Berlihuset

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Berlihuset er ei trebygning i Sykkylven sentrum som dei siste åra har gjeve plass til ulike kultur- og næringsaktivitetar. Det var fiskeeksportøren Børre Berli i Ålesund som bygde huset i sveitsarstil som sommarbustad i 1896. Gjennom giftarmål vart Berli eigar av garden på Berlihaugen der han bygde dette huset. Berli og etterkomarane hans brukte huset mykje så lenge det var i Berli-familien sin eige. I 1932 pakta dei bort garden til Rasmus Tronstad. I 1950 vart broren Alf Tronstad brukar på garden.

Etter at døtrene til Børre Berli, Gunvor Berli Aarsæther og Margrete Berli, døydde, stod huset tomt ei tid. I 1986 kjøpte møbeldesignaren Svein Asbjørnsen bygget. I åra framover nytta han store ressursar for å setje bygget i stand att. Til dette føremålet fekk han støtte frå offentlege vernemyndigheiter. I 1996 fekk han Fortidsminneforeningen sin Godt vern-pris for arbeidet sitt. Fylkeskonservator Jens Peter Ringstad i Møre og Romsdal fylkeskommune uttalte dette om huset i 1996: "Berlihuset representerer ein tradisjon med lystgardar for velståande byborgarar, truleg eitt av få døme på slike anlegg her på Sunnmøre."

Frå 1995 vart Berlihuset teken i bruk av det nyskipa Norsk Møbelfaglig Senter. Bygget vart i åra fram til 2000 nytta til utstillingar og som samlingsstad for aktørar i møbelbransjen.

Etter at møbelsenteret flytta verksemda si til Strømmefabrikken i Aure sentrum, tok Svein Asbjørnsen lokala i bruk til si designarverksemd, saman med designarkollegaen Jarle Slyngstad. I åra 2008 til 2010 var det Marimekko-butikk i kjellaren.

I 2014 tok firmaet Berlihuset Mat og Vin i bruk delar av huset til serveringsverksemd, og dreiv dette nokre år. Dei siste åra har huset vore nytta til utstillings- og konsertføremål.

I hagen rundt Berlihuset har det blitt plassert montrar som har vore nytta til framvising av produkt med tilknyting til Sykkylven.

Kjelde:

  • Gardssoga for Sykkylven, bd. 1. Sykkylven 1972.
  • Eldar Høidal, red.: Et liv i form. Sykkylven 2000.