Balestrand lærerskole: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(→‎Styrarar: Elevar)
(bilete + fleire større utvidingar)
Linje 1: Linje 1:
'''[[Balestrand lærerskole]]''' (''Balestrands lærerskole'') i [[Sogn og Fjordane]] vart skipa i 1863 og lagt ned i 1880.
[[Fil:Balestrand lærerskole 1866-67.jpg|Elevane og lærarane ved lærarskulen på det tredje kullet 1866-67|thumb]]

Den nye allmugeskulelova frå 1860 skjerpa krava til at lærarane skulle ha utdanning. Over heile landet vart det difor skipa nye lærarskular i tillegg til dei gamle lærarseminara. Tre av dei nye skulane kom i Bergen stift, i Volda, på Voss og i Balestrand.
'''[[Balestrand lærerskole]]''' (''Balestrands lærerskole'') i [[Sogn og Fjordane]] var i drift frå 1863 til 1880.

Det var truleg den verksame soknepresten [[Harald Ulrik Sverdrup]] som sytte for at skulen i Nordre Bergenhus amt vart lagt til Balestrand. Han skreiv i mars 1862 til skuledirektøren i Bergen og la fram ein plan for ein lærarskule med 24 elevar.
==Skipinga==
Den nye allmugeskulelova frå 1860 skjerpa krava til at lærarane skulle ha utdanning. Over heile landet vart det difor skipa 16 nye lærarskular i tillegg til dei etablerte stiftsseminara i Tromsø (Trondenes), Klæbu, Stord, Holt og Asker. Tre av dei nye skulane kom i Bergen stift, i Volda, på Voss og i Balestrand.  

Skulen opna 10. februar 1863, og fyrste året gjekk 24 elevar på skulen. Læretida var 1 1/2 år, noko mindre enn på dei eldre lærarseminara. Fleire av elevane i Balestand gjekk då òg vidare på [[Stord lærerskole|Stord seminar]].
Det var truleg den verksame soknepresten [[Harald Ulrik Sverdrup]] som sytte for at skulen i Nordre Bergenhus amt vart lagt til Balestrand. Han skreiv i mars 1862 til skuledirektøren i Bergen og la fram ein plan for ein lærarskule med 24 elevar. Lærarskulane skulle stå under oppsyn av presten, prosten og stiftsdireksjonen. Balestrand kommune skulle halde hus for skulen.

Lærarskulane opna ein ny karriereveg for gåverike gutar frå bygdene, og skulen i Balestrand var ikkje noko unntak. Den tida skulen var i drift, fekk 236 unge gutar lærarutdanninga si på lærarskulen. Av dei var 167 gardbrukarsøner, 63 husmannssøner og 6 lærarsøner. Fleire av elevane tok vidare utdanning på eit lærarseminar, og nokre få kom seg òg til høgre skular og universitetet, noko som den tida var reint uvanleg for bonde- og husmannssøner.
Skulen opna 10. februar 1863. Fyrste året vart 24 elevar opptekne på skulen, og 19 av dei tok eksamen. Læretida var 1 1/2 år, noko mindre enn stiftsseminara.  

Det hadde lenge vore meininga at dei nye lærarskulane berre skulle vere i drift fram til ein hadde fått bukt med mangelen på utdanna lærarar. Det var på tale å leggje ned skulen i 1869, men han fekk halde fram. Då kullet som byrja hausten 1879 vart uteksaminert, var det òg slutt for lærarskulen i Balestrand. I skuleprotokollen heiter det at "Den 27. december 1880 demitteredes eksaminanderne. Samme dag stansede Balestrands lærerskole."  
==Verknad==
Lærarskulane opna ein ny karriereveg for gåverike gutar frå bygdene, og skulen i Balestrand var ikkje noko unntak. Den tida skulen var i drift, fekk 236 unge gutar lærarutdanninga si på lærarskulen. Fleire av elevane i Balestand gjekk vidare på stiftsseminara. Av dei 41 elevane på dei to fyrste kulla gjekk 10 vidare på [[Stord lærerskole|Stord seminar]]. Somme elevar kom seg òg til høgre skular og universitetet, noko som på den tida var reint uvanleg for bonde- og husmannssøner.
 
