Bernhard Rutledal

Sideversjon per 7. sep. 2017 kl. 09:17 av Siri Iversen (samtale | bidrag) (satt inn bilde)

Bernhard Rutledal (fødd 22. august 1902 i Rutledal i Gulen kommune, død 11. september 1998 i Balestrand) var lærar. Fleire av syskna arbeidde òg i skulen.

Tre bøker frå Bernhard Rutledals barneboksamling: Bok nr. 4 (lesetid 4 vikor): Oberst Hans Helgesen av O. A. Øverland (1903), bok nr 22 (lesetid tid 3 vikor): Vesle Hallvard : forteljing fyr born av Kristen Stalleland (2. utg. 1905), bok nr. 25 (lesetid 4 vikor): Billeder fra Afrika : efter Afrika-reisendes fortællinger og skildringer av Ingeborg v.d.Lippe Konow (1898).
Foto: Siri Iversen

Han var son av bonde Hans Rutledal (1865-1959) og Sygni f. Slengesol. Faren var ordførar i Gulen 1911-31. Bernhard Rutledal tok eksamen ved Hamar lærerskole i 1924 og arbeidde fyrst som vikar i Hyllestad og Gulen. I 1926 vart han tilsett ved Sudøyane skule i Gulen. I åra 1949-1969 arbeidde han ved Seljedalen skule og Flatbygdi skule i Vik kommune. Rutledal var og organist og songkorleiar i mange år. Heime i huset sitt i Balestrand hadde han eige kyrkjeorgel.

Rutledal vart gift med Anna Høyvik, dotter av treskjerar Ivar Høyvik og Eli f. Sætre.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenker