Arstun

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 7. nov. 2012 kl. 12:07 av Kallrustad (samtale | bidrag) (opprettar artikkel bygd på Frode Myrheims råmanus)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Arstun er eit bruksnamn og appellativ som har vori brukt på Romerike, sør i Hedmark, østfoldbygda Rømskauen og i den nordvestre delen av Värmland. Arstun er framleis levande som appellativ på Romerike, og brukast oftast i tydinga nabogarden eller nabohuset. Ordet er ei samansetning av andre stova, der fyrste leddet er rekkjetalet andre, og der hovudleddet er ordet stove (f.). Tydinga kan samanliknas med det peikande pronomenet hin, som òg kan tyde den andre av to. Med ei slik tyding blir ordet òg gjensidig, alt etter kor ein sit eller står. Fra gammalt av ser det ut til at der ein gard har vori delt i to eller fleire bruk, har ein brukt Arstun om einannan, ofte med utmerkingsledd som Oppi eller Neri. Framleis finn ein den appellative bruken om gardsbruk på Romerike, men i dei fleste høva har Arstun stivna.

Utbreiing

Ordet ser ut til å ha vori i bruk på heile Romerike, Rømskauen i Østfold, Odalen, Solør og Nordvestre Värmland i Sverike. På den norske delen av dette området er det god dekning med gards- og slektshistorie, og ut frå desse ser ein at denne namnebruken må ha vori svært utbreidd i eldre tid. Det interessante med dette utbreiingsområdet på norsk side er at det er identisk med det gamle futedømet Romerike og Solør, som og omfatta [[Odalen. Dette området var ei syssel i mellomalderen. Ut frå gards- og slektshistorie kan det set ut til at bruken har vori mindre i dei sørlegaste delane av Romerike, som Høland og Enebakk.

Det ser ut til at det ordgeografiske området for arstun er skarpt avgrensa både i sør mot Østfold, om ein ser bort frå Rømskauen, i vest mot Hadeland og i nord mot Toten og Hedmarka. Så vidt eg veit er ordet ikkje brukt i desse områda. På Hedmarka ser det ut til at det er forma borti garda "bo'Li ga'La, som tilsvarar arstun. På Toten er ein parallell borti stugun "bo'Li stu'gun. Skal ein døme ut frå dei nyss omtalte bygdebøkene ser det ut til at tyngdepunktet for arstun på Romerike har vori på Øvre Romerike. I Høland er det i dag bare kjent tre bruk ved namn Arstun.

I Solør ser bruken ut til å ha stått sterkast i dei sørlegaste områda som Eidskog, og det er nok her ordet har halde seg lengst i bruk òg. Bruken er godt belagt i heile Odalen, både i nord og sør. Frå Värmland er det som nyss nemnt den nordvestre delen som har belegg i form av stadnamn. Her er det sokn som Ny, Eda, Köla, Järnskog, Skillingmark, Ôstervallskog, Karlanda og Holmedal som har belegg i forma Arstoga.

Kasusbruk og tonem

Innafor det ordgeografiske området av arstun er den mest vanlege forma arstun. Denne forma er spesielt vanleg på Øvre Romerike, men ho er òg svært vanleg, der ho fins, på Nedre Romerike. Og i Solør og Odalen ser Arstun ut til å vera mest brukt. Rømskauen i Østfold har kun døme på Arstua, og følgjer her Østfold som elles bare har –stua, og ikkje –stun, sjølv om denne forma ikkje er kjent i det øvrige Østfold. Det må her leggast til at det bare er to til tre døme i alt frå Rømskauen. I ein av dei sørlegaste bygdene åt Østfold, nemleg Høland, ser heller ikkje Arstun ut til å vera særleg mykje brukt, men det ser her ut til å vera brukt både Arstun og Arstua.

Det er grunn til å tru at forma med –stun opphaveleg er ei dativform, som seinare har stivna og vorti ståande. og at dei eldste namna med desse formene går tilbake til ei tid da dativen framleis var levande på Romerike. Bruken av

Datering

Når det gjeld spørsmålet om kor gammal denne namnebruken er, er det grunn til å tru at den er etterreformatorisk. Det er heller inga spor etter denne namnetypen korkje i diplomatariet eller i dei eldre jordebøkene som Raudeboka og Aslal Bolts jordebok. Sjølvsagt er ikkje dette noko prov på at namnebruken kan gå tilbake til gammalnorsk tid.

Liste

  • Arstun Hemli i Eidsvoll ser ut til å gå tilbake til ei deling av det eine bruket av Hemli i siste del av 1600-talet.
  • Arstun Østre-Nes i Høland går tilbake til ei deling av den søndre garden i Østre Nes i 1820- eller 1830-åra.
  • Arstun Ljøgot har blitt brukt appellativt om dei to gardane på Ljøgot fram til dags dato.
  • Øver-Rognstad i Hurdalen hadde Oppi- og Neri Arstun.

Kjelder

  • [www.sofi.se/ortnamnsregistret Svensk ortnamnsregister]