I Balestrand vart skulen ein del av det pietistiske miljøet kring H.U. Sverdrup. I 1869 tok Sverdrup intiativet til [[Indre Sogn indremisjon]], som rekrutterte mange elevar på lærarskulen. Sverdrup hadde òg sympati med den nynorske målreisinga, og ei rekkje av elevane vart aktive målmenn og pionerar for målsaka i Sogn og Fjordane då dei kom ut i skulen som lærarar. Denne koplinga mellom pietisme og målsak var uvanleg på denne tida, men vart i Sogn ført vidare på [[Sogndal folkehøgskule]], skipa 1871 av H.U. Sverdrups son [[Jakob Sverdrup]].
 
==Nedlegginga==
Dei nye lærarskulane i 1850- og 60-åra var krisetiltak for å få bukt med lærarmangelen, og det var heile tida meininga at dei berre skulle vere i drift til stiftsseminara var i stand til å utdanne nok lærarar. Det var snakk om å leggje ned skulen i Balestrand i 1869 då halvparten av dei 16 lærarskulane vart lagde ned, men skulen fekk halde fram. I åra 1880-83 vart likevel sju av dei åtte attverande skulane lagde ned. Då kullet som byrja hausten 1879 vart uteksaminert, var det òg slutt for lærarskulen i Balestrand. I skuleprotokollen heiter det at "Den 27. december 1880 demitteredes eksaminanderne. Samme dag stansede Balestrands lærerskole."  

==Styrarar==
==Styrarar==
Styrarane på lærarskulen var teologar, dei fleste nyutdanna og unge:
Styret for lærarskulen var sokneprest H.U. Sverdrup og skulestyraren.
 
Styrarane var teologar, dei fleste nyutdanna og unge:
*1863-1867: [[Didrik Arup]]
*1863-1867: [[Didrik Arup]]
*1867-1873: [[Knud Karl Krogh-Tonning]]
*1867-1873: [[Knud Karl Krogh-Tonning]]
Linje 21: Linje 30:

==Elevar==
==Elevar==
Av dei 236 elevane som tok lærarprøva ved skulen, var det 167 gardbrukarsøner, 63 husmannssøner og 6 lærarsøner. Flest elevar kom frå Balestrand (28), og på dei neste plassane kjem prestegjelda Hafslo (21), Vik (13) og Luster (12). Elles kom det elevar både frå dei andre bygdene i Sogn, frå Sunnfjord og Ytre Nordfjord, og ein del frå Hordaland.
*[[Ole Steffensen Sæhle]]
*[[Ole Steffensen Sæhle]]
*[[Anders O. Øvregaard]]
*[[Anders O. Øvregaard]]
Linje 26: Linje 36:
==Kjelder og litteratur==
==Kjelder og litteratur==
*Laberg, Jon. (1934). ''Balestrand. Bygd og ætter.'' Bergen: I kommisjon hjå Lunde & Co.'s Forlag, s. 200-209 (prenta opp att i ''Pridlao'' nr. 1, 2004, s. 34-37. (Labergs kapittel er hovudarbeidet om lærarskulen.)

*Dahl, Helge. (1959). ''Norsk lærerutdanning fra 1814 til i dag.'' Oslo: Universitetsforlaget, s. 91-98. ([http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2008051904051 Digital utgåve, NBdigital])
*Urtegaard, Gunnar. (2001). [http://www.fylkesarkiv.no/kl/detalj/?id=860 Balestrand lærarskule, i ''Kulturhistorisk leksikon''] (Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)
*Urtegaard, Gunnar. (2001). [http://www.fylkesarkiv.no/kl/detalj/?id=860 Balestrand lærarskule, i ''Kulturhistorisk leksikon''] (Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)
*[http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/L%C3%A6rarskulen_i_Balestrand Lærarskulen i Balestrand], Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane
*[http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/L%C3%A6rarskulen_i_Balestrand Lærarskulen i Balestrand], Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane
*Hoel, Oddmund L. (2011). ''Norsk målreising. Mål og modernisering 1868-1940.'' (Bd. 2). Oslo: Det Norske Samlaget, s. 145-147.

[[Kategori:Balestrand kommune]]
[[Kategori:Balestrand kommune]]

Sideversjonen fra 28. des. 2012 kl. 21:27

Elevane og lærarane ved lærarskulen på det tredje kullet 1866-67

Balestrand lærerskole (Balestrands lærerskole) i Sogn og Fjordane var i drift frå 1863 til 1880.

