Aslaug Høydal: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: '''Aslaug Høydal''' (fødd i Seljord 22. desember 1916, død i Skjåk 2007) var lærar, forfattar og samfunnsdebattant. Særleg markerte ho seg i debatten om sku...)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
'''[[Aslaug Høydal]]''' (fødd i [[Seljord]] [[22. desember]] [[1916]], død i [[Skjåk]] [[2007]]) var lærar, forfattar og samfunnsdebattant. Særleg markerte ho seg i debatten om skulesentraliseringa på 1960-talet, med ein roman som var eit kraftig åtak på den nye, linjedelte ungdomsskulen. Ho hadde eit kristent livssyn, og kan på mange måtar kallast verdikonservativ. Samstundes hadde ho markante standpunkt  som mest har vore identifisert med den radikale venstresida i norsk politikk, engasjert for eksempel i antiatomvåpenkampanjen frå slutten av 1950-talet, og for palestinarane si sak i Midtausten.

== Bakgrunn ==
Høydal var fødd og oppvaksen på småbruket Anåskosi i grenda [[Langlim]] i Seljord kommune. Foreldra var gardbrukarparet Hans Høydal og Anne fødd Bakken. Aslaug hadde sju sysken, deriblant lærar og forfattar Olaus Høydal. Ho var ugift.
== Utdanning og lærargjerning ==
Høydal hadde ei mangesidig utdanning etter grunnskulen i heimegrenda. Ho gjekk på [[Telemark folkehøgskule]] i [[Kviteseid]], [[Den kvinnelige industriskolen|Den kvinnelege industriskolen]] i Oslo, [[Askov Højskole]] i Danmark. Lærareksamen tok ho ved [[Elverum lærerskole]] i 1959, og gjekk også på [[Noregs lærarhøgskule]] i Trondheim. Ho vidareutdanna seg til adjunkts grad.
Sterkt internasjonalt orientert som ho var, drog ho på fleire studiereiser utanlands, mellom anna til Italia og til fleire land i Midt-Austen.
Allereie før ho tok lærarprøva i Elverum var Høydal tilsett som lærar ved folkehøgskular i [[Ryfylke]] og på [[Vestoppland]].  Etter lærarprøva var ho ei tid ved Sandbu skule i Nord-Fron. Frå 1960 var ho tilsett ved Tokke ungdomsskule. I 1971 vart ho tilsett som adjunkt ved Nordberg skule i Skjåk (grunnskule), der ho vart verande til ho nådde pensjonsalderen. Ho vart buande i Skjåk livet ut, og leigde seg dei siste åra hus på heimstaden til Jan-Magnus Bruheim.

Sideversjonen fra 25. feb. 2014 kl. 20:01

Aslaug Høydal (fødd i Seljord 22. desember 1916, død i Skjåk 2007) var lærar, forfattar og samfunnsdebattant. Særleg markerte ho seg i debatten om skulesentraliseringa på 1960-talet, med ein roman som var eit kraftig åtak på den nye, linjedelte ungdomsskulen. Ho hadde eit kristent livssyn, og kan på mange måtar kallast verdikonservativ. Samstundes hadde ho markante standpunkt som mest har vore identifisert med den radikale venstresida i norsk politikk, engasjert for eksempel i antiatomvåpenkampanjen frå slutten av 1950-talet, og for palestinarane si sak i Midtausten.

Bakgrunn

Høydal var fødd og oppvaksen på småbruket Anåskosi i grenda Langlim i Seljord kommune. Foreldra var gardbrukarparet Hans Høydal og Anne fødd Bakken. Aslaug hadde sju sysken, deriblant lærar og forfattar Olaus Høydal. Ho var ugift.

Utdanning og lærargjerning

Høydal hadde ei mangesidig utdanning etter grunnskulen i heimegrenda. Ho gjekk på Telemark folkehøgskule i Kviteseid, Den kvinnelege industriskolen i Oslo, Askov Højskole i Danmark. Lærareksamen tok ho ved Elverum lærerskole i 1959, og gjekk også på Noregs lærarhøgskule i Trondheim. Ho vidareutdanna seg til adjunkts grad.

Sterkt internasjonalt orientert som ho var, drog ho på fleire studiereiser utanlands, mellom anna til Italia og til fleire land i Midt-Austen.

Allereie før ho tok lærarprøva i Elverum var Høydal tilsett som lærar ved folkehøgskular i Ryfylke og på Vestoppland. Etter lærarprøva var ho ei tid ved Sandbu skule i Nord-Fron. Frå 1960 var ho tilsett ved Tokke ungdomsskule. I 1971 vart ho tilsett som adjunkt ved Nordberg skule i Skjåk (grunnskule), der ho vart verande til ho nådde pensjonsalderen. Ho vart buande i Skjåk livet ut, og leigde seg dei siste åra hus på heimstaden til Jan-Magnus Bruheim.