Balestrand
Balestrand er ein tettstad og administrasjonssenter i Balestrand kommune. Lokalt vert staden ofte kalla Holmen. Han ligg på nordsida av Sognefjorden, vest for innløpet av Fjærlandsfjorden.
Allereie i siste halvleiken av 1800-talet vart Balestrand ein viktig turiststad. Det er fleire overnattingtilbod der. Det mest kjende er Kviknes Hotel, som opna i 1877. Det var der keiser Wilhelm II av Tyskland fekk bodskapen om utbrotet av fyrste verdskrigen i 1914. Norsk reiselivsmuseum ligg i Balestrand.
Dei to gravhaugane Balehaugane ligg nær tettstaden. Dei er datert til kring 800 e.Kr., og er knytta til sagnkongen Bele. På den eine står ein statue av Bele, som vart reist av Wilhelm II i 1913. Kommunenavnet kjem frå gardsnamnet Bale, som i sin tur etter tradisjonen kjem frå sagnkongens namn.
St. Olafs kyrkje frå 1897 er ei anglikansk kyrkje, og vert ofta kalla Engelskkyrkja. Ho er bygd som ei etterlikning av ei stavkyrkje.
Kjelder
- Balestrand tettsted i Store norske leksikon
- Balestrand i Store norske leksikon
- Balestrand på Wikipedia på bokmål og riksmål