Berlihuset: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
(Oppdatering av info.)
 
(4 mellomliggende versjoner av 2 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
'''Berlihuset''' er ei trebygning i Sykkylven sentrum som dei siste åra har gjeve plass til ulike kultur- og næringsaktivitetar. Det var fiskeeksportøren Børre Berli i [[Ålesund]] som bygde huset i sveitsarstil som sommarbustad i [[1896]]. Gjennom giftarmål vart Berli eigar av garden på Berlihaugen der han bygde dette huset. Berli og etterkomarane hans brukte huset mykje så lenge det var i Berli-familien sin eige. I 1932 pakta dei bort garden til Rasmus Tronstad. I 1950 vart broren Alf Tronstad brukar på garden.
'''Berlihuset''' er ei trebygning i Sykkylven sentrum som dei siste åra har gjeve plass til ulike kultur- og næringsaktivitetar. Det var fiskeeksportøren Børre Berli i [[Ålesund]] som bygde huset i sveitsarstil som sommarbustad i [[1896]]. Gjennom giftarmål vart Berli eigar av garden på Berlihaugen der han bygde dette huset. Berli og etterkomarane hans brukte huset mykje så lenge det var i Berli-familien sin eige. I 1932 pakta dei bort garden til Rasmus Tronstad. I 1950 vart broren Alf Tronstad brukar på garden.


Etter at borna til Børre Berli, Gunvor Berli Aarsæther og Margrete Berli døydde, stod huset tomt ei tid. I 1980-åra kjøpte møbeldesignaren [[SapDesign|Svein Asbjørnsen]] bygget. I åra framover nytta han store ressursar for å setje bygget i stand att. Til dette føremålet fekk han støtte frå offentlege vernemyndigheiter. I 1996 fekk han Fortidsminneforeningen sin Godt vern-pris for arbeidet sitt.
Etter at døtrene til Børre Berli, Gunvor Berli Aarsæther og Margrete Berli, døydde, stod huset tomt ei tid. I 1986 kjøpte møbeldesignaren [[SapDesign|Svein Asbjørnsen]] bygget. I åra framover nytta han store ressursar for å setje bygget i stand att. Til dette føremålet fekk han støtte frå offentlege vernemyndigheiter. I 1996 fekk han Fortidsminneforeningen sin Godt vern-pris for arbeidet sitt. Fylkeskonservator Jens Peter Ringstad i Møre og Romsdal fylkeskommune uttalte dette om huset i 1996: "Berlihuset representerer ein tradisjon med lystgardar for velståande byborgarar, truleg eitt av få døme på slike anlegg her på Sunnmøre."


Frå 1994 vart Berlihuset teken i bruk av det nyskipa [[Norsk Møbelfaglig Senter]]. Bygget vart i åra fram til 2000 nytta til utstillingar og som samlingsstad for aktørar i møbelbransjen.
Frå 1995 vart Berlihuset teken i bruk av det nyskipa [[Norsk Møbelfaglig Senter]]. Bygget vart i åra fram til 2000 nytta til utstillingar og som samlingsstad for aktørar i møbelbransjen.


Etter at møbelsenteret flytta verksemda si til [[Strømme konfeksjonsfabrikk|Strømmefabrikken]] i Aure sentrum, tok Svein Asbjørnsen lokala i bruk til si designarverksemd, saman med designarkollegaen Jarle Slyngstad.
Etter at møbelsenteret flytta verksemda si til [[Strømme konfeksjonsfabrikk|Strømmefabrikken]] i Aure sentrum, tok Svein Asbjørnsen lokala i bruk til si designarverksemd, saman med designarkollegaen Jarle Slyngstad. I åra 2008 til 2010 var det Marimekko-butikk i kjellaren.


Frå 2013 har firmaet Berlihuset mat og vin teke i bruk delar av huset til serveringsverksemd. Huset har også dei siste åra vore nytta til utstilings- og konsertføremål.
I 2014 tok firmaet Berlihuset Mat og Vin i bruk delar av huset til serveringsverksemd, og dreiv dette nokre år. Dei siste åra har huset vore nytta til utstillings- og konsertføremål.


I hagen rundt Berlihuset har det blitt plassert montrar som har vore nytta til framvising av produkt som er laga i Sykkylven.  
I hagen rundt Berlihuset har det blitt plassert montrar som har vore nytta til framvising av produkt med tilknyting til Sykkylven.  


==Kjelde:==
==Kjelde:==
*Gardssoga for Sykkylven, bd. 1. Sykkylven 1972.
*Gardssoga for Sykkylven, bd. 1. Sykkylven 1972.
*Eldar Høidal, red.: Et liv i form. Sykkylven 2000.




Linje 18: Linje 19:
[[Kategori:Sykkylven leksikon]]
[[Kategori:Sykkylven leksikon]]
[[Kategori:Sykkylven kommune]]
[[Kategori:Sykkylven kommune]]
{{nn}}

Nåværende revisjon fra 19. feb. 2022 kl. 10:24

Berlihuset er ei trebygning i Sykkylven sentrum som dei siste åra har gjeve plass til ulike kultur- og næringsaktivitetar. Det var fiskeeksportøren Børre Berli i Ålesund som bygde huset i sveitsarstil som sommarbustad i 1896. Gjennom giftarmål vart Berli eigar av garden på Berlihaugen der han bygde dette huset. Berli og etterkomarane hans brukte huset mykje så lenge det var i Berli-familien sin eige. I 1932 pakta dei bort garden til Rasmus Tronstad. I 1950 vart broren Alf Tronstad brukar på garden.

Etter at døtrene til Børre Berli, Gunvor Berli Aarsæther og Margrete Berli, døydde, stod huset tomt ei tid. I 1986 kjøpte møbeldesignaren Svein Asbjørnsen bygget. I åra framover nytta han store ressursar for å setje bygget i stand att. Til dette føremålet fekk han støtte frå offentlege vernemyndigheiter. I 1996 fekk han Fortidsminneforeningen sin Godt vern-pris for arbeidet sitt. Fylkeskonservator Jens Peter Ringstad i Møre og Romsdal fylkeskommune uttalte dette om huset i 1996: "Berlihuset representerer ein tradisjon med lystgardar for velståande byborgarar, truleg eitt av få døme på slike anlegg her på Sunnmøre."

Frå 1995 vart Berlihuset teken i bruk av det nyskipa Norsk Møbelfaglig Senter. Bygget vart i åra fram til 2000 nytta til utstillingar og som samlingsstad for aktørar i møbelbransjen.

Etter at møbelsenteret flytta verksemda si til Strømmefabrikken i Aure sentrum, tok Svein Asbjørnsen lokala i bruk til si designarverksemd, saman med designarkollegaen Jarle Slyngstad. I åra 2008 til 2010 var det Marimekko-butikk i kjellaren.

I 2014 tok firmaet Berlihuset Mat og Vin i bruk delar av huset til serveringsverksemd, og dreiv dette nokre år. Dei siste åra har huset vore nytta til utstillings- og konsertføremål.

I hagen rundt Berlihuset har det blitt plassert montrar som har vore nytta til framvising av produkt med tilknyting til Sykkylven.

Kjelde:

  • Gardssoga for Sykkylven, bd. 1. Sykkylven 1972.
  • Eldar Høidal, red.: Et liv i form. Sykkylven 2000.