Skipinga

Den nye allmugeskulelova frå 1860 skjerpa krava til at lærarane skulle ha utdanning. Over heile landet vart det difor skipa 16 nye lærarskular i tillegg til dei etablerte stiftsseminara i Tromsø (Trondenes), Klæbu, Stord, Holt og Asker. Tre av dei nye skulane kom i Bergen stift, i Volda, på Voss og i Balestrand.

Det var truleg den verksame soknepresten Harald Ulrik Sverdrup som sytte for at skulen i Nordre Bergenhus amt vart lagt til Balestrand. Han skreiv i mars 1862 til skuledirektøren i Bergen og la fram ein plan for ein lærarskule med 24 elevar. Lærarskulane skulle stå under oppsyn av presten, prosten og stiftsdireksjonen. Balestrand kommune skulle halde hus for skulen.

Skulen opna 10. februar 1863. Fyrste året vart 24 elevar opptekne på skulen, og 19 av dei tok eksamen. Læretida var 1 1/2 år, noko mindre enn på stiftsseminara.

Verknad

Lærarskulane opna ein ny karriereveg for gåverike gutar frå bygdene, og skulen i Balestrand var ikkje noko unntak. Den tida skulen var i drift, fekk 236 unge gutar lærarutdanninga si på lærarskulen. Fleire av elevane i Balestand gjekk vidare på stiftsseminara. Av dei 41 elevane på dei to fyrste kulla gjekk 10 vidare på Stord seminar. Somme elevar kom seg òg til høgre skular og universitetet, noko som på den tida var reint uvanleg for bonde- og husmannssøner.

I Balestrand vart skulen ein del av det pietistiske miljøet kring H.U. Sverdrup. I 1869 tok Sverdrup intiativet til Indre Sogn indremisjon, som rekrutterte mange elevar på lærarskulen. Sverdrup hadde òg sympati med den nynorske målreisinga, og ei rekkje av elevane vart aktive målmenn og pionerar for målsaka i Sogn og Fjordane då dei kom ut i skulen som lærarar. Denne koplinga mellom pietisme og målsak var uvanleg på denne tida, men vart i Sogn ført vidare på Sogndal folkehøgskule, skipa 1871 av H.U. Sverdrups son Jakob Sverdrup.

Nedlegginga

Dei nye lærarskulane i 1850- og 60-åra var krisetiltak for å få bukt med lærarmangelen, og det var heile tida meininga at dei berre skulle vere i drift til stiftsseminara var i stand til å utdanne nok lærarar. Det var snakk om å leggje ned skulen i Balestrand i 1869 då halvparten av dei 16 lærarskulane vart lagde ned, men skulen fekk halde fram. I åra 1880-83 vart likevel sju av dei åtte attverande skulane lagde ned. Då kullet som byrja hausten 1879 vart uteksaminert, var det òg slutt for lærarskulen i Balestrand. I skuleprotokollen heiter det at "Den 27. december 1880 demitteredes eksaminanderne. Samme dag stansede Balestrands lærerskole."

Styrarar

Styret for lærarskulen var sokneprest H.U. Sverdrup og skulestyraren.

Styrarane var teologar, dei fleste nyutdanna og unge:

Underlærarar 1864-1880: Anders Person Øvrebø, klokkar i Balestrand

Elevar

Av dei 236 elevane som tok lærarprøva ved skulen, var det 167 gardbrukarsøner, 63 husmannssøner og 6 lærarsøner. Flest elevar kom frå Balestrand (28), og på dei neste plassane kjem prestegjelda Hafslo (21), Vik (13) og Luster (12). Elles kom det elevar både frå dei andre bygdene i Sogn, frå Sunnfjord og Ytre Nordfjord, og ein del frå Hordaland.

Kjelder og litteratur

  • Laberg, Jon. (1934). Balestrand. Bygd og ætter. Bergen: I kommisjon hjå Lunde & Co.'s Forlag, s. 200-209 (prenta opp att i Pridlao nr. 1, 2004, s. 34-37. (Labergs kapittel er hovudarbeidet om lærarskulen.)
  • Dahl, Helge. (1959). Norsk lærerutdanning fra 1814 til i dag. Oslo: Universitetsforlaget, s. 91-98. (Digital utgåve, NBdigital)
  • Urtegaard, Gunnar. (2001). Balestrand lærarskule, i Kulturhistorisk leksikon (Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)
  • Lærarskulen i Balestrand, Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane
  • Hoel, Oddmund L. (2011). Norsk målreising. Mål og modernisering 1868-1940. (Bd. 2). Oslo: Det Norske Samlaget, s. 145-147.