Bø Museum (Telemark)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Bø Museum.

Bø Museum er eit kulturhistorisk museum for Bø kommune i Midt-Telemark. Museet har store samlingar av folkedraktmateriale, hardingfeler, ulike handverk, frå landbruket og landhandelverksemd og er lokalisert til Oterholt (hovudsete), Kvennøya og Østerli i Bø. Museet forvaltar fire kulturhistoriske bygningar på Oterholt, fem på Kvennøya og fire på Østerli, til saman 14 kulturhistoriske bygningar. Bø Museum er skipa 26. september 1977 og er eit resultat av det arbeidet Bø kommune, Bø Ungdomslag, Bø Bondekvinnelag, nå Bø Bygdekvinnelag, Bø Historielag, Spelemannslaget Bøheringen, Bø mållag og Høgskolen i Telemark har gjort for å ta vare på gjenstandar og anna tradisjon som er særmerkt for kulturtradisjonen i Bø. Museet har som oppgåve å føre dette arbeidet vidare ved å drive museumsverksemd og aktivisere innbyggjarane til å ta vare på og utvikle alt som har kulturhistorisk verdi for Bø kommune. Dette skjer også ved å samle og sikre dokumentasjon, drive formidling og utvikle ny kunnskap gjennom forsking. Bø Museum følgjer ICOMs museumsetiske regelverk.

Gjenstandsamlinga utgjer totalt kring 10200 gjenstandar, fotosamlinga kring 6200 foto og bokstamma er på kring 10.800 band. Mykje er lokallitteratur frå Telemark og kulturhistorie i tråd med samlingane elles.

Bø Museum og Bø kommune har samla sine private arkiv i Bø lokalhistoriske arkiv. Arkivet består av kring 230 privatarkiv pr. 2018.

Bø Museum er eit eige rettssubjekt. Museet er ein medlemsorganisasjon der og einskildpersonar og verksemder kan bli medlemmer. Aktiviteten ved museet skal drivast og utviklast i eit nært og forpliktande gjensidig samarbeid med Bø kommune.

Arkiv

Samlinga til museet består m.a. av privatarkiv. Oversikta over desse kan studerast i lista over privatarkiv frå Telemark eller i eiga liste over privatarkiv frå Bø Museum.

Galleri

Kilder

  • Bø Museum
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!