B. Grebstad Møbelverksted

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 23. mai 2023 kl. 10:49 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «Kategori:Næringsliv» til «»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

B. Grebstad Møbelverksted var ei trevareverksemd i Sykkylven som kom i gang i 1952. Då byrja Bernhard Grebstad å lage skatoll. I 1955 bygde han ein trevareverkstad på farsgarden på Grebstad. I produksjonen hadde han hjelp av bror sin, Petter Grebstad, som var polerar.

Bernhard Grebstad gjekk litt seinare over til å lage kjøkkeninnreiingar. Han dreiv denne verksemda til fram i mot 1970, då dei ferdiglaga kjøkkeninnreiingane heilt tok over marknaden. Grebstad tok seg då arbeid på fabrikk.

Kjelde