleg på 1700-talet i Nordre- og Søndre Snarhol. Alex Bugge: Våler Bygdebok (1936), s. 713, 724 og 726. 1886 Matrikkelen.
Arstua Vestre Stræte 56/1 Arstua går attende på ei deling av Vestre Sætre i to lutar i 1847, der den andre luten vart kalla Nystua. Alex Bugge: Våler Bygdebok (1936), s. 832.
Arstun Gravberget 86 Arstun går truleg attende på ei deling av Gravberget i fyrste del av 1700-talet. Alex Bugge: Våler Bygdebok (1936), s. 1060.

Kjelder