Astrid Brekken (f. 1943)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 5. jan. 2021 kl. 08:27 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: '''Astrid Brekken''' (fødd 24. april 1943) er journalist og programleiar i NRK. Ho er utdanna som sosiolog, og driv òg som sauebonde på Lesja. Ho…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Astrid Brekken (fødd 24. april 1943) er journalist og programleiar i NRK. Ho er utdanna som sosiolog, og driv òg som sauebonde på Lesja.

Ho er cand.mag. frå Universitetet i Oslo, og tok hovudfag i sosiologi ved New York University 1969–1971. Seinare har ho òg studert spansk og litteratur i New York. I tida 1963–1968 var ho i arbeid ved fleire av NRK sine distriktskontor. Etter ei pause for å studere vart ho så i 1971 tilsett i Opplysningsavdelinga og P2 sin faktaavdeling. Bland program ho har leia er Sånn er livet, WOK og På livet laus.