Bernhard Aadnekvam

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 7. nov. 2023 kl. 13:01 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[kategori:» til «[[Kategori:»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyre Bernhard Aadnekvam (fødd 17. april 1898 i Masfjorden, død 20. september 1986) var lærar og kyrkjesongar i Rissa. I 1964 fekk han Kongens fortenestmedalje.

Han var son av bonde Ola J. Aadnekvam og Kari f. Duesund. Bernhard Aadnekvam tok eksamen ved Volda lærarskule i 1923.

Som nyutdanna arbeidde han i åra 1923-27 som lærar ved framhaldsskulen i Rissa. I 1927 vart han konstituert i lærarstilling ved Sunde skole, Sonniskolen, og fekk fast tilsetting i 1928. Aadnekvams elev, Sigmund Larsen, har fortalt at «Den første jeg husker som hadde 'kjøretøy' var læreren. Han kom på sykkel om morgenen og syklet hjem til Føllsand, ved kirka, i matpausen.» Aadnekvam var òg kyrkjesongar i Rissa kyrkje, og i 1930 starta han barnekor i bygda. Aadnekvam avslutta yrkeskarrieren som skuleinspektør ved Åsly skole.

Aadnekvam gifte seg 1. juli 1933 med Olga Nordset (1903-90). Dei er gravlagde på kyrkjegarden i Rissa.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenker