Berlihuset

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 15. apr. 2016 kl. 20:06 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''Berlihuset''' er ei trebygning i Sykkylven sentrum som dei siste åra har gjeve plass til ulike kultur- og næringsaktivitetar. Det var fiskeeksportøren Børre Berli i Ålesund s...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Berlihuset er ei trebygning i Sykkylven sentrum som dei siste åra har gjeve plass til ulike kultur- og næringsaktivitetar. Det var fiskeeksportøren Børre Berli i Ålesund som bygde huset i sveitsarstil som sommarbustad i 1896. Gjennom giftarmål vart Berli eigar av garden på Berlihaugen der han bygde dette huset. Berli og etterkomarane hans brukte huset mykje så lenge det var i Berli-familien sin eige. I 1932 pakta dei bort garden til Rasmus Tronstad. I 1950 vart broren Alf Tronstad brukar på garden.

Etter at borna til Børre Berli, Gunvor Berli Aarsæther og Margrete Berli døydde, stod huset tomt ei tid. I 1980-åra kjøpte møbeldesignaren Svein Asbjørnsen bygget. I åra framover nytta han store ressursar for å setje bygget i stand att. Til dette føremålet fekk han støtte frå offentlege vernemyndigheiter. I 1996 fekk han Fortidsminneforeningen sin Godt vern-pris for arbeidet sitt.

Frå 1994 vart Berlihuset teken i bruk av det nyskipa Norsk Møbelfaglig Senter. Bygget vart i åra fram til 2000 nytta til utstillingar og som samlingsstad for aktørar i møbelbransjen.

Etter at møbelsenteret flytta verksemda si til Strømmefabrikken i Aure sentrum, tok Svein Asbjørnsen lokala i bruk til si designarverksemd, saman med designarkollegaen Jarle Slyngstad.

Frå 2013 har firmaet Berlihuset mat og vin teke i bruk delar av huset til serveringsverksemd. Huset har også dei siste åra vore nytta til utstilings- og konsertføremål.

I hagen rundt Berlihuset har det blitt plassert montrar som har vore nytta til framvising av produkt som er laga i Sykkylven.

Kjelde:

  • Gardssoga for Sykkylven, bd. 1. Sykkylven 1972.