Bernhard Rutledal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lærar Bernhard Rutledal
Foto: Fotograf Jacobsen (1940-åra).

Bernhard Rutledal (fødd 22. august 1902 i Rutledal i Gulen kommune, død 11. september 1998 i Balestrand) var lærar. Fleire av syskna arbeidde òg i skulen; Konrad Rutledal var lærar nokre år før han vart bonde, Gunnhild Rutledal var lærar i Rutledal og Sygnefest og Olav Rutledal var lærar på Voss.

Han var son av ordførar og bonde Hans Kolbeinsson Rutledal (1865-1959) og Sygni Olsdotter Slengesol. Faren var ordførar i Gulen 1911-31. Bernhard Rutledal tok eksamen ved Hamar lærerskole i 1924 og arbeidde fyrst som vikar i Hyllestad og Gulen. I 1926 vart han tilsett ved Sudøyane skule i Gulen, i 1942 vart han tilsett i Skjold i Vindafjord og i 1947 tilsett i Straumen i Solund. I åra 1949-1969 arbeidde han ved Seljedalen skule og Flatbygdi skule i Vik kommune. Rutledal var og organist i Vik kyrkje og songkorleiar i mange år. Heime i huset sitt i Balestrand hadde han eige kyrkjeorgel.

Rutledal vart gift med Anna Høyvik frå Balestrand, dotter av treskjerar Ivar Høyvik frå Gulen og Eli Sætre frå Voss.

Tre bøker frå Bernhard Rutledals barneboksamling: Bok nr. 4 (lesetid 4 vikor): Oberst Hans Helgesen av O. A. Øverland (1903), bok nr 22 (lesetid tid 3 vikor): Vesle Hallvard : forteljing fyr born av Kristen Stalleland (2. utg. 1905), bok nr. 25 (lesetid 4 vikor): Billeder fra Afrika : efter Afrika-reisendes fortællinger og skildringer av Ingeborg v.d.Lippe Konow (1898).
Foto: Siri Iversen (2017).

Galleri

Kjelder og litteratur

Eksterne lenker